Treng ein liten med horn som kviskrer meg i øyret:-)

Våkna idag til det vante grå vestlandsveret.

Seint oppe.Kroppen henta inn manglande søvn etter nattevakter,og var igrunnen ganske så godt

Kaffien smakte og kjende at i dag så har eg ikkje det minste lyst å klatre over dørstokken..

Men etter å ha kosa meg inne heile dagen var det som ei lita stemme kviskra meg i øyret-

Var det ikkje du som skulle gå minst ein tur for dagen og halde deg litt meir i form?Kor lat går det an å bli?

Veldig lat spør du meg.

Men samvittigheita vann til slutt.Fram med regnklær og gorotex og ut på tur:-)

Har ikkje noko mål med å gå lange og tunge turar men litt frisk luft gjer godt og desse små toppane her ute er nett passelege til meg

Er veldig vått og slept for tida så må vere litt forsiktig:-)

Så idag vart det Bygdeheia


Veks bregner og gras litt inn i stien så ein vert våt

Fordelen med at noko av stien går  i skogen er at verner mot regnet:-)

Har regna mykje og det er vatn overalt

Godt merka sti heldigvis


Oppe og no er det berre å gå innover til varden


vått

Nydelig utsikt


Oppe:-)

Har regnbukse så tåler litt vatn
V
Flott varde

Benk til å kvile på etter stigninga


Nydelig utsikt

Vått og glatt

Var ein kjempeflott tur.MagiskSola kom då eg kom på toppen :-)Var 

rett og slett ein flott tur som vart toppa av nydeleg regnboge heim:-)

Er i grunnen merkeleg kor vanskeleg det er å komme seg ut på tur når eg igrunnen veit kor fantastisk eg føler meg under og etter turen

#trim #natur #naturbilder#tur #ut

Dag til ettertanke

I dag har eg følt meg trist.

Dagen har fått meg til å tenkje over kor fort livet kan endre seg .

Er vel ofte slik at når det skjer ulykker eller andre forhold som gjer at personar vi kjenner misser livet så kjem ting nærmare inn på ein.

Ein ser kor sårbart livet er frå eit augenblink til det neste.

Som ved å slå av ein brytar har livet endra seg.Ein vert liksom så hjelpelaus.

Men er slik livet er.Uforutsigbart på mange måtar.

 

Når eg er trist eller lei brukar eg å ta ein tur ut i naturen og føle på den roa som er der.

Regn som piskar i ansiktet gjer godt.Så også idag

Godt å kvile auga på den flotte naturen

#natur #følelser #personleg


Alden eller den norske hest 

vakkert lys i kveld

Varden på Einingsfjellet

Viktig at vi tek vare på kvarandre i kvardagen.Hukser å fortelje kvarandre at vi er verdfulle

Ikkje utsett til i morra det du kan gjere i dag

#naturbilder 

 

 

 

 

 

flata ut

Fredagskveld og frihelg

 

 

​Planen var igrunnen å ta meg ein tur ihelga,men veret ute frister ikkje til gatevandring og fjellturer i byfjella.

 

​S​å istaden er det godstolen,tv og hekletøyet 

 

 

 

Ut på tur og aldri sur

No har eg hatt nokre late dagar der eg ikkje har bevega meg stort

Vel har eg hatt nattevakter men det er ingen god unnskyldning:-)

Då er det faktisk godt å ha venner som avtalar tur uansett ver

I dag var ein slik dag:-)

Vart henta og så var det tid for Einingsfjellet:-)

#Var kos sjølv om regnet plaska ned og lite var tørt på kroppen#
Litt oppi bakkane traff vi på ein gjeng som åt lunsj

Vi fekk tilbud om smaksprøve,men sidan vi begge nett hadde inntatt frukost måtte vi takke nei.

Men kjempeflott tilbud som heller er sjelden på den strekninga:-)

Vått var det og regna gjorde det

Vi tok dusjen undervegs og rakk akkuratt å skrive oss inn i mantalet før neste byge kom

Alden i det fjerne

Eg sovna nesten ståande.Hadde jo sove litt lite etter nattevakta:-))

Var varierte løyper
Skliføre
r
Ikkje så mykje som var tørt kan ein sei.:-)

Fantastisk tur.

Fekk meg i godt humør og smiler endå

Takk Hanne.You made my day:-)#tur #venner #humor

Dørstokkmila er kjempehøg fortida

Regna mykje og Bekken veks:-)
Flott å nyte naturen

Har regna mykje og bekken veks

Flott ute på Utsiktspunktet der erin ser ut mot Solund

Får slik ro i sjel og kropp mev å vandre rundt å høyre på lydane i naturen og berre la tankane flyte.

Trur nok ikkje kondisen min vert bedre ei heller at eg klarer å halde vekta i sjakk med den,men gjer godt

Så får eg heller vurdere om eg skal overtale meg sjølv til ein fjelltur i morra:-))

 

Det ringer på døra

Vakna idag av at regnet plaska ned

Hadde igrunnen bestemmt meg for at idag skulle eg prøve å komme meg ut,men dørstokkmila var for høg

Laga meg ein god frukost.Kravla opp i godstolen og fann fram ei god bok

Vart svolten etter ei stund så laga meg ein durabeleg middag.Valt meg opp på sofaen og sovna

 

Men kor lenge var Adam i paradis.

Vakna med eit brak av dørklokka .Ikkje så ofte den ringer hos meg så spratt opp.Kikka forsiktig ut glaset men ingen bil…

Tumla ut i gangen og åpna døra. Såg ingen med det same men plutselig dukka det opp ein kar frå eine sida som på klingande sunnmørsdialekt

sa “Eg har fisk og poteter te salgs om du vil ha.”..Det ville eg altså slett ikkje idag…

Eg var klar til å lukke att døra då kom det frå karen

“Eg ser du har ein gammal Volvo v40. Eg har vraka mange slike og lurte på om du treng deler…”

Mulig eg ser ut som ein bilmekanikar men eg er det ikkje.

Ingen som har trefft meg med det same eg vaknar kan beskulde meg for å vere blid,og kropsspråket mitt sa sikkert sitt då eg fekk fortalt han at eg ikkje hadde det minste peiling på bilar og derfor heller ikkje ante om eg trengde delar

Karen skjønnte hintet og eg høyrde han mulla då han runda hjørnet

 

Einaste som får meg til å roe meg ned etter slike hendelser er ein tur i frisk luft.

Noko godt kom det ut av besøket for gamla fann fram vestlandsbunaden og tutla seg over grensa til nabokommunen for å sjå om veret var bedre der:-)


Føler meg litt utrygg når eg sit på denne benken

Alle har vi vel av å til følelsen av at vi har nådd 0 punktet.Eg har funne mitt som eg går forbi ofte:-)

Var ikkje bedre i Fjaler heller

Så eg gjekk heim:-)

Takk til møringen som skremde meg ut.Men han treng ikkje ringe på døra oftare.
 

Lat dag

I dag har eg ikkje gått mange cm.

Har vore på jobb vel å merke men det er det

Ikkje bra.Matlysta er god og treng litt trim,men sov lenge og då var jo det nesten jobbttid

latskapen lenge leve.

Får prøve å ta meg saman imorra:-)

Uff.

Skal ikkje vere enkelt:-)

Sommer,ferie og nye topper

Etter at eg slutta å røyke for snart eit år sida har vekta auka og formen minka 

Har i dei siste månadane prøvd å komme i form ved å gå tur.

Starta med å gå tur etter vegen men vert no kjedeleg det og i lengda,og får ikkje så mykje bedre kondis av det heller sånn sett.

Har tre fjell eller toppar i nærheita og det er dei eg som regel prøver å komme meg opp på.

Satsa på iallefall to turar i veka men er no alt etter kva alteregoet har for innvendingar:-)

Einingsfjellet,Bygdeheia og Vardeheia er korte turar som ikkje krev så mykje tid.

Kanskje er dei vel korte for kjenner eg slit med lengre turar.Ikkje det at eg spring på desse heller.Går seiiiiiiiint,men kjem no opp

Men i ferien var eg så heldig av veslesysta tok meg med på toppar eg ikkje hadde vore på før.

Først ut var Hesjetinden frå Øvrås .Alle tre søstrene på tur var kos

 


Flott med vatn:-)


Pust i bakken for å nyte utsikta må til:-)Nr 2 0g 3 i søskenflokken


Veslesysta

Og gamla

Kven er det som tramper på mi bru,sa trollet

Og der var turen nesten over og vi går vidare til neste tur

 

Robba med veslesysta


For trente fjellgeiter og andre er nok dette ein grei tur,men eg syns det var tungt


Jada.eg kjeme….….

Nydeleg utsikt.Pust og pes:-)


endeleg…..


Flott på toppen

og det var kaldt i vinden:-)Så på med jakker


utruleg fin utsikt

eg er utsleten som de ser


veslesysta


Artig med veg av fjell:-)

Ein flott tur ,Takk til systa som drog meg med.Langt og tungt for meg men eg kom både opp og ned og var flott  sjølv om eg var sliten og pusta som ein kval.Ikkje fordi eg gjekk så fort men fordi kondisen og beinstyrken ikkje heilt står i forhald til viljen:-)

Kjekt å gå på ukjend mark men hadde aldri gått aleine.

Veit ikkje heilt om eg har fått så mykje bedre kondis ei heller gått ned i vekt.Men gjer godt.

Neste steg må vere å få bukt med matinntaket:-)
 

 

 

Ein vanleg dag

Fri og kom meg opp ganske tidleg.(ikkje normalt)

Etter tur på butikken og snartur innom naboen studerte eg himmelen litt

Tok ein diskusjon med mitt alterego og fann ut at kanskje eg burde gå ein tur med det same før regnet kom?


Yndlingsutsikta mi finn ein på Einingsfjellet.Ser fjellet som vart kåra til turfjellet av Firda,men har ikkje båt så for meg er Alden fin å sjå på:-)

Klok av skade etter gårsdagens flotte ver og ,kortbukse og xantall kleggstikk ,stillte eg med lang bukse idag

Men trur du eg fekk gå i fred?Niks!Stakk igjennom.Så einaste eg oppnådde var at eg vart litt for heit og fekk litt fleire stikk

Vurderte om eg skulle ta Bygdeheia på heimturen men alteregoet mitt gadd ikkje. Der må eg takke for. Rakk akkuratt heim før slusene åpna seg..

Men frisk luft gir for god matlyst og er viktig å hive innpå dei kaloria ein har forbrent:-) Så eg heiv innpå.

Hadde meg ein tur ut i regnveret i  vestlandsbunaden.Bosset må til vegen.Stakk oppom naboen .Fekk mat der og..Ikkje veit eg kva som hende for plutseleg vart eg potte tett.Augene og nasa rann og vart slakk i ånden.Så no har eg hivd innpå ein allergitablett i tilfelle rottefel log,funne rikelig papir,

Syns synd i meg sjølv og håper det kun er litt allergi og ikkje forkjølelse .Då går det for over:-)Til dess får eg krølle meg inn i teppet og ta verden med ro
 

Flott tur på Hesjetinden

Søndag.Som vanleg når eg jobber nydeleg ver.

Fekk melding om tur frå Varlida til Vardeheia.Er retningsvill eller totalt retningsvill er vel rett å sei,så den turen har vore etterlenkta på umerka mark.men men den føregjekk i arbeidstida så bedre lykke neste gang

Vel heime frå jobb ringde Anita.

HESJETINDEN frå Akse.????

Gamla frkk på seg fjellskoa og avstad bar det.Litt køyretid men pytt ytt

Merka litt dårleg form, men opp kom eg med god drahjelp


Tusen takk:-)

Var veldig kjekt å verte dradd med på ein spontan tur:-)Kanskje det er det eg må verte flinkare til.Gripe dagen og ta ting meir på sparket,for ein veit aldri kva som ventar bak neste sving .Gjordt er gjordt.

Bakdelen med slike fjellturar er at matlysta den tek av.

Så trimturen for å halde kiloa i sjakk vart nedbroten av dårleg sjølvkontroll og steike god matlyst.

Men men.Både turen og maten var super:-)Så no er det Lewis på tv