Dagen idag

I dag har eg baka og det er noko eg slett ikkje kan.Vart iallefall godt stekt

Skal ikkje delta i ein konkuranse så det får no vere som det er

Aldri heilt skjønnt kvifor eg ikkje får det til.Er igrunnen ikkje viljen det står på men mulig hjartelaget.

Men har no fått laga meg riflekjeks og nokre muffins.

Dei siste vart ein smule tørre virker det som.Har ikkje smakt.

Fuglane kan no få dei om ingen vil ha dei.ikkje så farleg:-)

I morgon tenkte eg å lage kromkaker.Brukar no å smake godt,men det er som regel det beste ein kan sei om dei:-)

 

Ute er omtrent all snøen vekke og den var det rikeleg av.Kanskje eg då bør ta meg ein tur å kjøpe julegaver før frosten sler til att.

Sikkert lurt iallefall.Og skal eg få kjøpt dei julegavene til jul bør eg antageleg ta det no eg har ferie..

Eg er rett og slett makeleg anlag,t for ikkje sei lat.

Kan jo skulde på at ryggen ikkje er i storslag for tida,men igrunnen så er det berre å snakke det vekk.

Har ein lei tendens til å utsette det meste til i morra.Er steike god å jobbe under tidspress men før den tid så loffar det å går.

Kanskje målet bør vere å verte meir strukturert på mine gamle dager.

lage meg sjølv ein dagsplan og så følge den:-)Hadde sikkert vorte litt av ei utfordring om ikkje anna.

Tek dagen som den kjem eg.Ofte så betyr det å slappe av uten om på jobb.

I dag har det vorte mykje Nelson Mandela og fredsprisen.og lite det eg hadde tenkt.

Men det kjem no ein dag i morra:-)No er det handball og så Farmen

 

 

 

 

 

 

 

sånn er det med det

No har vi hatt mengder med snø.vind og snøfok i mange dager.Plutseleg kom regn og pluss 10 grader.

Fortsatt kvitt ute,for det var mykje å ta av

Har ferie og er forkjøla,så lite eg får gjordt

Funne fram nissane mine idag,kveikt lys og nyt stillheita

Blir sikkert bedre i morgon,

Kjekt å vite for eit c menneske som meg at i morra kan eg sove lenge og ta dagen som den kjem

berre nyte roa og samle krefter,

Sliten kjenner eg.Tek på å ha smerter ingen ser,,,Går som regel greit men til tider plagsomt.

Då er det greit å kunne vere heime og slappe av uten å må ta på seg smilet og late som alt er ok:-)

Ikkje det.Godt humør hjelper på det meste.Ein får ta det som det er..men gjer godt å av å til kunne pleie egoet og ta verda med ro

Førjulstid

Jula nærmer seg visst ganske fort

Eg tenkjer på alt eg ikkje har fått gjordt

 

Vaske gjer eg lite av

Det gjer eg om våren når eg ser ka eg har

 

Men julepresangar burde eg nok kjøpt

og kanskje baka og ikkje kjøpt

 

Skal jobbe i jula men må no ha mat

om ikkje nødvendigvis på alle fat

 

Men her har det igrunnen dreia seg om snø

sjølv om det gjer at eg vert temmeleg rød

 

Men trim gjer godt for ein aldrande kropp

men no regnar det så då er det stopp

 

Så kom forkjølelsen så no sit eg her

Og støtter dei som ingenting gjer

 

Ferie har eg i julestria

den er utsatt den tek eg sida

 

Det gode med jula den kjem uansett

så igrunnen er det berre dumt med stress

 

No skal eg nyte å vere sjuk

Kanskje eg skal leite fram ein juleduk

 

 

 

 

Førjulstid

Har brukt heile forrege veke til snømåking

Har lava ned i store mengder

I det minste så er det jo god trim,men det tek tid,så lite anna eg har fått gjordt skal eg vere ærlig

Utenom å gå på arbeid då.

No har eg ferie..Men vakna opp stappa forkjøla

Var liksom no eg skulle ordne litt og bake til jul.Ute regner det så slepp forhåpentlegvis måke snø

Treng jo ikkje fram med bilen,og håper at det regner slik at all snøen eg ikkje har fått måka regner vekk før det vert is:-)

Jula kjem jo uansett den..Får stappe i meg eit par paracet og håpe at det i det minste dempar hovudverken,Går jo over:-)

 

Får fyre godt i ovnen og pleie meg sjølv.Treng det og frå tid til anna.

Trøsta er at eg er aleine så går ikkje ut over andre,og når eg har ferie går det heller ikkje utover jobben.