Gafler innpå:-)

Ikkje bra for vekta desse sjukedagane.

Ofte lurt å kor dårleg eg må vere for ikkje å ha matlyst

Før røykeslutten så var det røyken som var tingen…

Skulle jammen vere dårleg før lysta å den var vekke,men matlyst var det lite med.

Men no derimot.!!Kan vere så tjukk i halsen at det å svelge er ei stor plage.men et gjer eg!!

Tvinger det ned…Ikkje klokt!

Mangel på sjølvdisiplin

Var vel igrunnen slikt som dette eg burde ete,men det rekk liksom ikkje

Nei her er det steiking av kotelett og innstapping av sjokolade og nøtter til det tyt ut øyrene

Ete kan ein jo gjere halvvegs liggande

Kanskje eg burde prøvd hypnose mot matorgier:-)

Rart dette med viljestyrke….

Fått meg ny bok i posten.Krim sjølvsagt.Er det eg er mest glad i

Funne den fram og snart klar til oppstart.Håper den er god.Har fått gode omtalar,men det syns eg no igrunnen dei fleste bøker i bokklubben har .Ikkje alltid dei fell i min smak fordiom.Vi er jo forskjellige:-)

Strikka litt meir på teppet mitt mens eg sit her.Kun rett så slepp både briller og tankegang:-)Men dei er varme og gode desse teppa

Kjekt å ha noko å gjere på men er liksom alt for enkelt å sitte å småete ved sida av:-)

Nei, håper at helsa kjem seg at så eg får litt frisk luft,for dette er ikkje bra for kropp eller sjel.Er avhengig av ein luftetur for dagen om den ikkje er så lang

Går gladeleg med regnklær:-))

Noko skal ein jo gremje seg over.Men antar at kroppen min har funne ut et eg treng eitpar dagar i fred og ro:-)

Så får starte på krimromanen så eg får vridd tankane inn på anna enn mat:-)

#humor#krimbøker#hobby

Stakkars meg:-)

I dag er det ein slik stakkars meg dag

Er slike dagar for alle ein gang imellom

Forkjøla,slakk og har ilt alle mulige

plassar.

Ryggen verker og er liksom berre elendigheit:-)

Er jo heilt ufarleg og går over så kva er det eg sture etter..

Men er irriterande  og ikkje vere i form

 

Ute er det eit helsikens ver igrunnen

Men mildt.

Stormar rundt husnova og regnet kjem ikkje berre ovenfrå, men sidelengs:-)

 

Merkelege greier

Når eg er sjuk og ikkje orkar anna enn å dorme i sofaen eller i godstolen, er det ikkje måte på kva eg skulle ha gjordt

Men så snart eg er frisk så er arbeidslysta fordufta:-)

Trur eg er skrudd litt feil ihop..

Eller er vel igrunnen det eg er.Men sånn er eg no så då får eg leve med det

Tvilsomt om det endrer seg i min alder:-)

Høst

Høsten er her om vi vil eller ikkje

Kjenner det på lufta og ser det på naturen

Fekk tidleg høst i år igrunnen, så er vel kanskje eit dårleg tengn visst det betyr at vi og får tidleg vinter.

Vinter og holkeføre er ikkje mi greie

Men høsten likar eg.

Idag er det regn igjenn.Men fekk utnytta gårsdagens godver med utetid,så då får det heller vere regn idag

Er slik her i vest at er det ein fin dag så er det å komme seg ut,for ein aner ikkje når neste godver kjem:-)

Eg er ikkje så storforlangande men denne sommaren som vi har hatt iår den har vore vel våt sjølv for meg:-)

Men vi kan ikkje gråte over spilt mjølk så er berre å sjå framover:-)

No håper eg på ein fin september:-)

 

 

Tannlegeskrekk:-)

I dag har eg vore hos tannlegen min

Det gjer alltid litt vondt i kropp ogt sinn

for aldri vore glad i den stolen der

Nesten bedre å ha vondt i nokre tær

 

Men er jo flott på tannlegekontoret

Er tre tannlegar som der styrer roret

Og det gjekk jo bra eg er like heil

Må jo reparere på mine feil:-)

 

Vel heime kjende eg eit stort behov

for å gå av meg alle tankane som mol

Så eg labba meg opp på topen min

Den er jo alltid like fin

 

Men får matlyst av den friske lufta

og et meir enn det er godt for hofta

Så no sit eg her og lurer på 

om eg kanskje nok ein tur skal gå

 

 

sol og god søndag til alle:-)

Nydeleg ver idag:-)

Litt greit at vår herre endeleg fann den der stoppekrana.:-)

Søndag er flott sjølv om eg skal på jobb.Sove lenge,slappa av og har rusla meg ein tur ut til utsikten for å sjekke tilstandane

Var ei veldig fløyting av båten då eg kom nesten ut idag.Mulig den advarte mot at no kom kjeftsmella og alle måtte gjøyme seg:-)

Kjenner at det å gå etter vegen ikkje er det store for ryggen,men fekk no frisk luft

Tomatsuppe med egg er ein utmerka søndagsmiddag

Fort gjordt og godt er det.Toro må vite.Ingen flink kokk:-)Men syns den er god og det hadde nok ikkje vore om eg skulle laga frå grunnen:-)

Kjenner at lufta er skarpare ute.Det er høst:-)

 

Uverskråka

Av og til så hadde det vore bedre å berre lagt seg i senga og dratt dyna over hovudet

I dag var eg igrunnen sliten

Har jo hatt som mål å komme meg ut ein gang for dagen,men idag tok det si tid med alle rollene mine

Kom trøtt og sliten inn døra , og ærleg talt .Det frista null å gå ut

Vårherre hadde åpna alle kranane og sett dei på fullt.Trur igrunnen det må vere vasslekasje deroppe og han har glømt kor stoppekrana er

Var på veg inn på sofaen då alteregoet dukka opp.Jau…Syns det var ei som sa ho hadde kjøpt seg tette regnklær og hadde for ein gangs skuld tette støvla

Jada.Ikkje det som er problemet..

Vidare frå alteregoet

 

Syns eg såg å  badevekta at den hadde krope ein god del opp og ikkje ned og følte du deg ikkje  oppblesen og uvel….Gni det inn tenkte eg..

Igrunnen så likar eg meg ute i regnveret så lenge regnet kjem frå oven og ikkje frå sida

Så på meg vestlandsbunaden og refleksvesten

Ser litt olm ut og igrunnen så er eg ei sær heks:-)

Syns det var noko som ikkje heilt var som før på utsikten,men tenkte at no har det gått heilt i surr ,så eg fortsette til eg hadde nådd nullpunktet og litt til

Koseleg skilt.Viktig å ta vare på dei små,men her snur eg…

Men no fekk eg forklaringa på kvifor eg syns det var noko rart å utsikten.Trefte på ein kjenning som lurte på om eg hadde sett at han hadde saga ned og rydda på utsikten i regnveret…

Akk ja..Kor treg kan eg igrunnen vere. Men er det full gjennomtrekk, så er det  det, tenkjer eg.Så no bar det strake vegen til utsikten for å sjå på arbeidet:-)

Til  og med nesten opplett så eg fekk av hetta og kunne sjå meg rundt.Er nesten så ein er trafikkfarleg når hetta er trekt så langt ned i ansiktet at ein verken ser eller høyrer:-)Mulig eg er det ellers og:-)

Alle småbuskene som sto på kanten er vekke og utsikten er prima:-)Båten med Yme er der fortsatt og det ser ut som den sakte men sikkert nærmer seg Lutelandet:-)

Hadde meg halvannan times tur i regnveret.Det gjekk så seint at eg trur ikkje eg forbrannt ein einaste kalori.men fekk masse frisk luft og er igrunnen hærleg når regnet piskar i mitt trøtte ansikt:-)

Regnet stoppa då eg kom på tunet,:-)

Men no har eg berre lyst på noko godt å ete.Får veldig matlyst av denne friske lufta:-)

#Humor #Tur

Roller og eller hatter

 

 

Har fundert over alle hattane vi har på oss i dagleglivet eller kanskje vi skal kalle det for roller

Litt lettare ord kanskje men gir same meininga

Kor ein er i livet avgjer ofte og kor mange roller ein har å hoppe inn og ut av

Har ein for mange så kan det verte stress og så vert ein utbrent:-)

Viktig å ha sånn passe. Nokre roller styrer vi ikkje mens andre kan ein gjere noko med.Kan tenkje over kor mykje vi treng delta i diverse .

 

Den kjekkaste rolla eg har er bestemorrolla.

Sjølv om barnebarna har fortalt meg at eg må vere klar over at eg er gammal og slett ikkje pen så er eg like god bestemor for det:-)

 

Litt småsprø og ikkje heilt a4 kanskje men det trur eg igrunnen ikkje barnebarna bryr seg stort om

I såfall så seier dei ifrå.Det er det som er det greie med ungar.Dei seier det som fell dei inn.

Litt slik som meg kanskje:-)

 

Enkelte roller stiller krav til oss Kva vi meiner,seier og klesstil,mens andre går meir på følelser og det og stille opp

Kan jo vere at vi av og til trur andre har krav til oss som viser seg at dei ikkje har.Andre ganger klarer vi ikkje innfri krava

 

Ikkje lett å vere menneske.Ein må gjere det beste utav det,tenkjer eg.Prioritere kva roller vi syns er viktige og kva for roller vi kan gå ut av

Nokre roller har vi heile livet:-)

Som regel så går det greit.Vi får no heller tole at vi trakkar i salaten av og til.Bedre det enn å stadig gå i redsel for å gjere feil.

Det siste vert ein jo berre psykisk stressa av.Kan jo av og til få lyst å berre ligge i senga og dra dyna over hovudet,men kjedeleg det og

Ein må vere som ein er når ein ikkje vart som ein sku

Eg slit meir med rolla som ikkje røykjar enn eg gjorde som røykjar igrunnen,men luktar kanskje bedre

iallefall nydusja :-)For når eg pæsar rundt etter vegen eller oppi liene så lukter eg iallefall ikkje godt:-)

Her er det eg brukar å finne krafta til å ta vare på rollene mine.Kjenner  at kreftene kjem berre ved synet

For etter som åra går så vert eg ikkje berre eldre,men og ganske så sær og vanskelig,så når eg då skal vere hyggeleg og grei på jobb og i livet ellers så krev det at eg tek meg alvorleg mykje ihop:-)

Bruk naturen som terapi

Når ein jobbar med menneske er det ofte slik at ein vert meir mentalt  sliten enn fysisk sliten

Iallefall er det slik for meg.

Det er då eg syns det er hærleg å komme meg ut i frisk luft og la tankane fly

Av og til lar eg all gørra eg har innimeg komme ut i tankane. Forhåpentlegvis klarer eg å snakke stille innimeg ,men å mumle sånn halvhøgt visst ingen høyrer gjer liksom susen:-)

Litt greit å få ut alle tankane ein har gjordt seg gjennom dagen.Sortere dei og legge dei vekk.

Brukar det ikkje berre i jobbsamanheng ,men og ellers visst eg føler livet butter litt mot.

Mange tårer som har fått fritt utløp og mange stygge ord som er tenkt ute i naturen .Vel å merke visst eg går der å surrar aleine

Viktig det å rydde opp i harddisken innimellom.

Eg er født i tvillingane sitt tegn.Kanskje  det er derfor eg tenkjer så mykje . Gjer det, sjølv om ein kanskje får inntrykk av i bloggen min at eg er delvis tankelaus:-)

Er nok derfor det vert så mange turar og så mykje sortering:-)

I dag vandra eg først ut på utsikten for å sjå på den omtala store båten med plattforma Yme oppå. Båten var nok stor den,men Yme var som eit lite knøtt oppå.

Skal igrunnen meir til enn ein stor båt til for å imponere meg. Virkar nok større visst du ligg attmed den på sjøen eller den gjer frå avstand på land:-)

Kjende at turen ut der ikkje heilt var nok for å nullstille meg idag .Såg opp på Einingsfjellet med tjukk skodde rundt og tenkte at det var mykje meir majestetisk enn denne båten, og idag tiltrakk fjellet meg kjende eg.

Var litt langt å gå heilt ut der så eg rusla først heim for å finne bilen og baske meg ut

Var rett og slett herleg å vandre oppover.Gjekk ikkje fort men eg hadde så mange tankar som skulle sorterast at eg trengde jo tida:-)

Det å til slutt gå å vase i skodda og berre sjå så langt som eg hadde behov for gjorde faktisk godt.Og så lenge det ikkje er så tett at det er farleg så er det igrunnen berre hærleg og den låg så tett berre øverst:-)

Hjelp å få snakka med meg sjølv litt:-)Eller med alteregoet .For vi har nokre diskusjoner før vi kjem fram til eit felles standpunkt.

Eg er avhengig av slike turar.Har eg mykje som må sorterast vert det kanskje som idag to turar. Men då vert verda så mykje bedre.

Eg har fått frisk luft,Fått nullstillt psyken og slått av jobb.Må det ,skal eg ha det bra med meg sjølv og mine medmenneske

Vert eg mentalt sliten så er eg ikkje kjekk å omgås for den eine eller den andre. Ikkje har eg det greit med meg sjølv heller.

Først må eg få ut gørra,Når det er gjordt er eg klar til å sjå ting frå ei anna side og gje ting ein positiv vri.

Ja galgenumor er jo og viktig då,men alt med måte:-)Er litt greit visst eg klarer alt dette uten å innvolvere andre syns eg

Visst ikkje gjer eg som dei i spørrekonkuransen og vel.Ringe ein venn:-)

 

Så no har gamla fått på seg joggebukse og krølla seg godt opp i sofaen.Livet er igrunne flott:-)

 

 

Venter på Yme

Har lenge vore snakk om Ymeplattforma som skal komme inn til Lutelandet for å hoggast opp

Har igrunnen godt så lang tid at no hadde eg nesten gitt opp trua:-)

Men no er den på veg

Såg inga Yme uti havet eg men den kjem nok .Men utsikta er som vanleg magisk.Og den norske hesten ligg der den plar gjere:-)

Her skal Ymeplattforma iland.Håper inderleg at det vert eindel aktivitet der framover og at det ikkje berre er ei døgnfluge.

Treng nye arbeidsplassar etter at oljeeventyret er over:-)

Men er ei nydeleg utsikt og ein nydeleg tur på Einingsfjellet

Akkuratt passe lang for meg og gjer godt i kropp og sjel:-)

#natur #tur

1 krone her og 1 krone der

I dag har vi jammen hatt nydeleg ver

Har jo kunna gått rundt nesten heilt utan klær

Er som ein gløymer at sommaren var våt

ein nynnar berre på ein koseleg låt

 

Starta med å nyte ein kaffikopp

Roa ned sjela og fekk gang i min kropp

Etter det fekk eg endeleg slått litt av graset

kan ikkje lenger gå her og i det vase

 

 

 

 

Eg tenkte eg fekk ein tur til naboen gå

For mulig dei har satt middagen på

er slik ein kjem til pengar og makt

og maten der den har eg smakt

 

 

For 1 krone her og 1 krone der

plutseleg har ein spart til nye klær

For det kostar og heile tida verte så stor

så jammen godt eg kan gå til ho mor:-)

 

Og middag fekk eg og den var kjempe

Nett før dei måtte ut meg lempe

men mens eg sat der tenkte eg

kanskje eg skal starte å bevege meg

 

Fram med vatn ,veske og sko

Oppover lia labba eg no

For vardeheia var målet mitt

Og svetten pipla og ikkje berre litt

Det gjekk no på fram men det gjekk litt trekt

Var om eg skal sei det steike hett

Eg svetta og pusta så  det halve var nok

trur det vart vel mykje for min sarte kropp:-)

 

Endeleg oppe og her er det flott, så tenkte at no kunne eg kvile min kropp

Men der hadde flugene nemlig ein fest, og eg var ikkje beden som gjest

Så dei stakk og dei beit og ba meg gå ned,så dei endeleg kunne få feste i fred

 

Og eg tenkte at det er nok sikkert det beste

var heller ikkje i humør til å feste

så eg snudde og gjekk beine vegen heilt ned

har igrunnen litt ilt i eit kne

 

 

 

 

#dikt #humor