Gale lise ein fredag:-)

Plutseleg dukka ho gale Lise opp

Ka e da,har du tenkt å bevege din kropp

Du sit der så avslappa og slakk idag

skulle tru du hadde fått det glade lag

 

Ho er ikkje god når ho først set igang

Av og til toppar ho det heile med ein sang

Men eg tenkte at her var det no jammen best

å slenge på seg regnkleda før ho tok ein fest

No er eg jo ingen fotomodell

men det får no gå for snart er det kveld

Ein smule trøtt må eg sei eg er

men hjelp så lite med ho gale Lise her

Vart ikkje fjelltur det orkar ikkje eg

men ein tur utpå utsikten etter ein veg

Er slett ikkje verst å luffe omkring

og igrunnen ikkje gjere nokon verdens ting

 

Var hærleg å gå sjølv om det regna litt

det kom berre av og til og ikkje så titt

Gjorde godt å røre min trøtte kropp

Sjølv om her er flatt og ingen topp

I dag er det litt for rusket å leggja utpå

For pyser som meg er det meir enn nok å sjå

På bølger som kruser seg innover fjord

Igrunnen bra at ingen er ombord:-)

 

#dikt

Ruskever

Sit her inne å håper å at det skal lette litt ute slik at eg kan få gå meg ein tur ut i frisk luft

Imens får eg sjå på bilda eg tok onsdag før det skikkeleg sette inn med vind og regn

Høsten er igrunnen utruleg vakker

Berre ikkje den regnar og bles heilt vekk.

Viktig å nyte naturen rundt oss.

Har ingenting imot ein tur i regn,heller ikkje i vind,men begge deler samtidig og i store mengder vert i meste laget syns eg.Utriveleg:-)

Så får no håpe at ein av delane roar seg litt i løpet av dagen.Ut må eg uansett kjenner eg skal eg ikkje mygle heilt vekk:-)

Så til den tid får eg heller strikke litt,lese litt krim og kose meg inne

Men treng litt frisk luft i løpet av dagen:-)

Trur det må ei gale Lise til idag skal eg komme meg ut,og ho har ikkje dukka opp endå. Er håp ..for sola prøver å stikke igjennom eit minutt eller to før regnet høljar ned att i store mengder:-)

Så får vente på gale Lise:-)Ho søv nok….

God helg

Hjelpe meg for eit ver det er ute

Det regnar og bles og knakar i mi rute

På sjøen går det aldeles kvitt

Håpar det løyar om berre litt

 

Skulle igrunnen ha lagt meg no

Men er jo greit å berre sitte sånn litt i ro

Må først få roa ned kroppen min

slik at eg vert trøtt i kropp og sinn

 

Det er jo helg og eg har fri

Det betyr at eg har veldig god tid

Så sove det kan eg jo seinare idag

Kva skal eg anna ein styggeversdag;-)

 

#dikt

slumredag

Enkelte dagar passer det godt å ha nattevakt og sovedag.

Slik dag idag.Har ikkje gått glipp av nokon ting og den beste plassen på slike blåsvekk og regndager er faktisk under dyna:-)

Lurte ei stund på om eg skulle gått meg ein tur men frister ikkje ,så har ombestemmt meg

Sit heller i sofakroken med teppe,kaffikoppen og strikketøyet

Har anskaffa meg tråd til nytt teppe.

Sytalaust.Treng ikkje tenkje:-)

 

Funderingar

Sit litt å funderer ein onsdagsmorning

Ute er veret grått

Det har roa seg etter Karl kom forbi,men fortsatt vind og ruskever

Det er haust:-)

Då er det igrunnen godt å sitte inntulla i eit pledd,ha kaffikoppen ved sida og berre vakne i stillheit

Sjå litt på tv,nyte utsikta og skrive litt på dataen.

Litt greit å få med seg kva div.aviser skriv slik på morgonkvisten

 

Dei siste dagane har det no gått litt på debatten i Usa. Må ærlig talt sei at for meg virkar han Donald som ei udetonert bombe, som kan gå av kortid som helst,og ikkje noko eg ynskjer som president .

Syns rett og slett tanken er ganske skremmande

Får håpe det er bedre enn det verkar som .Utfallet er det jo heller ikkje godt å sei kva blir

 

Så skal vi verte stort vestlandsfylke der vi vert ein liten utkant samanligna med dei sterke andre fylka med store byar.

Mulig det og kan gå bra.Kva veit eg.Men for meg vert det for stort

Og veret er jo det store temaet idag.Vind og regn.Og det vert kaldare og snø på fjellovergangane

Rett og slett normale tilstandar

Kom på at eg treng fire nye dekk til vinteren.Piggdekk.Noko anna nytter ikkje

Har ikkje bevega meg stort dei siste dagane så idag må eg kanskje ta på meg vestlandsbunaden og gå meg ein tur:-)

Men ikkje nett endå.Litt meir kaffi og kos:-)Viktig å ta godt vare på seg sjølv:-)

 

 

stille før stormen

Hærleg å berre kunne stå opp til ein lat morgon

Nyte kaffi og frukost og sitte å sjå utover naturen

 

Nesten stille ute i dag.Stille før stormen.Litt greit med ein stille dag etter mange dager med vind

Men godveret er nok slutt,Sjølv om sola febrilsk har prøvd å komme gjennom er det skyene som vinn:-)

Temperaturen har gått ned til meir normale tilstander i slutten av september

Sjølv skal eg berre la kroppen vakne til liv heilt av seg sjølv

Smårydde litt  og ha ein avslappande føremiddag:-)

Mandagane er ikkje så verst

 

Fykande fart

Avslutta ei flott helg med ein tur på Vardeheia.Fantastisk temperatur idag.

25 september og temperaturer over 20 grader er berre lekkert.Men vind..og ikkje lite heller

Godt den er mild og ikkje kald

Var drittungt oppover lia idag.Følte meg fullstappa av middag og kaker og tenkte at jaja

det er no opplett og hett og ein eller annan gang kjem eg vel opp

Men var fantastisk å kunne gå i t-skjorte nesten heilt opp.

Men då var det og slutt

Å ta på seg jakke i stiv kuling er ikkje for pyser.Godt ingen såg meg:-)

Sjelden gamla har gått over fjellkammen med den farten som idag.Hadde fart som ein 18 åring.Nærmast flaug bortover med ilagt sidesleng..men pytt pytt.

Var lykkeleg og glad eg kunne kaste meg ned litt i ly å eine sida av varden..Men var vind der og. Ganskje hårreisande:-)

Utsikta var nydeleg som alltid sjølv om opphalde på toppen vart så kort som overhode mulig:-)

Var eit svare strev med å få skreve seg inn i boka,eller bøkene.Her er og ei gjestebok som har vore her sidan varden vart bygd:-)

Gjekk på kryss og tvers og i ein fela fart dei første høgdemetera nedover.Godt nedi lia kunne eg igjenn trekke pusten

Skya til på slutten av turen.Var ein hærleg tur sjølv om vinden var vel dryg på toppen.Av og til så må eg skikkeleg snakke hardt med meg sjølv for å komme meg ut.Men sjelden eg angrar:-)

Bestemorhelg:-)

Utruleg så heldig eg er som har den æra og vere bestemor

Besta.Ikkje farmor.Har valt det sjølv

Syns det høyres så koseleg ut

Bles godt her.Skummelt ifølge dei håpefulle.Ikkje slik der dei bur:-)

Må hogge ned trær får eg beskjed om

Altfor farleg å ha så mange tre rundt husa.Dei kan dette ned og ødelegge,meg og kanskje?

Onkelbesøk er kjekt.Sjå litt kva han har rundt om.

Onkel er topp så der har nok besta lite å stille opp:-)

Siste gruppe av turistar ankom

Må igrunnen sei at dei er maks uheldige med veret.Mykje vind:-)

Ikkje så mykje vi kan gjere med det.Dei får fiske etter ørret inne i fjorden:-)

Vi stillte like godt opp heile gjengen for å hjelpe onkel med velkomsten:-)

No syns no prinsessa at dei godt kunne snakka norsk.og iallefall kunne dei vore litt meir forsiktige då dei nede med sjøen kasta veskene sine oppå der ho hadde samla blåskjel

Stort minuspoeng:-)

Fordelen var no iallefall at vi kom oss ut og vekk frå dataspel 🙂

 

På lokalet:-)

Kjekt med teater:-)Vore på ein flott framsyning av Sogn og Fjordane teater

Flott musikk og sang og flotte dansarar

Full i humor: og fekk meg i godt humør

Ein artig time:-)

Slike ting burde eg nok gjere oftare

Hadde igrunnen passe lyst før eg for.Fortsatt vondt i tennene etter tannlegebesøk og følte meg klar for sofaen.

Men.Hadde veldig godt av ein tur på lokalet:-)

 

Stiv og støl

Litt usikker på om morgenstund har gull i munn

Kjennes ikkje slik ut

Har dratt meg ut or senga,Trakta meg litt kaffi og håper på at ting går seg til:-)

Tegn på at eg dreg på åra kanskje,men kjem seg vel utpå dagen

Treng berre litt fred og ro:-)

Kjenner meg mest slik som dette:-)

Godveret er over noko som betyr at eg har langfri:-)