Naturen som lykkepille:-)

For meg er det alfa og omega å kunne rusle meg ein tur for å sortere tankane,eller for å ikkje tenkje nokon verdens ting

Berre surre rundt til eg kjenner at eg er fysisk sliten og at det meste har sleppt taket:-)

Helg:-)

Vi har hatt ein fantastisk haust.Vert sikkert lenge til neste gang og har nytt kvar ei solstråle

No er frosten starta å bite seg fast i fjellet og er glatt ellers og der sola ikkje slepp til:-)


Traff på ein kar eg treff kvar gang eg går på Vardeheia.kallar han Leif:-)Mulig det er fleire men ser kun ein

Høstfargane er dei finaste fargane syns eg.kan liksom ikkje sjå meg mett på dei

Er så flott når vatna ligg heilt stille .Fint å kvile augene på:-)

Alltid litt godt å komme på toppen.Var nokon som hadde funne pannebandet mitt og lagt det ned i kassen ilag med bøkene:-)Tusen takk.Snillt

Mykje stein og toppar.Flott når ein kjem opp i høgda litegrann.Er begynnt å fryse litt .Gjer at det er lettare og tørrare å gå.Så ikkje så gale at det ikkje er godt for noko:-)

Vakre fargar.Litt skyer idag men med sola som skin bakom dei vert det fasinerande på himmelen:-)

Elskar mandarinar og et nok antageleg formange av dei.Men viktig med c vitaminar og:-)Men smaker fantastisk etter at ein har pæsa seg oppover på toppen:-)

Kan sitte her oppe i timesvis.Idag var det flott temperatur og heilt stille.Rett og slett nydelig.Kjenner at eg får slik ro i sjela og verda vert liksom ein bedre plass å vere og eg vert nok eit bedre menneske

I sterk kontrast til all krig,nød og elendigheit vi har rundt om i verda no

På veg heim.Eg er heldig på mange måtar som bur her ute,midt i naturen.Litt langt vekke til enkelte ting,og når det vert glatte og isete vegar ynskjer eg at eg budde i varmare land:-)Men som regel er eg megafornøgd


Fantastiske oktober:-)


Og framfor huset er det fortsatt jordbær .Gode var dei og:-)Kjøpte meg ei hengeplante med jordbær i vår og den kjem med nokre jordbær  i ny og ne:-)
 

Like hærleg som turen var det å dusje,fyre i ovnen,krype godt opp i sofaen og finne fram strikketøyet:-)Kunsten å kunne kose seg:-)

 

#friluftsliv #høst #natur

 

ingen morgonfugl:-)

Sit her og gape og prøver å vakne

Å stå opp tidleg når ein er b-menneske skulle nesten vore straffbart:-)

Stiv ,støl.trøtt utafor og totalt uten humor:-)

Går seg forhåpentleg til utover dagen

Humøret må vere på plass til halv åtte,Det andre går seg vel forhåpentlegvis til

Var A menneske dei første åra av livet mitt.Men det føles ganske lenge sida, og er det og:-)

Men vi er alle ulike.Treng mindre søvn med alderen har eg lese,og bra er det for så tidleg om morningen er det minimalt med søvn eg har bak meg

Kroppen min tek nokre timar på å komme igang;.)

men får fortsette å helle innpå kaffi ei stund til

 

Håper alle får ein fortreffeleg fredag:-)

 

 

Kattejammer:-)

Har ikkje hatt katt sidan eg mista Rolf.Han var unik så har ikkje tenkt på å erstatta han

Men i natt held eg altså på klikke

Vakna av eit helsikens spetakkel rundt huset.Remjing og skriking og smelling.For dei sto næmlig ikkje i ro

Kva søren,tenkte eg.Kor kjem desse kattane frå..

Kjende at ettersom spetakkelet drog ut vart lunta mi temmeleg kort

Før eg visste det sto eg på altanen og skreik til ordensforstyrrarane

Ikkje att det hjelpte.Ein stor grå og ein stor kvit katt.Den kvite med litt farge på er ny.Mulig den er på høstferie i nærheita.Den grå har eg sett før

Ikkje at det hjalp

Til slutt så råna eg med meg i kjeftinga, og tenkte det var kanskje lurt å gå inn før nokon høyrde meg og ringde etter nokon som kunne hente meg og legge meg inn ein plass:-)

Var antageleg ikkje det spor bedre enn kattane.

Så la meg innunder dyna med fingrane i øyrene.Sovna til slutt og med dagslyset forsvann og dei besøkjande:-)

Håper dei ikkje kjem att på ei stund

 

#humor

Det er bakdeler med alt:-)

Gamla er vorten forkjøla:-)

Litt trasieg er det å ikkje kjenne seg i form i godveret.Fort gjordt å verte forkjøla no igrunnen

Sola varmar godt men det er kaldt der den ikkje er

Ser ut å det flotte veret og kjenner lysta til ein tur.Men kjenner på kroppen at det er ikkje noko lurt i så fall:-)

Merkelege greier.Har mest lyst til det vi ikkje kan:-)

Men får roe ned litt og konsentrere meg om å verte frisk.Litt fred og ro skader ingen:-)

Har no fått reparert ei tann på føremiddagen.Må innatt torsdag .Ikkje berre berre,Men tenner må ein ha visst ein ikkje skal kun leve på mosa mat og suppe:-)

Litt tidleg tenkjer eg.Og så glad som eg er i mat hadde det vorte skitkjedeleg:-)

Ingenting å sei på utsikta-Vakkert med desse flotte haustfargane vi har no-Har vore eindel trafikk av eit sjøfly med landing og letting på fjorden.Kanskje nokon som øver-Eg hadde ikkje tort:-)

Så istaden for tur så vart det kos med kaffi ,teppe og krimroman .Ikkje ferdig endå, men god bok syns eg.Litt blanding av ny og gammal tid,og ikkje minst lettlesen.Orkar ikkje tungt fordøyeleg stoff idag.Huksar knapt kva eg sjølv heiter.:-)

Ikkje så kos å ikkje vere i form,men så lenge ein er såpass at ein kan lese så er det igrunnen greit.

Har no meldt fint ver nokre dagar til:Har frihelg så då kjem vel styggeveret antar eg.Men enn så lenge skin sola.Eg ser alt støvet og tenkjer at eg må skjerpe meg.Har igrunnen tenkt det i årevis,,Vert verre å ikkje bedre med åra

Ikkje greit å vende på gamle vaner hos sta gamle kjerringar;.)

høst #roman

megahøst

Er nesten så ein ikkje trur sine eigne auge når ein om morningen vaknar opp til nok ein fantastisk flott dag:-)

Må nytast:-).Var sommaren trasig så har iallefall høsten vore det motsatte.

Er nydeleg ute-Fjellfolket spring å fjellet .Jegerane har megaflott ver og sjøfolket nyt dagane på segelblank sjø

Heilt utruleg

Så har vi slike som meg som helst likar seg ute på altanen med teppe,kaffikoppen og krimboka:-)

Litt småtoppar innimellom har det no vorte,men formen er så passe så tek det piano.

Det tek si tid:-)

Vorten mykje tørrare opp på Vardeheia og så er mykje kjekkare å gå,sjølv om ein må ha vantette sko…

For meg som er ganske så makeleg anlagt; så er det lettast å ta den toppen som er nærmast, og der eg ikkje først må i bil:-)

 

Bakdelen med denne sola at sjølv eg med mitt dårlege syn, ser at her er støv Og ikkje berre litt støv…

Det aular formeleg…

Tett før eg dreg føre alle gardinene og later som ingenting….

Aldri hatt støv på hjernen men alt med måte..Får jo dårleg samvittigheit for latskapen min

Ikkje kan eg skulde på andre heller for rotet mitt…

Tota lmangel på ordenssans i tillegg til retningssans

Ikkje rart eg bur aleine:-)

Men men..Går no utover kun meg sjølvNo berre nyt eg godveret innimellom jobbøktene:-)

Vaske kan eg gjere når det regnar

#høst

 

 

 

 

 

 

Nytt reiseskjema frå pasientreiser

Frå oktober kom det nye skjema for reiserekning på pasientreiser

Enkelt og greit tenkte eg

Inn og la inn reisa og trykte’

Kva sto der,,,63 kilometer..

Her må antageleg det ha skjedd store forandringar og eindel utbedring og nye snarvegar eg ikkje har fått med meg

No er det ikkje  min feil at eg ikkje bur på den plassen eg har postadressenavnet.Ikkje eg som har bestemmt det.

Og heller ikkje er det min feil at vi endå ikkje har fått vegadresse…

Dei reknar ut etter den folkeregistrerte adressa.Skulle jo tru at då var alt greit..

Men må vere på høg tid at eg får ei gateadresse for dette gidd eg snart ikkje meir:-)

Vi som har berre postnummer og bur langt frå den plassen den signaliserer at vi bur på slit

Ingen plass å forklare det heller

Er minst 20 kilometer lenger ein veg visst eg søkjer frå der eg bur til sjukehuset, kortaste vegen.

Ikkje går her buss.Er visst meininga at alle skal ta buss.Følge får du visst berre om du tek bussen

hadde det gått buss hadde eg ikkje trengt følgje.

Er nemlig på behandling for augene:-)

Akk Ja.

Verden går visst framover.men trur ein bør rekne vegavstandane i Sogn og fjordane etter vegen og ikkje i luftlinje

 

 

Rundt omkring

Det er så vakkert å rusle omkring
På nye plasser å gjere ingenting
Berre å nyte natur og luft
Og kikke litt på ei nye tuft

Trerne lyser i gult og brunt
Og varsler at no kan lue vere sundt
For er litt kaldt i lufta her og ikkje tid for bare knær

Elva er både vill og vakker
Det er som ho for sommaren takker
Gaula er flott og der kryr av laks .For fiskarar er det jo berre maks

Men det som slo alt var himmelen igår
Som følelsane renn og det kjem fram ei tår
Ikkje så ofte eg får med meg det her
For hos meg er det for det meste berre trær
#dikt#høst

By?

For meg har det alltid vore Bergen som er by🤗
Men Førde har jo fått bystatus…
Fortsatt litt rart syns eg.Men no har dei jo fått bompengering.
Skikkeleg mura seg inne
Men faktisk så syns eg Førde er småkoseleg.Vorte veldig fint langs elva.

Kos å vandre rundt i parken.Gjer seg med litt trim når ein sit på reva og kurser seg og et til seint på dag

Var ein koseleg tur å vandre rundt i Førde.Vanlegvis er eg berre innom sykehus eller butikkar😂

småsur på tur

Nydeleg ver  men idag vakna eg litt småsur ,stiv og støl

Tok si tid før eg gadd stå opp

Sol skein og prøvde så godt den kunne å få meg på bedre tankar,men var ikkje heilt der

Men,,,,har ei datter som er a.menneske og når ein då får melding om trimtur i nydeleg ver før fuglane står opp,så smitter det litt….

Tenkte at jaja…Skulle vore ein tur på Einingsfjellet.Det har eg tenkt no lenge…

Dagens gladnyheit

Det er rydda ny veg forbi den verste plassen med søle og klatring:-)Tusen takk:-)Flinke folk …

Drittungt å gå idag.Helseslit.og igrunnen så er det ikkje så langt heller…Men idag syns eg det var veeeldig langt:-)

Men flott å få svette litt og fekk tenkt og snakka mykje med gale Lise,mitt andre jeg, om alle tinga som var inni hovudet

Ikkje berre fine ting som kom fram..Men får no håpe at eg ikkje snakka høgt,for var ikkje aleine som gjekk tur i solskinnet:-)


Er ei ubeskriveleg flott utsikt.Alden er flott i all slags ver

Terapi .Litt kaldare på toppen men den utsikta gjer noko med ein

Vakkert rett og slett.Kjenner at all irritasjonen i kropp og sjel slepp taket.Sånn etter mottoet..Skit i det for eg har det bra:-)

Koselig med benk.Idag brukte eg den kun for å skrive meg inn i turboka:-)

Fantastisk start på dagen når eg kjende etter på toppen,men føltes langt frå fantastisk då eg vakna

Tur for meg er viktig for kropp og sjel.God terapi samt at eg får litt trim…Burde nok verte flinkare til å strekke ut…Må verte neste mål:-)

Ynskjer alle ein super tirsdag:-)

#friluftsliv #trim #tur
 

fantastisk dag;.)

Fantastisk flott helg.Nydeleg haustver.

Sol men litt kaldt.Faktisk på 0 punktet om natta:-)

Har vore ute omtrent i heile dag.Viktig å hanke inn så mykje solstråler ein kan så ein er godt rusta til vinteren:-)

Kjenner iallefall det gjer godt:-)

Starta dagen med kaffi på altanen.Hærleg å sitte ute med pledd rundt seg og ei god bok

Ufo:-)

Ikkje så greit å ta bilde i motsol,Vart igrunnen litt flott alikavel

Rusla meg ein tur i nabolaget .Høstfargane er begynnt å komme fram i naturen

Vakkert.

Mens eg gjekk der og surra fekk eg lyst på ein fjelltur i det vakre haustveret;.)Så heim og på med turhabitten

Vakkert på fjellet no.


Vakkert på toppen av Vardeheia

Får fred i sjela når ein ser langt utover havet:-)

Den norske hest

Mykje vatn i elvane etter regnet og vått å gå

Men kva gjer vel  det.

Går ikkje fort med meg men nyt kvart augenblink,utenom når eg sklir:-)

Heim for å tilbringe resten av den fine høstdagen med familien.

Ingenting kan vel verte bedre enn det.

Kjenner at eg føler meg heldig:-)