Førjulskos

Ingenting er som å sitte å nyte stillheita og roa ein fin søndag i advendt.

Ute er det komme litt snø

Inne er det varmt og godt

I år har eg til å med gjordt noko eg ikkje plar gjere.Pynta med litt nissar og lys tidleg i desember

Julegavene trur eg at eg har sånn nokonlunde kontroll på.

Mangler nokre men er no ei stund til jul endå

baka kakemenn med barnebar og riflekjeksa er i boks

Boks og boks.Har klart å få i meg halvparten,så no bør eg pause det litt.

Kjeksa er igrunnen best før jul.

Hadde igrunnen tenkt å bruke dagen idag til å bake litt,men vart med tanken

Men no skal eg bruke resten av kvelden til rett og slett å berre kose meg

søndagskos

I dag har eg kun gjordt ein einaste ting

Slappa av. uten fingrar i sving

Det føles igrunnen skikkeleg godt

å nyte litt fred og ein kaffikopp.

 

No sit eg her i mitt lune hi

Lysa er kveikte og dagen på gli

Korslaget syng og maten på kok.

Gjenstår å finne ei spennande bok

 

Ein ting har eg visst alikavel gjordt

Skufla vekk snø, borti ein krok

Gjorde igrunnen skikkeleg godt

å få bevega min etterkvart aldrande kropp-

 

Ha ein fortsatt fin 2.søndag i advendt