Sjølvdigging er kos😂

Hatt ein kosemegdag idag.
Larris var jo med sjølvsagt.
Han fekk litt bensin på første bensinstasjon…
Vært billigste utover dagen,men kven kunne vite det.
Sist mandag vart prisane skrudde opp tidleg..
Jaja..ikkje den store utgifta

Starta med frukost på Olefine.
Sat der og kosa meg i eige selskap.
Egotripp😄

Var på handel må vite…
Tok litt av.
Når då brillene ikkje er på og prisen på buksene var ei hemmelighet til eg skulle betale,så kjende eg at eg vart litt betenkt….

Tok ein liten samtale med meg sjølv og kom fram til at eg fortjente kvar ei krone…og vel så det😎
Du er jo berre fantastisk…så eg til meg sjølv..
Ikkje bygda å lite på😃

Men…middag tok eg på Coop.
Litt fornuftig er eg innimellom.

Om det å bore hos tannlegen kjem innunder kos …tvilsomt
Men hyggeleg er ho og med bedøvelse går det meste

Stor vassføring i elva iallefall…

Har hatt stripa mi på utsikten

Vakkert men reine vinterfølelse i solskinnet.
Kaldt…så må nok finne fram lue og votter.

Men….mat må ein ha.
Skal eg kose meg så skal eg det

Godt mett her eg sit under teppet.
Jammen har eg det godt😍
Til og med fått roser av meg sjølv.

Så no er eg ein god del fattigare
Men går seg no til….
Er lov å slå på stortromma av og til🙄.

Sjølvdigging er tingen😉

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg