Vi rydder og koser oss

I dag skal eg sei vi har nydeleg ver
Men det ruskar godt i busker og trer
Sola ho skin og vinden han bles
Men held vi ting fast går det utan pes

Må sjekke litt om ting er på plass
I tillegg får vi rydda og laga litt plass
Er rart med alt vi samlar på
Stuar ting vekk langt bort i ei krå

Litt kjekt å rydde når ein gjer det ilag
Gamle ting skaper minner og mangt kjem for ein dag
Ein samler på mykje ein aldri får brukt
Det meste er gammalt men noko er nytt

Og mange har lagra
litt her og litt der
Er ikkje mitt aldri hatt dette her
Gamle bøker frå skulen og ein sko frå 69
Kor den andre tok vegen …blei att på den tid

No har besta og frøkna tatt seg 50 minutt
TV og lørdag  til snopet tek slutt
For besta har krukke med karameller i
Et nok så mange at tennene får svi

Men litt kos må vi ha før vi går litt meir ut
Kan ikkje berre vere stress og sut
Heldig  som er bestemor .Det beste som er
Kjenner hjarte bankar heilt i fingre og tær

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg