Grønne fingra,Kva er det?

Aldri hatt dreisen på hagearbeid og blomster.

Greit nok med busker som klarer seg uten mi hjelp men ellers så er eg håplaus

Ser at folk har den eine hagen flottare enn den andre.Fantastisk å sjå på syns eg,og selvfølgeleg kunne eg ha tenkt meg fin hage eg og

Men det måtte vere med gartnar

Det andre viser fram som baksida av hagen sin er liksom bedre enn det eg har som framside:-)

Her er blomstene mine:-)Fine sant?Men idag tok  eg og plukka dei


Fekk hjelp til innhaustinga av han her.Leif:-)Litt sær og skal lite til før han ikkje vil meir eller vi må ta ein liten pause,men vi fekk det no så nokonlunde til:-)

Tja.skal vi kalle det her blomster.Er fornøgd eg:-)

Lyng er pent .Den har eg rikeleg av

Ikkje alle som har grønne fingra og ærleg talt så er eg vel heldig som ikkje har naboar rundt meg,for trur eg hadde skjemt ut omgivelsane:-)

 

Nyt livet:-)

I dag har veret vore supert.Har vore ute omtrent i heile dag.:-)

Starta med fjelltur.Sånn passe lang for det var faktisk hett…Og pusten min vert igrunnen berre verre så vart mange stopp

 

Spegelblank fjord og kjende at idag hadde det vore fint med ein båttur:-)

Middag fekk eg hos mamma.heldig som i min alder har foreldre i nærheita ,og når eg til og med får middag er jo dagen redda:-)

Ete der i heile dag forresten,Bortskjemd:-)

Mine håpefulle skulle på sjøen i ettermiddag og jammen fekk eg lov å vere med:-)Stor stas


Var aldeles nydeleg på sjøen

Kapteinen hadde det meste under kontroll:-)Men kor er fisken?

Ser langt og lenger enn langt

Teiner er tingen.Prinsessa her kontroll

Onkel og prinsen har styringa.Gjeld å fordele oppgavene

Skikkeleg fres over prinsessa.

Vi måtte ha ein tur innom Lutelandet for å sjekke tilstandane før Yme plattforma dukker opp


Det einaste vi åg var ein mann på ei gravemaskin og ein å toppen av ein containar…Helekopter som landa og letta då vi var kommen litt lenger unna,så ikkje den store aktiviteten.Men håper det endeleg skjer noko her ute for det er langt ned mykje peng og mykje arbeid

Dagens fangst og den sto svigerdattera for med fiskestanga til prinsessa:-))

Vakkert

Må jo ha eit bilde av Alden:-)


Fantastiske blåfargar.Solund i det fjerne

Men ein tek ikkje med besta på fisketur ustraffa.Er virkeleg begynnt å lure å om eg har dårleg karma.

Motorstopp.Men heldigvis var det ikkje verre enn at dei unge håpefulle kunne reparere og vi kunne tøffe oss heim…Nokon av oss har sikkert ein skytsengel med


Jettegryte:-)

Flott tur innover i Skifjorden.

Kjempekjekk kvalitetstid:-)Er slike stunder ein kjenner at det er godt å leve:-)Og at det er dei små tinga som gjev livet meining

Vel heime venta både lapper og seinare pizza frå mor,bestemor og oldemor i ein og same person.

Så vel fornøgd med dagen er er havna i sofakroken,Handball på tv og strikketøy og data.

Jammen har eg det alle tiders:-)

#natur #friluftsliv #sjø

 

Fjelltur i vått terreng

Hadde nattevakt inatt.

Litt sånn sære desse vaktene der ein går av om morningen og skal snu til vanleg tid att.

Har jo frihelg og har ikkje tenkt å sove den heilt vekk,så starta med to timars søvn

Litt lite sikkert.Det må eg innrømme,så eg måtte halde meg i aktivitet:-)

Handledag.og klart eg måtte kjøpe meg skillingsbollar .Elskar skillingsbollar og åt så klart ikkje berre ein:-)

Har eg godt av dei !?..Nei!!,men syns eg det smakar fantastisk.?.Ja!!

Lenge sidan eg har vore på Vardeheia ,og det sjølv om eg berre kan ta på meg skoa og gå omtrent rett opp..

Veit ikkje kvifor eg er der så sjelden, for stortrivst på desse turane.Mulig fordi det alltid er vått og når det har vore slikt ver som i det siste så er det ikkje berre litt vått og gå

Må innrømme at det tok på å gå oppover.Kunne høyre meg kilometervis:-)
Men er så fantastisk å kjenne roa som senkar seg når eg er kommen opp dei første stigningane ,Traskar over myra og kjem inn til vatnet. Magisk.!!

Er eit eller anna med denne naturen som når fram til det beste i meg:-)Mulig det er fordi eg er på heimebane. Sola kom oppi første bakken og det vart nydeleg:-)H)adde rett og slett ein fantastisk tur:-)Burde sikkert gått litt fortare men fekk det liksom ikkje til idag.Må jo sjå om det er orm og stige litt utenom dei verste bløytene.


Den følelsen når ein er oppe ved varden og kan nyte utsikta 

Skjønner de no kvifor eg stortrivest på dette fjellet

Litt påfyll må til

I dag var det hett og godt på toppen.Sat lenge og berre kosa meg og let blikket kvile å den flotte naturen og utsikta ut i havet


Skjelefred

 

Til og med vorten brei over skuldrane:-)

Flotte kvite striper i fjellet


Kven er det som bankar på mi bru…?

Lifjellet i det fjerne.Snart heime 🙂

Vel nede og høg å meg sjølv og naturopplevelsane slo det meg….Skulle eg kanskje ta Einingsfjellet i same slengen?

Heldigvis for meg så var det eitpar friske hjerneceller att  som ga beskjed om at dei trudde kanskje eg skulle gi meg mens leiken var god

Tok med meg avisa i forbifarten,låste meg inn.Sette på kaffi og såg eg burde ta inn litt klær..Så vart gjordt

Planen klar.Dusj,kaffi og avis i sola.

Det første gjekk greit.men så vart spørsmålet…Kor var avisa?Borte vekk..Fann den absolutt ikkje, men av ein eller annan mystisk grunn hadde eg plutseleg to fulle kopper med kaffi.

Etter å ha leita etter den hersens avisa i all den tid ,tenkte eg at skit i den.Eg tek kaffi uten avis..

Kva låg ute på altanbordet…Jau,avisa

Men no hadde eg lett så lenge at sola var forsvunnen den og og vorte erstatta av kald skoddevind

Så tusla innatt,Laga meg middag og tok meg ein ,trur eg,nødvendig middagslur:-))

Så no har eg funne avisa,kokt meg ny kaffi og funne fram strikkerøyet.Snart ete opp 250 gram nøtter.Har dårleg samvittigheit og tenkjer…

I morgon skal eg starte på eit nytt og bedre liv ….trur eg

! år sidan røykeslutt og eg puster fortsatt som ein kval:-)

Det er litt over eit år sidan eg slutta å røyke

Hadde tenkt på det lenge men den røykeslutten er ikkje alltid enkel

Det som endeleg fekk meg til å tenke ..No er det nok…Var eit spørsmål frå mitt då 4 år gamle barnebarn

Ho og faren kom på ein rask visitt akkuratt i det eg skulle ut for å røyke…Eg sa kjem snart,,,Då kom det fra frøkena…

Du besta…..Kvifor må du absolutt ut for rå røyke no når vi kom og skal berre vere her litt…Er røyken viktigare kanskje?

Nei vennen…Det er den ikkje….Kjende sørsmålet gjorde vondt langt inn i hjarterota

Liksom ikkje det ei besta skal vere huksa for…Besta syns det å røyke var viktigare enn meg..

Høyres ikkje bra ut…Så besta satte ein dato og etter den datoen har eg ikkje røykt

Det å gå frå å vere storrøykar til ikkjerøykar har eg syns var beintøft

Men det korka var at eg erstatta røyken men to liter krokanis for dagen

..

Er det rart eg slit med kiloa?

Veit ikkje heilt om eg føler at det å røyke har hatt noko virkning

Puster som ein kval fortsatt.Forma er elendig som før og vekta har auka

Mulig eg lukter litt bedre men søren veit:-)Kan jo vere eg har litt bedre kondis men kjennes ikkje slik:-)

Men skal ikkje begynne att,så no er det å få hjernecellene til å fungere å ikkje tenke kun på mat…

Alt for glad i å slappe av og gryte i meg mat så ein skulle tru eg ikkje hadde sett mat på månadsvis

 

 

Kor vart det av Ole Lukkøye

Vore på nattevakt og kunne trengt litt søvn

men den er på eit eller anna merkelig vis ikkje å finne:-)

Litt rart med den søvnen.Visst vi ikkje treng den så er den de,r men når vi må eller burde sove så er den ofte på tur

 

Får skrive litt og glo inn i dataskjermen ei stund så kjem den nok

Har lese aviser men dei får ein meir vaken enn søvnig

Treng berre eitpar timars søvn idag for må innatt på normalt søvnmønster,men dei burde helst vore no på føremiddagen syns eg:-)

Men den skit visst i kva eg syns den og…

Stille og nydeleg ute no på morningen.Skodde idag og men syns alikavel det er pent

Eg er heldig som bur så fredeleg til,sjølv om eg av og til ynskjer eg bur sentralt og med gåavstand til det meste

Slike dagar tenkjer eg det skulle vore kjekt med ein båttur.Men igrunnen så er eg redd på sjøen:-)Men når det er svartestille så går det an

 

Mykje ein  kan tenkje så lenge ein slepp å gjere det…

 

 

Innesperra og smågal del 2

Ein ting eg har lurt på no desse timane eg har måtte halde meg innadørs er?

Korleis i all verda føler dei seg dei som sit inne store deler av livet?

Eg kjenner at berre tanken på at eg ikkje kan ut, får meg nesten til å klikke

Hadde sikkert ikkje følt det slik visst eg kunne gått.Tvert om.Sikkert kunne vore inne uten stress

Kan jo vere at solbrillene gjorde sitt.Gnog jo både her og der:-)

Må ærleg innrømme at då eg sto opp idag og såg skodda låg tett så tenkte eg

Hipp Hurra…!! Men så kom eg å at det var igrunnen temmeleg egoistisk.

Og sola dukka opp den-

Igjenn var det å stenge den ute og gå rundt her halvblind grunna brillene:-)

Sidan eg ikkje har markiser som stenger sola heilt ute var dei et must

Kom plutseleg på at eg hadde fått eit skriv der det sto kor lenge eg måtte gå på denne måte

Full gjennomgang av veska og jippi

På med briller :-)Og der sto det…48 timar…

Var som eg hadde vunne i lotte:-)Så klokka 14 kasta eg solbrillene .Den følelsen:-)

Sidan sola fortsat skein så våga eg meg ikkje ut.Med mi frå før av sarte hud er det ikkje verdt å ta sjangsar

Men som om eg fekk hjelp frå oven.Der kom skodda

Må seie eg jubla:-)Ikkje pent det heller ,men altså.Litt egoistisk har eg lov å vere

Kjenner at medisinen eg fekk i årane ikkje berre gjer godt.men har ein vore innesperra så må ein ut

 

Fram med mi nye treningsbukse.Fått den av dattera.Kari Traa-Kjempegod .Eg er altså ikkje sponsa men buksa er rett og slett behageleg

Desverre så verken held den oppe eller strammer inn, så noko pent syn er eg ikkje  i den heller:-)

Ikkje verdt å ta bilde av resten:-)Men har måtte innsjå at det er ikkje så enkelt å få av desse ekstra kiloa eg har ete på meg.

Får konsentrere meg om å halde vekta den eg har tenkjer eg ,sjølv om det sit langt inne.

Så då er det greit at ungane kjøper meg treningsklær som passer:-)

 

Var mykje skodde,men så lenge ein ser kor ein går er det greit

Flott kart 🙂

Var steike tungt idag.

Småsvimmel og pusta som ein kval,men var jammen godt å komme seg ut ein tur

og utsikta den kjenner eg jo frå før så var jo berre å sjå den for seg.

Kjenner at turen tross alt har gjordt meg godt.

Kroppen har fallt til ro

Kanskje ein har godt av å av og til kjenne på manglande friheitsfølelse for å skjønne kor godt ein har det

No har eg laga meg nydeleg salat og kotelettar:-)Her gjeld det å hive innpå i tilfelle eg har mista nokre gram

 

#Trim #humor #friluftsliv

Tåler ikkje dagens lys:-)

Kan høyres ut som eg driv med lyssky virksomheit og på ein måte så er det nok det.

Av alle tider eg skulle få behandling med laser på auget ,så var det no når det flotte veret kom

Ute er nemlig nydeleg sol.Har faktisk venta på den i vekesvis

Dei seier sola skin på dei rettferdige,så føler meg veldig urettferdig her eg går i halvmørket

Behandlinga eg fekk på Augehuset på Haukeland har medført at eg ikkje tåler sol eller dagslys på nokre dagar-

Lysømfintleg

Fekk meg nokre flotte vernesolbriller.Dei skal vere på inne og må vite

Eg brukar lesebriller frå før og ser no slik passeleg, No når eg må gå rundt her og vase med solbriller så seier det seg sjølv at det er ikkje så veldig mykje eg ser.

Tv går.Er langsynt,så har fått med meg ol og diskinga av den unge Ingebriktsen idag.Fortjent.

Kan ikkje berre bryte seg fram her i livet og iallefall ikkje på sportsarenaen.Litt synd men håper han lærer.

Ikkje noko rusk dei brillene her.Men dei gneg bak øyrene!!

Starta etter ein time! så kort veg til apoteket og få på plaster bak øyre ,men det vart forlite

Så no har eg bandasjert.Bra eg rusler rundt her aleine:-)

Men er jo ofte slik at når ein ikkje kan gjere så mykje så får ein ei veldig arbeidslyst

Så idag har eg vaska fryseboksen

Du verden kva eg fann.Der var mat eg hadde lett etter, og mat eg ikkje visste eg hadde.I tillegg var det noko som absolutt hadde vore der for lenge

Det vart kasta.Men sidan eg ikkje kan gå ut er det mellomlagra rett utafor døra.

Bra eg ikkje har nære naboar som kan irritere seg.

Baka brød har eg og.Er veldig lenge sidan sist og dei vart rett og slett smellgode

Så idag har eg ete på meg nokre ekstra kilo.No har eg frose resten:-)Vart jo plass i frysen

 

No har eg til å med klart å løyse problemet med å lese meldingar og finne bokstavane på tastaturet

Var jo berre å sette brillene utanpå solbrillene

Kjøpte meg eitpar litt sterkare på clas olsom så derfor merkelappen:-)Såg no den fortsatt er på:-)

Så no kan eg til å med blogge.Får prøve å ikkje sitte for lenge med maskina for er sikkert ikkje bra det heller.Men eg kjeder meg:-)

 

Heldigvis var eg no så pass oppegåande at eg huksa å stikke innom ein butikk å få meg tråd og pinnar som eg kan strikke uten å sjå stort:-)

Nesten så eg vart overraska over meg sjølv:-)

Skal gå slik i morra og så lurer på kva eg då skal finne på

 

#humor #ironi

Basar

Basar er iallefall på bygda her hos oss ein fin måte å få inn penger på .Samtidig som det er sosialt og ein drikk kaffi og et  kaker og skvaldrer med naboen

På søndag var det bedehusbasar i Skifjorden

Eg er ingen bedehusgjengar,men meiner at i ei lita bygd må ein støtte opp om kvarandre så godt ein kan

Og kva er vel kjekkare enn slike gamle treårar ?

Desse her tok eg rikeleg av

Hadde gløymt brillene heime, men hadde heldigvis med ei veslesyster med ørnesyn:-)

Ikkje at det var så mykje hjelp i for sat ved eit bord med lite vinnarlykke,men givarglede hadde vi rikeleg av så bordet flaut av årar

Muligens det er eg som har dårleg karma så ikkje sikkert dei som delte bord med meg no gjer det ein gang til:-)

Nokon har vinnarlykke og andre ikkje.Merkeleg greie det der:-)

Går gjerne på basar fleire ganger eg.Ikkje så nøye om eg vinn men av og til hadde vore heilt ok:-)

Fjelltur i tåke

Var godt for kropp og sjel å ta seg ein liten fjelltur sjølv om det var skodde og yr

Ikkje så kaldt ute.

Godt følge av veslesysta som då er litt raskare på beina enn gamla er:-)

pust og pes.Kjende det godt langt inn i sjela


Må nesten grine ein skvett:-)sliten

Veslesysta nyt utsikten:-)

Eg er her:-)

Var eit slit,så eg heng eindel etter

Var glatt,slept og vått 

men gjorde inderleg godt

Greit at ein er to når ein er ute på våte stiar ,eller tildels elvar.Fort gjordt å ramle

Flott utsikt på Einingsfjellet til vanleg.har jo bilder av det og:-)

 

Tusser og aper eller?

I dag eg såg ut glaset og tenkte

yrer berre ute og eg tek til å lenkte

etter lukta av skogen og lydane der

så eg fann fram sko og regnklær

 

Litt regn skader ikkje så lenge det tek slutt

mykje regn i kvar ein pytt

og bekkane vart vorten store

nesten så dei rann seg ut på eit jorde

Og maurtuer er det overalt der ute

eg ser dei strevar når eg går på mi rute

For det skal dei ha dei er flinke og svære

Der har vi jammen mykje å lære

Men plutseleg såg eg der sto eit par sko

Må nok tilhøyre småfolk eg høyrde dei lo

og bortanfor sto nok forklaringa på 

kor alle biene kjem ifrå

r

Eg trur det bur aper i skogen vår

for attmed vegen eit bananskal låg

Og røykjer gjer dei visst og ,trur eg 

for det kan vel ikkje vere deg og meg