Frisk luft er gjer godt

Vind for tida og det ikkje så lite heller.Men det er bart på vegane,så skal ikkje klage

Har starta å gå tur.Nytter ikkje lenger å sitte i ro i sofakroken og gremmast over manglande kondis og kilo som legg seg der dei ikkje burde.

Så no har eg altså forsøkt å skjerpe meg.Gått tur og det fleire dagar på rad.Pakka på meg som eg skulle på nordpolferd,for vinden går jo gjennom marg og bein.

men godt gjer det og søv bedre gjer eg og.No er det berre å prøve å fortsette å halde viljen i sjakk.ikkje alltid den er på topp for å sei det slik

 

Vore til frisøren har eg og.På høg tid for var litt for mykje grått for å sei det pent.Ikkje særleg pent med fleire cm.ettervekst i halvlangt hår.

Kom seg.Om ikkje dama vart penare så vart no i det minste håret litt meir ryddig:-)

Belønna meg med å lage lasange til middag.Mykje godt frå Toro.Kva skulle eg ha gjordt uten.Inga kokke.Men smakte godt,så eg er vel fornøgd:-)

 

Har lasta ned appen til tv2 sport.Blid dame som fortel meg kor langt eg går og det med kilometer i timen.Held meg på vel 5.Ikkje alltid eg ser kva eg trykker på,så får antageleg lære meg å ta med briller.

Gjekk lang tur igår.Kor dei km vart av veit eg ikkje for vart iallefall ikkje lagra.Har antageleg trykt på feil knapp etter målgang:-)men veit no at eg har gått og dama var oppmuntrande.Raskaste km til no seier ho,når eg skrur opp tempoet.Ikkje så ofte ho seier det igrunnen for eg har det med å gå raskast i starten:-)Men er no alltid koseleg å ha selskap på turen:-))

Hjelper dei som ingenting gjere:-)

Lørdag og eg gjer som vanleg ikkje ein skit.

Hatt meg ein lang avslapping i badekaret og det gjorde godt.

vurderte å ta ein tur ut,men bles slik at det frestar igrunnen ikkje.

Så eg sit no her og gjer ingenting.

Fyrt i ovnen om ikkje anna.Håper på besøk av gullungane mine idag.Får fart i ein gammal skrott:-)

Vinterdepresjoner er det noko som heiter og trur eg er ramma av det.Har liksom ikkje lyst til nokon verdens ting.

Men det går no mot lysare tider og får håpe og mot tiltakslyst..kan no leve i håpet om ikkje anna

Beundrer dei som har energi til trim,jobb ,familie og venner og ser ut som dei endå har tid og overskudd til mykje meir.

Veit jo at ein får meir energi av frisk luft,men er nok viljen min det skorter på.

Ikkje så glad i kulde.Og vinden gjer det temmeleg kaldt etter mi meining.

Men får vel om ikkje anna henge opp litt klær,sette på ei vaskemaskin og ta utav oppvaskmaskina.Det burde eg jo klare:-)

Latskapen lenge leve

Langfri og avslapping

Det er torsdagskveld og eg kjenner at gleden over å ha fri i tre dager tek overhand:-)

Kjøpte meg roser idag for å belønne meg sjølv.Vel fortjent,tenkte eg.

Ovnen brenn og lyser så flott der den står.Sjølv har eg rulla meg godt opp i sofaen i godteppet mitt.

Funne fram nettbrettet og wordfeuden,kryssord,hekletøy og kaffikoppen.Litt lesestoff har eg og i nærheita.

Ute uler vinden om hjørnet og det kjennest bitande kaldt visst ein prøver stikke nasa utafor døra,så eg kjenner at jammen har eg det flott her oppi sofakroken

Godt å finne roen.Så får eg sjå om eg eventuelt skal gjere litt i morra.Burde nok tatt litt i huset,men det vert iallefall ikkje i kveld.

Nydeleg dag,men kor er eg?.Inne.

Fantastisk flott ute.kvitt ,nydeleg solskinn.Men eg frys.

Burde nok ha vore ute og nytt veret før arbeid,men eg orkar rett og slett ikkje.kroppen heng ikkje heilt med,og trur viljen heng litt etter den og visst eg skal vere ærlig.

Så no sit eg her og hjelper dei som ingenting gjere mens eg venter på våren

Imens lager eg meg mat.Det vert det litt for mykje av.Ser på alle trenings og kostprogramma på tv,og tenkjer at No .No må eg ta meg sammen,men vert ikkje i dag.

Skal eg vere ærlig så er eg glad i litt meir milde temperaturer.Ikkje det at eg trur kroppen min vert så mykje mjukare og at eg verker mindre med å ta det med ro,men trur ikkje minusgrader gjer meg så godt heller.Er nok kommen inn i ein negativ trend,og den einaste som kan snu litt opp ned på livet mitt og endre tankemønsteret er jo meg sjølv:-)

Bruke vijen min som eg veit er der berre eg tek den fram.Slik som det no er har eg mest lyst å krype i hi og verte der ei stund.Krype utatt i mars eingang.

Er nok bjørn eg skulle ha vore antageleg.

hadde muligens vorte noko kjedeleg og einsformig det og når eg tenkjer etter.

Vert ikkje gjordt stort eller bevega seg mykje når eg er i den bobla.

Går mot lysare tider og forhåpentlegvis varmare.Gleder meg .Og er jo flott med snø og sol,iallefall når eg ser ut..:-)

Er no snart tid for jobb.

Kjekt å ha ein jobb å gå til,iallefall når det er ein jobb eg trivast med.Tungt til tider,men og kjekt.

Få le litt,Utfordre meg litt og treffe folk ikkje minst.Litt sosial trening har eg berre godt av.Lite sosial utenom arbeid merkar eg.Mindre og mindre igrunnen.

Greit å trivast i eige selskap og,Har jo Rolf:-)Ingenting kan irritere meg meir enn han.Katt med personligheit.Like sær som matmora

søndag

Vips så er søndagen nesten til ende-

Sport på tv.Skiskyting og jaktstart er kos.Det har eg fått med meg,men i sol og nydeleg vinterver så var det med ein smule dårleg samvittigheit.

Sofasport er greit nok,men gir ikkje så mykje frisk luft..så då Emil hadde vunne tenkte eg det var best å få på seg vinterhabitten og rusle meg ein tur

Ikkje så glatt i dag som igår .Hadde snøa litt inatt og ser eg skyene an så kjem det snart til å lave ned.

Har for sikker heit skuld parkert bilen litt nærmare hovudvegen.Måke snø er nok ein god treningsøvelse,men kjem det mengder så er det ein fordel å ikkje ha meir å måke enn at eg klarer å få klar bane før eg må på jobb.Best å vere på den sikre sida,for har brent meg på det før.

Avslutta min fine søndagstur med kaffi hos naboen..Litt godt å sjå folk innimellom.

No tenkte eg det var tid for middag.Laks for anledningen.Aldri vore nokon kokk,så eg har berre kasta den oppi litt vatn.Mat er mat.Og mett vert eg sikkert.

Fått god fyr i ovnen,kveit litt lys hist og pist.trekt meg kaffi og funne fram hekletøyet.No skal resten av kvelden tilbringast i sofaen.

 

Nydelig vinterdag

Vakna opp til snø og kulde.Lenge  sidan sist igrunnen sidan det i desember har vore mildver,storm og regn.

Er ikkje så glad i vinteren,sidan det inneber glatte isete vegar,og det var det idag
Igrunnen skikkeleg broddeføre,men det har ikkje eg,så eg sklei meg ein tur for  å nyte frisk luft og få litt trim:-)

På høg tid,for har ikkje bevega meg mange cm.dei siste mnd.merkar det på kroppen.Tung i sessen og breiare over baken.

Kjende det gjorde godt for både kropp og sjel men litt slitsomt å for det meste dra føtene etter vegen.

Ingen strøbil i sikte,og det var langt på dag,men får håpe dei no har vore ute.

Glad eg ikkje måtte køyre på jobb men har frihelg:-)

Ellers har eg ikkje gjordt stort.Sov alt for lenge,men gjorde godt.Er fordelen med å ha fri.kan gjere nett det ein vil eller ikkje gjere noko i det heile.

Rett og slett kose seg.,

Flott å kunne nyte stillheita og roa,sjølv om det til tider kan verte nok av det og.

l

Flott dag 🙂

Helg

Endeleg helg.

Sliten om eg skal sei det som det er.

Mulig det er all regnet og vinden vi har hatt i det siste.Gjer meg ikkje den store lysta til å gå ut

Men no er vinteren starta å gjere sitt inntog.Iallefall så er det vorte kaldare ute og meldt snø.

Ikkje så rart kanskje sidan vi er kommen til 10.januar:-)

Litt verforandring gjer seg.ikkje det at eg er glad i is og glatte vegar.For min del såg eg gjerne at vi hoppa over heile vinteren.

Men er vel på tide at eg bevegar meg ut or godstolen,for no er det begynnt å minke på bukser som passer:-)