Humor er ein god ting

Han vesle Tobias hadde dårlig med peng, og hadde derfor et forslag til bestemor: «Du besta, kann?kje vi ta en tur te svømmehallen.» «Joo, eg kan jo følle deg og se på.» «Nei, du må i vannet du også, for han pappa sei at når du stupe, da blir vi rik.»

Godt med litt humor i kvardagen

Som vanleg etter seinvakt så er eg innom facebook og div.aviser før eg får roa ned kroppen og får sove

Tek det som er positivt.Det andre får vere til i morra

Var mykje folk på skifjordagen og imponert over arbeidsinnsatsen til dugnadsgjengen

Eg slap jo billig unna men får komme sterkare tilbake:-)

Fekk til og med nydeleg ver

Var eit svare strev før eg fekk dreis ¨på lappesteikinga men enda godt:-)

Såg flotte traktorar og sjøflyet før eg sette kurs for jobb


Kos stemning

 

Kjærringa tel han Jan like å sønge
Nu e ho bynt i kor
Rætt som det e kan ho bynne å øve mens ho blandt anna hold på med middagslaginga på kjøkken
Kvær gang ho bynne å sønge går han Jan ut i hagen
Ho Anna bi nu lei sæ når han bare går ut… og spør
– E det nokka galt…Jan…like du ikke at æ søng
– Jooooda….kjære…æ vil nu bare at naboan skal se mæ… sånn at dæm ikke trur at det e æ som gjer dæ juling

Vil ha godver idag

Litt småtrøtt på morningen

Ikkje heilt sikker på om eg er halvvåken eller halvsøv

Har no funne meg ein kaffikopp og sit og ser utover fjorden

Litt for mange skyer men sola bryt igjennom såvidt

Håper vi  får godt ver,for er litt koselegare å vere på skifjorddagen i godver,sjølv om vi har telt

Aldri vore flink å lage mat,men skal steike lapper så det går nok strålande,visst eg ikkje set dei fast:-)

Håpar på ein koseleg dag

No er jobben min å prøve å verte nokonlunde våken før avspark:-)

Sjørøvarskuta har ankra opp nedi fjorden og skal nok innom der den og:-)

Ikkje sett noko til sjøflyet men skal vere på plass.

Vert nok ein flott dag

 

Litt dårleg samvittigheit

Kvart år har bygda mi ein dag der vi samlast og har det kjekt. Skifjordagen:-)

Bruker å vere med å jobbe litt.Stå i kiosken og passe på at folk får mat og drikke

Så sant vi ikkje overbelastar kontaktane og det vert pause i lappesteikinga til problemet er løst

Det skjer

Skjer ofte mange uforusette ting på slike dagar men det er litt av sjarmen

I dag er det rigging av telt og forberedelsar,men eg kan ikkje vere med…

Så no vert det meir på andre.Vi er ikkje så mange å fordele jobbane på:-)

Har jobbehelg.Kjekt det og men skulle gjerne ha gjordt mi dugnadsplikt

Samme i morra men får no delta litt før jobb

Kjekt med slike dagar der folk kan treffast å berre slappe av.Snakke med folk ein kun treff om sommaren når ein er heime på ferie

Eller rett og slett med naboen. Ikkje så ofte ein treff dei heller lenger no

Før stakk vi innom kvarandre på ein uforliktande kaffi Sånn uten å varsle på forhand

Det er det slutt på

Hadde igrunnen vore greit at det hadde vore slik no og for då hadde eg kanskje rydda litt oftare:-)

Eg er eit rotehovude..Heit utruleg igrunnen at ein person kan rote slik

men eg kan..Prøver å forbedre meg men det renn ut i sanden kvar gang

Men ein får vere som ein er når ein ikkje vart som ein skulle:-)

Men har rydda litt idag og til å med rusla meg ein tur ut i frisk luft.

 

 

 

Kor lat går det an å bli og kor vart det av den nye meg

Hadde store planer for fridagen

Skulle stå tidleg opp.Få unna husarbeid og klippe plen før frisørtime og fjelltur etterpå

Det var igår dei planane vart lagde,men å halde dei vart ei anna sak

Hadde seinvakt og kom meg jo aldri i seng. Sat til langt på natt og såg tv. Ikkje fekk eg sove noko særleg heller før ut på morgonkvisten

Men då tok eg det att.

Så den som sov lenge og kravla seg stiv og støl ut or senga langt ut på føremiddagen var eg…

Det einaste eg tenkte på var å få i meg litt kaffi og etter ei stund frukost. Sat der som eit spøkelse til eg måtte køyre til frisør

Då merka eg at det var jo nydeleg ver ute…Litt seint kanskje

Men var hærleg med frisørbesøk og det var på høg tid


Lir inga naud på Frisørstova til Laila

Vart godt fornøgd:-)Må vere god å ta bilder for ser ikkje såpass ut ellers:-)

 

På veg heimover fekk eg dårleg samvittigheit.Kor vart det av mine planer om minst to fjellturar eller små toppar i veka…

Kor vart det av viljen til å få bedre kondis og ikkje berre prate om det…

Så eg valde å berre køyre heimom og skifte til turklær…Nok fekk vere nok.Var jo fantastisk ute

Bør snakke til meg sjølv for er for lat

Fekk no unna litt anna eg skulle gjere og.Er effektiv når eg først får reva i gir.

Men igjenn så gafla eg i meg for mykje middag,men godt var det:-)

Vore fantastisk flott ute ikveld. Nydeleg temperatur.har ikkje hatt så mange av desse i sommar så eg rusla meg ein tur etter vegen og tok inn roa og den nydeleg kvelden .Magisk ute 

Hender eg ynskjer at eg hadde budd litt meir sentralt og ikkje alltid måtte køyre bil uansett føre og ver,men slike kvelder som dette så kjenner eg kor heldig eg er.#frisør#Natur #personleg

 

Kva for menneske er eg igrunnen?

Har i det siste ofte fundert på kva for eit menneske eg er.

Er eg grei,ufordrageleg ,sjølvopptatt,treg,misunneleg….

Korleis oppfattar andre meg.Er eg igrunnen slik som eg trur eg er?

Ikkje så enkelt alltid, dette livet.Prøver å skape positiv energi rundt meg.Men gjer eg det?

Eller er eg ein av desse menneska ein unngår fordi dei gjev ein dårleg energi og ein vert nedpsyka og føler seg elendig ved å vere på fleire meters avstand

 

 

Er eg ein persom som syg ut all energien av folk eller er det greit å vere ilag med meg…

Veit ikkje…Er vel kanskje litt delt.Nokon syns eg gjev dei energi og glede og andre vert utsletne av dette maset mitt.Og vert dårlege av energien min

.Snakkar fort og mykje.Det er ein av mine negative sider,men gjev det dårleg energi…

Prøver å ta meg ihop men eg gløymer meg

Ikkje så enkelt med alt dette snakket om å vere med dei som gjer ein  godt og unngå dei som tappar ein for krefter.

På fritida er nok det greit men når ein er på jobb så må ein jo omgås alle og alle må tolerere meg til ein viss grad:-)

Men kva visst eg gjerne vil omgås med personar fordi dei gjer meg glad og positiv, og eg går heim med eit smil om munnen, visst dei personane ikkje vil omgås meg fordi eg har motsatt virkning på dei….

Skal ikkje vere enkelt å vere menneske

Her er eg i ein versjon

Her tenkjer eg det vart verre….Men innimeg er eg same personen

Her er endå ein versjon.Usminka og falma:-)

 

Trur kva  for energi vi omgir oss med, nok er forskjellig frå dag til dag og kva rolle vi har

Er vel til dels noko vi kan skru litt av og 

Trur det er greiast at eg berre er meg sjølv på godt og vondt.Tek hensyn til mine medmenneske så godt som eg kan og kaver meg minst mulig opp med ting eg ikkje kan gjere noko med

Då har nok eg og dei rundt meg det så nokonlunde greit

Må nok kanskje slutte å lese formykje om god å dårleg karma og energi og heller gå ut i naturen og tanke krefter.Den har ikkje sakt noko om at den er lei meg endå, og held ut med meg om eg utstråler det eine eller det andre:-)

#personleg 

Kor er nøklane mine.Har pokemon tatt dei?

Har hatt eit stort problem i alle år.

Her i huset forsvinn alltid nøklane mine eller andre ting som eg treng

Skjønner ikkje kor ting tek vegen.Merkelige greier

Må få deg faste plasser til ting,seier folk til meg.Har jo det!Men tinga er jo aldri der.

Vanleg dag hos meg starter med at nøkkelen til bilen er borte vekk…Då startar leitinga.

Full runde gjennom heile huset.Tenkjelege og utenkjelege plassar,,Ingenting..Så runda tilbake…

Obs…fann den

Men vel på veg ut i bilen starter neste…Mobilen..Kor søren er den

Innigjenn.Fullt stress.Same runda og kjenner at adneralinet pumer i blodet…..Ingen mobil nokonplass..

Er jo heilt umulig.

Har fortsatt breibandtelefon og takk for det…No startar ringinga på meg sjølv for å finne den forsvunne mobilen som selvfølgeleg ligg like i nærheita men berre har gjømt seg ørlite under eit blad

Ikkje berre desse tinga som gjøymer seg vekk

Er aleine men har alikavel eit stort nett full i single sokker…Dei andre har det med å reise på ferie…plutseleg så dukkar det oppatt ein gjeng og eg har  mange sokkepar…Men kor lenge var Adam i paradis..Ikkje lenge

Her hos meg så flytter ting på seg villa vekk.

Trur eg har brukt halve livet mitt på å leite..

Får jo litt trim på den måten men er temmelig slitsomt:-)

Men no har eg skjønnt det.Er nok alle desse pokemonane som er overalt…ikkje rart ting forsvinn.Reknar med dei er hos meg og

Prøver å vere litt meir strukturert.

Trur alltid eg legg ting frå meg der dei skal vere,,,men der er dei sjelden og aldri…Merkeleg er det iallefall:-))

Men kanskje eg skal prøve å finne husnøkkelen og gå ein tur ut i naturen

Den forsvinn heldigvis ikkje med det første og er eg heldig finn eg nøkkelen så eg rekk tur og jobb:-))

#personleg#Humor#sjølvironi

 

 

 

Lapp på auget er igrunnen ein god ting:-)

Er noko skit å få ein augesjukdom .Min gir tap av skarpsynet.

Behandling er injeksjon på auge ein gang pr.mnd.Håpet var vel å kunne få den litt sjeldnare ,men den gang ei

Litt hissig av seg den her,Nett som meg:-)

Ikkje noko kjekt ,men den hersens srøyta må til ein gang i mnd

Kjekke folk på auge pol i Førde så sånn sett har eg ingen verdens ting å klage på.

Lite køyrbar desse dagane så idag var eg heldig .

Veslesysta var sjåfør og vi fekk oss ein kosedag


Habil sjåfør.Her hadde dei forresten ein veldig god burger til ein 100lapp.Vi var veldig fornøgde og vart gode og mette.

Brukt penger fekk eg eg:-)Kjøpte meg litt større og romslege toppar om enn litt motvillig:-)Tvilsomt om eg kjem nedatt der eg var.Berre å innsjå det først som sist:-)

Slike dager skal eg helst halde meg unna tv og data for ikkje å belaste auget.Her er utvegen.:-)Kaptein sortebill-Ikkje akkutatt pent men gjer nytta.

Ein får vere som ein er når ein ikkje vart som ein sku..Her ser eg forferdeleg ut:-)Best å sei det sjølv.Den nakne sannheit

Om eg har gått tur idag.Nei.Burde eg..Ja.Men no har eg nett sove.Ute er det grått og trist.Eg har lapp på auget.Føler meg pjusk og ærleg talt…Har ikkje det minste lyst:-)

Men kanskje eg skal ta lappen av auget.,ta på vestlandsbunaden og rusle meg ein tur ut på utsikten.Vert iallefall ikkje på nokon fjelltopp

Ser på bildet og tenkjer at det er på høg tid eg kjem meg til frisøren:-))

#auge#handel #kos