02.09.2016

Sjølv om det er eit skikkeleg ruskete ver her i vest så er det flott ute i naturen

Treng ikkje gå så langt men berre ta ei lita runde for å lufte vetet:-)

Litt artig å plaske i sølepyttar og kjenne barnet komme fram i ein:-)

Syns det er hærlig både for kropp og sjel

 

Vore null tur idag og det kjenner eg på kroppen.Kun biltur idag:-)Mykje flott natur innover Dalsfjorden og.

Oppdaga at skipet vi har hatt liggande uti fjordmunningen var på veg vekk i dag tidleg. No ligg Yme att aleine:-)

No er det ein atraksjon mindre:-)

Var utruleg flott å Bjørvikstranda idag.Vel å merke på heimvegen.Inn var det litt skodde hist og pist:-).Måtte stoppe litt innimellom for å strekke på kroppen og kvile auget,,så då legg ein merke til kor fint det igrunnen er:-)

Vert rett og slett glad for å sjå kyr på beitet.Ikkje så mange som har dyr lenger,så det som vi før såg overalt er vorten eit sjeldent syn:-)Koselig

Skal ikkje alltid så mykje til for å lyse opp dagen.

I dag er det lapp på auget dag,:-)Er for å kunne sjå litt tv og data,for det skal nemlig ikkje venstreauget ha idag:-)

Men utsikt mot Bygstad.Vakkert:-)

I morgon skal eg iallefall ha frisk luft  koste kva det koste vil.Kjenner at det i høgste grad trengst

Ikkje så glad i å gå tur når det mørknar ute,så eg får vente til i morra:-)

Rart med det.Kan verte avhengig av ein rusletur og.:-)

Hadde igrunnen planer om det idag og men var så trøtt at eg sovna på sofaen:-)

Så no føler eg meg berre litt for mett og angrer på alt for mykje middagsmat:-)

Lærer jo aldri:-)

Men men.I morra får eg starte på ny frisk:-)Gjeld å ikkje gi opp:-)

Båten er vekke og det er fri sikt:-)Håper det går bra med industrien på Lutelandet og etter Yme:-)

Så får ta meg ein tur ut til nullpunktet imorra og samtidig sjekke tilstandane på Lutelandet:-)

 

 

Kven har sagt det er sunt å stå opp tidleg?

I dag måtte eg tidleg opp og det er for meg som aldeles ikkje er noko A menneske ei utfordring

Spesiellt når nattesøvnen har glimta med sitt fråver

Men hadde time før fuglane syng på sykehuset.Og det tek jo tid dit:-)

La meg ganske tidleg.Tenkte at det var sikkert lurt

Var igrunnen trøtt og trudde eg.Men trur de eg fekk sove

langt ifrå.

Vart tørst,så måtte eg jo på toalettet.

ojsann jammen kjørde den bilen fort.og kva søren var den lyden

Høyrde båtlydar og summing,

Meir vatn og meir dogåing

Vrei meg som ein makk i senga.Best som ein har vondt her så er det der

Til å bli tussete av.Klokka vart to og tre,og ikkje aner eg korti eg sovna

Men ein ting er sikkert.Sov som eit murmeldyr då klokka ringde,og den ringde ikkje berre ein gang

og er har to.For eg er ein kløpper i å sovne att

Drog meg sjølv tilslutt ut or senga og inn på badet

Vakna verken av dusj eller kaffi og ærleg talt…Eg er trøtt endå:-)

Skulle vore eigne opplegg for oss B menneske:-)

#Humor

Ser å nyheitene på føremiddagen:-)

Har sett på tv og lese i avisene på føremiddagen

Han der Donald med hentesveisen, han skremmer meg visst eg skal vere ærlig…

Ser for meg han som den nye presidenten  og tenkjer ..skrekk og gru

Kanskje ikkje Hillery er så bra heller…Ikkje så inne på Amerikansk politikk men 

Kan jo ikkje verte verre enn Donald…

Skremmande

Ellers så er avisene full av familietragedier,krig og elendigheit

Er slik verda er,men trist er det.

Noko positivt er det jo selvfølgeleg men det er liksom ikkje det ein legg merke til

 

No var jo gårsdagens viktigaste innslag på nyheitene om kvelden syklistane sin tur inn i tunellen til Bergen vest.

Pinleg affere.kanskje dei som skulle ha vore der og sperra vegen vart våte og slitne og gjekk i hus:-)

Men så lenge det er det vi snakker mest om så har vi det vel igrunnen bra:-)