29.10.2012

No lurer eg på

Vert det skitnare i huset når bestemor passer ungane enn når foreldra gjer det?Desse reklamane gjer meg forvirra:-)))

Reklame kan jo sjåast på mange måter og vi tolkar som vi vil og etter humøret:-)

Sett for mykje tv i dag sikkert.Reklamepauser blir normalt brukt til alt anna enn å sjå på dei,sjølv om enkelte er morsomme..

 

Ellers så har eg ikkje kvite handukar så slepp det problemet.Den reklanen er tørr…

 

B eller c menneske

Eg er nok eit b eller c menneske vorten.

Var ikkje det då eg var liten .Då var eg tidleg til sengs og nesten altid den første som sto opp.

Kor tid dette endra seg er eg meir usikker på ,men eg trur det kom med alderen.

No er det liksom eit slit å stå opp,men jammen er det same slitet å legge seg og.

Veit igrunnen ikkje kvifor,for skal eg vere ærlig så likar eg morgontimane bedre enn kveldane.Iallefall om vinteren.

I dag kan eg no skulde på at eg kan dra ut tida sidan eg får ein ekstra time i morra.Ikkje verst berre det:-)

 

27.10.2012

Vi har hatt ein nydelig haust,men flotte farger

Ikkje for det.Godver har vi ikkje hatt så mykje av,men sidan det har vore lite med vind har lauva på treea fått stått i fred.

Ei veke med nydelig ver i oktober gjorde liksom susen.Humøret steig betrakteleg

No er det plutseleg vinter:)Ikkje så glad i snø.I motsetning til mange andre er eg ikkje typen som er født med ski på beina.

Har prøvd,men dei gjekk feil veg og det i susande fart..så den står eg over..I min alder skal ein og passe seg for lærbeinsbrot og andre komplikasjonar:-))

 

Vinteren gjer sitt inntok

hausten må sleppe tak

No er det tid for snømåking lesing og innekos,Hadde det ikkje vore for at ein måtte køyre på glatte og sørpete vegar og måke snø ,så hadde det ikkje vore så verst:-))