Merkelig dette korleis ein liksom har ei fast side i senga…
No har eg litt for mange ting inne på soverommet og senga er stor…
God plass på sida mi…
Men må nok skifte side…for når høgrearmen er ute av drift og smertene hindrar ein å strekke venstre over, så må ein ta grep
I natt klarde eg å slå vatnet utover pute og golv istedenfor inn i munnen😁
Akk ja..
Må få litt hjelp til å ommøblere litt..
Nesten som eg gruar meg for å ligge på den andre sida…
Vanedyr..alltid vore mi side
Brukar alltid ta ut datakontakter og TV om kvelden…
Skriv brukar for igår gjorde eg det ikkje
Selvfølgelig kom torever!!!
Gamla tumla seg or senga …
Berre det at eg i ørska heilt hadde glømt at armen var broten
Merka det iallefall då…
Vondare i dag men går seg nok til.
Kvardagen er starta
Håper resultatet vert bra og det gror som det skal
Uff, at du må slite hjemme med den vonde armen 🙁 Ja, bytt side hvis det hjelper litt, men enig, man er skikkelig vanedyr på sånt 🙂 God bedring <3