Gammalt kadaver

Eg ligg no her som eit gammalt kadaver
Føler meg litt som ein utsleten traver
I kveld er det overarmen som ikkje er god
Trur den gir beskjed om å ta det med ro.

I grunnen så vert eg både trist og lei
Men ikkje hjelp i å sutre
Håper det snart går riktig veg
Prøver ha humøret og gjere det som trengst
Helst vil eg berre ligge heile dagen min til sengs.

Sånn går no dagane men veret det er pent
Har klesvask i maskina men no er det for seint
Å spørre nokon pent om dei kan henge dei litt ut
For no er det heilt mørkt og ein trenge lommelykt.

Har festa på meg fatle
Trur jammen at det trengst
Visst ikkje eg no skal ligge fleire dager sånn til sengs

Litt nyheiter så farmen og kanskje litt meir krim
Så eg får andre tankar både i hovud og i sinn
Skjønt nyheitene kan irritere og sjokkere meir enn godt av her eg ligg
Og krangling på Farmen er heller ikkje digg…

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg