Det rusker og går

God morgon frå sofakroken.
Gamla er ikkje i form ..
Vart vekt av ei koseleg dame frå jobb som lurte på kva det gjekk i…
Kjekt det…Men då forflytta eg meg inn i sofakroken.
Fyrt i ovnen.
Varmepumpa den jobber den.men eg treng mykje varme idag ,kjenner eg.
Hovudet kjennes tett og tungt og resten er ikkje bra det heller.

Ute har skyene samla seg og vinden har tatt tak.
Slutt på fineveret no.
Tilbake til godt gammaldags vestlandsver

.

Var godt med ferske skiver frå Naustdal dampbakeri.
Glad i brøda derifrå.
Så passa på å kjøpe med meg heim.

Åt litt mykje kjenner eg.
Litt sånn stakkars meg trøsteeting.
Jaja…
Kanskje eg berre har godt av eit par dager på sofaen😁

Verdensfreden er i fare og konfliktene nærmar seg.
Skremmande.
Endå fleire sedligheeitssaker dukker opp i media.
Verden er vorten tøffare og eg kjenner det skremmer meg.
Idag er endeleg ein ende på dette sjakkdramaet.
Eg er ikkje så glad i det skal eg vere ærleg.

Skal eg gå i pysjen eller ei….
God onsdag frå gamla på sofaen😍

4 kommentarer

Siste innlegg