Dikt om solidaritet

So vakker kan kveldane om hausten vere
Det er som vi lever i vår eiga svære
Her er ikkje krig og vi har nok av mat
Den bugner i overflod på våre fat

No er det klart for innsamlingsaksjon
Der vi kan hjelpe folk frå annan nasjon
Som ikkje har det slik som hos oss
Men der det er mangel på alt og krig der folk slåst

Vi har råd til å gi ein slant eller to
Kor mykje vi gjev er uinterisant no
Det som er viktig er at vi viser
Vår solidaritet til å hjelpe der det er kriser

#solidaritet#dikt

Fantastisk ute

Det å ha fri ,slappe av og igrunnen ikkje skulle nokon ting er hærleg.
Sove lenge med sein lang frukost og la kropp og sjel vakne til liv av seg sjølv

Litt kaldt om natta  og der sola ikkje får tak er det is på vatnet

Vakre farger om hausten men lufta minner meg om av vinteren lurer rundt hjørnet og den er eg ikkje glad i.
Kunne glatt ha vorte klimaflyktning.
Men må nok jobbe for maten ei stund til så får halse ut😀

Vart Vardeheia idag og men med null stress og i eit roleg tempo
Var kos å gå.Idag traff eg både jegerar og turgåarar.Ikkje så ofte eg det gjer oppi her😀

Laga meg ein altfor god sein middag..
Burde kanskje ikkje det for no har naboen invitert på lasagne…
Akk ja.
Får faste i morra😁😁

Kjempefin himmel ute no.
Kikke litt på reprise av 71grader nord før eg rusler til naboen
Kunsten å kose seg

#natur

Ikkje enkelt

Trur eg vert latare for kvar dag som går.
Dørstokken er nesten meteren og eg har jo høgdeskrekk😊

Men vondt skal vondt fordrive og eg treng både frisk luft og trim.
Skjerp deg seier gale Lise
Ta å sjekk i spegelen og sei frå etterpå om du fortsatt ynskjer sofadag.
Ser at eg har godt av å bevege meg men idag er kroppen som bly…
Rett og slett ein kamp for kvart steg

Fortsatt vakkert ute men litt kald og sur vind.overskya.
Valde å gå få Våge på Einingsfjeller idag.Må ha litt forandring
Syns det var steike tungt.Er igrunnen flott sti når det er tørt som no

Var det så tungt sist?

Herregud kor tregt det går då.Gale Lise var igrunnen småsur.Du eig jo ikkje kondis og puster som ein kval..Må du pause kvar 10 meter????
Skjerp deg😲
I dag gjekk det berre tregt opp.Men opp kom eg og det gjekk fortare nedover

Rett frå tur og innom Dale med naboen.Ikkje planlagt men koseleg.
Gjer seg med litt spontane utflukter😊

No skal resten av kvelden tilbringast i sofaen uten det minste snev av dårleg samvittigheit.
Må først berre ete litt😊

#ut #tur

Fredag og helg😁

Fredagsmorgon og helgero
Skal slappe av og kose meg no
Nett kommen heim frå nattevakt
Eg er litt trøtt slik at det er sagt

Veit ikkje om godveret vil halde seg
Har sett eindel skyer på min veg
Men det betyr igrunnen ein liten ting
Skal vere heime og gjere ingenting

No skal eg snart sove ei stund
Kjenner at eg igrunnen treng ein blund
Så får eg sjå om eg går eintur
Litt seinare når eg vakner og ikkje er sur☺

 

#dikt 

Høstaktivitet

Hadde igrunnen planer om å strikke meg ei jakke.Til no har det vorte med planane.
Held meg til teppestrikking for tida

Er liksom så enkelt.Slepp å tenkje og flott å ha til tvtitting.
Kan til å med lese mens eg strikkar.
Funne fram ei ny bok og håper den er bra

Ser ut som den kan verte spennande.Gjenstår å sjå.
Bøker er kjekt å ha😊

stakkars meg :-)

I dag er ein av dei dagane då det meste går tregt
I går hadde eg planen klar.Skulle gå tidleg på fjellet idag og nyte det milde haustveret
Det var igår

Sove dårleg inatt og vakna med rygg som føltes som den var i to og dertil humør
Drog meg inn på kjøkkenet.Fekk på kaffien .svalde litt smertestillande og inn på sofaen
Stakkars meg dag….slo meg at eg kanskje hadde hatt godt av ein tur i marka men laga meg istaden middag litt tidleg…
Åt for både meg og gale Lise.Som ho påpekte ,så åt ho ikkje mat ,men levde på luft og kjærligheit til seg sjølv..
Og det merka eg.Veit ikkje om sterke magesmerter grunna formykje mat er bedre enn vond rygg
Så valde å gå på fjellet.
Ikkje så veldig lurt å gå tur etter det matinntaket.!!
Men har eg ikkje lært det i min alder så får eg slite med det

Rett og slett blytungt idag
Men nesten det tørraste det har vore på stien.Har ein planer om å gå på Vardeheia i Hyllestad kommune bør ein nytte sjangsen no.Tørrare vert det ikkje.Brukar vere veldig vått

Flott😚gjorde godt tross alt, og gamla og ryggen hadde godt av turen

Er dørstokkmila som oftast er tyngst.
Når skoa er komne på og ein er ute går det nesten av seg sjølv
Men koster ein kamp med seg sjølv.

Er enkelte yrke mindre verd ein andre?

Las her ein dag eit innlegg av ei jente eg kjenner med hyllest til fagarbeidarane eller yrkesarbeidarane i samfunnet.

Sjølv er ho vernepleiar. Var godt skreve og rører ved viktige ting-Takk til Elisabet:-)

Desverre er det slik at enkelte rangerer andre menneske etter kva yrke dei har, og ikkje etter kva dei kan,veit og faktisk meiner

Skremmande.

Har sjølv opplevd å sitte i samtale med personar som var oppriktig interrissert i kva eg meinte heilt til dei spurde om kva eg jobba med..

Då vart det brått slutt.

Seier kanskje meir om dei enn om meg, men gjer noko med meg når eg opplever slike ting

Vel er eg ikkje den som har høgast utdanning.Men det er vel igrunnen meir fordi livet mitt vart slik, og at eg igrunnen har valgt det sjølv. Trivast godt med å vere hjelpeleiar og ville ikkje ha bytt det ut med sjukepleiar eller vernepleiaryrket. Evnene mine er det ingenting i vegen med.Hadde fint klart ei høgskuleutdanning. men strengt tatt så vil eg ikkje:-)

Men livet mitt har vore utmerka sjølv om eg kanskje ikkje får dei jobbutviklingsmuligheitene eller den lønna eg kunne fått med litt meir utdanning

Men eg er ikkje dum for det.Tvert imot:-)Men har mine ting eg kan og har ting eg ikkje veit det spøtt om.Slik er det berre

 

Tankane kom idag då eg las eit stykke om lærarar som ikkje helste på reinhaldarane..

Reinhaldarane er liksom usynlige dei mamma ,sa datter mi etter ein sommarjobb som reinhaldar .Og det var hos oss.

Har sjølv og jobba som reinhaldar nokre år.Tung jobb som krev respekt

Så vi bør vel skjerpe oss alle.

Ingen yrke er meir eller mindre verd.

Vi er avhengig av kvarandre og ingen er heller sterkare enn det svakaste ledd

Uten folk som gjorde reint hadde det vorte dårleg med hygienen for å sei det mildt:-)

Men vi er vel ulike som personar alle. Ikkje alle lar vere å sjå dei som vaskar eller har lågare utdanning enn ein sjølv.

Kanskje det har med korleis vi oppdreg ungane våre .Kva for haldningar vi gjev dei med som ballast i livet i syn på andre menneske

Det gjeld både livssyn og respekt for menneskeverdet

Glad eg sjølv har fått med meg ei god ballast i livet og håpar ungane mine har fått med seg litt gode haldningar ,og ikkje berre minna om ei sint,stressa og kjeftande mamma:-)

 

Skjerpings

Hatt ei fantastisk flott helg.

Ikkje at eg har gjordt noko spesielt.Berre kosa meg.Slappa av og tanka krefter.
Dagen idag har for det meste vorte tilbrakt i sofaen.Hadde meg ein liten tur ut for å sjekke nærområdet på føremiddagen

Hekken til naboen er eit syn med sine flotte haustfargar

Alt var som det skulle vere.Tusla heimatt
Vart alt for mykje middag som vanleg
Så vart det kaffikos og før eg visste ordet av det hadde eg ete halvparten av ein stor nøttesjokolade….
Plutseleg skar gale Lise i
Kva søren er det du held på med…!!!
Her strevar du i vekesvis for å prøve å ta av eit kilo, og så gaflar du på deg to ekstra kilo på ein dag..Skjerp deg
Kom deg ut å gå!!!!
Jau…
No er ryggen min ikkje glad i å gå på asfalt for tida så det var ikkje noko alternativ.
Så då måtte eg køyre ei mil for å slite meg opp på Einingsfjellet med gale Lise kjeftande i øyrene

Var eit pæs og eit helseslit men utsikten er upåklageleg og nydelige blåfargar på himmelen uti havet.
Regndråpane lurte oppi skyene og det kom eitpar
Mildt ute men litt vind.Med andre ord meir normalt høstver.
Flott avslutning på ei fin helg.i morra er det klart for ny arbeidsveke

No har eg komme meg oppatt i sofaen.Håper gale Lise held stille No er det kosetid:-)Strikking på teppet.Fyr i ovnen og tv.
Eg har det jammen bra:-)

Fantastisk

Sit på altanen i varmt og godt høstver
15 grader i skuggen.Her i sola er det langt heitare.
Fantastisk
Hatt ein flott tur over Bygdeheia med veslesysta.Magisk

Gjer så godt for kropp og sjel.Slike opplevelsar kan ein ikkje betale i pengar

Litt vind på toppen men gjorde berre godt
Når ein då er så heldig å få servert fårikål etter endt tur er det berre lekker
Den var alt for god.
Så no sit eg her i solkroken med krimbok og kaffikoppen og verker i magen
Det er straffa for ikkje å kunne styre seg

Lei av kun nyheiter om doping

Drittlei av kun å høyre om og lese om skilandslaget og doping fortida
Kva som har skjedd og ikkje aner ikkje eg. Det heile er trist.men trengst virkeleg ein intern opprydding.  Ikkje bra
Men er liksom andre ting som og skjer i verda utenom dette og det amerikanske valget som eg har meir behov for å vite noko om
Den spente situasjonen i Barentshavet skremmer meg. Er skummelt .Kva skjer rundt trygge Norge.?
Mykje som vi sikkert ikkje høyrer noko om
Verda er full av krig og elendigheit
Men no er det kun skandalen innan idretten som tel.Så no vart eg lei av å høyre og å lese.
Sett meg ut på balkongen med teppet godt rundt meg.
Flott haust idag og, men vind
Kven veit kor lenge vi kan ha denne idyllen i fred.Håpar lenge❤❤