Kunsten å slappe av:-)

Av og til syns eg det er så godt

også for min halvgamle kropp

Berre slappe av og ta verda med ro

Kun måtte ein ting, og det er å gå på do

 

I dag er ein slik dag 

og eg nyt den for alt

Slike dagar kan ein ikkje for noko få betalt

Berre det å sove så lenge eg treng

Det er jo ein fordel å ha ei god seng

 

Har rusla meg ein tur og sett på naturen rundt

Litt grått idag men frisk luft er sundt

Nokre har fått lys ute på tre og hus

er fint om kvelden med kveikte lys

 

No sit eg her framfor dataen min

Kjenner meg ganske så lys i mitt sinn

Forkjøla fortsatt og litt ilt her og der

Men ganske bra i mine tær

 

Venter på middagen skal verte klar

Lagar den sjølv,

men litt tid det tar

Veit så inderleg vel at eg burde ete med vit

Men skal eg vere ærlig så er det eit slit

#dikt #humor

 

God morgon:-)

Vakna alt for tidleg idag.
Prøvde å sove litt meir men nyttalaust
Kjem snø seier kroppen min
Det er jo nok til at ein tenkjer på timevis med snømåking og spørsmål om kvifor eg har busett meg i ødemarka😀

Ein av grunnane er jo dette her😊
Flott utsikt å vakne opp til

Bilen frys stakkar.Han har ikkje hus og fekk ikkje så godt som eit pledd til å ha på seg i kulda 😊
Får sjå om eg får opp dørene om litt.
Er no eitpar timar til vi må ut
Sjølv må eg drikke litt meir hett for ein sår hals og vakne med forsiktigheit😊

Ein himmel full av stjerner😊

Det er så vakkert ute i kveld😊Himmelen er full av stjerner.Det er stille og kjenner roa berre senkar seg

Det å gå tur litt sånn i kveldinga og få med seg kontrastane i lyset er fasinerande.
Tidleg mørkt no på denne tida av året.
Har vore ein nydelig 1 søndag i advent her hos oss.
Fortsatt forkjøla så held med for meg sjølv.
Nett innom naboen som verkeleg har fått smake forkjølelsen.
Frisk som ein fisk eg i forhold❤

Kos å komme heimatt i hett og godt hus.
No har eg krølla meg opp i sofaen med kaffikoppen og eit halvferdig hekleprosjekt eg fann.Sikkert frå før sist jul eller året før det😊

No får eg ta å gjere det ferdig😊

Så tenner vi eit lys ikveld
Vi tenner det for glede😊

Tjo hei😊

Kom meg ut i frisk luft idag
Hipp hurra😊
Veit ikkje heilt om det er så bra for forkjølelsen men det skit eg i😊

Ikkje heilt det store veret men heilt greit for ein tur etter vegen.

Uansett så kjenner eg at frisk luft er alfa og omega for psyken.
Energi i kvart eit innpust og det negative tek ein på utpusten😊
Er visst noko som heiter juleforbredelsar men hopper over det meste.
Adventstida skal vere kos og ikkje stress.Har nokre få kjekstypar eg må bake ellers litt gaver.
Men rekk det.
Er jo ei stund til jul endå😊
Den kjem no uansett om vi er klar eller ei
Er no forberedelsane og kosen i adventstida som gjer susen.
Jula er jo over på null komma null

Flott å gå rundt og subbe etter
vegen og fundere litt over livet sine opp og nedturar
Laga meg middag og åt for mykje som vanleg😊kunsten å kose seg

Er glad i å strikke sokkar men det å feste endane er det visst verre med

Fann ein pose i eit skap..Har nok vore der ei stund😊
Så no får eg sjå til å gjere det ferdig

Mange halvferdige prosjekt av ymse slag men får starte med sokkane.
Fort gjordt berre eg finn att stoppenåla😊

#ut #tur #foto#personlig# ironi

Tankar ein regnversdag:-)

Utruleg kor kjedeleg det er å vere slakk

Hadde eg no endå mista matlysta så hadde det no vore so

Men neidå.,,,,,Det einaste eg igrunnen orkar ,er å ete og det i ett bankande kjør

Ikkje orkar eg å få frisk luft heller..

Kjenner vinterdepresjonane tek taket i takt med slakkheit og regnver..

I morra vert det nok holkeføre

Meldt kaldt etter å ha bøtta ned ;.)

Men må eg lufte vetet koste kva det koste vil for dette innelivet tek aldeles piffen frå meg:-)

Her er dama med humøret på topp skjønner de…

Treng ein spasertur for dagen for å halde desse sure tankane på avstand ,og få litt bevegelse i ein gammal skrott

Når eg ikkje orkar det så vert det surmuling…og eting…

Held nesten på å sprikke.

Veit jo at eg ikkje bør men viljen er svak:-)

 

Same kor ein snur seg så er rompa bak:-)

Litt lei av å sitte i sofaen og glo på tv.Då er det bedre å kunne gjere dei tinga ein brukar gjere

Og eg har berre ein forkjølelse

Den går jo over på eit par dagar:-)

Er noko med å kunne gjere dei tinga ein har funne ut ein treng for å ha det mest mulig bra med seg sjølv

For har eg det ikkje bra med meg sjølv så har eg det heller ikkje bra ilag med andre.

Treng overskudd for å vere ein god venn og kollega ellers går ein fort tom:-)

Av og til er eg rett og slett elendig til begge deler…

Er visst noko som heiter å ta seg saman..Å ja,eg prøver…

Men ikkje alltid eg lukkast med det

Men trøster meg med at det er heilt normalt

Sjelden eg har trefft nokon som er heilt utan feil å manglar

Det viktigaste er vel at vi er klar over vore sterke og svake sider og gjer det beste utav det

Ein får vere som ein er når ein ikkje vart som ein sku

Eg er ilag med alle andre heilt unik:-)

Så det er ingenting å kimse av.Kanskje eg skulle brukt den unike delen av meg til noko positivt

Rekk igrunnen med ein av meg ,trur eg

Kan vere litt slitande til tider.Maser og kavar har temperament for fleire

Men kan vere ganske så grei og kjekk når eg vil.

Rikelig med sjølvironi og ikkje fullt så dum som eg ser ut som:-)

Igrunnen så har eg det best når eg får tusle rundt aleine i naturen eller etter vegen,.Jaja kan jo og gå med andre,. berre dei går seint:-)

For når eg går tur skal det vere null stress.Poenget er å finne roa:-)

Vert meir og meir sær etter som åra går

#ironi

Black friday

Salg overalt ser eg
Eg tilbringer den innadørs.
Kunne sikkert spart nokre kroner på julepresangar men sidan eg igrunnen ikkje veit kva eg skal kjøpe er det kanskje greit å la vere
Måtte i såfall vorte på nettet.Ikkje veit eg kva ting faktisk har kosta før heller og det er lurt:-)Bør kanskje verte meir prisbevisst i det store og heile:-)Ikkje noko handleform på meg
Sikkert likegreit.

Sovna til regn og vakna av at regnet hamra
ned
Meldt 60 til 100 mm.
Det klaffar nok med den intesiteten det er på regnet.
Skikkeleg julevask😊
Bilen var skitten så han trengde no vaskast😊
Skikkeleg sofaver.
Heilt grei dag å måtte vere inne og slappe av på.
Kom til og med på kor eg hadde adventsstakane😊
Og dei var der til å med.Hipp hurra:-)
Litt greit å finne dei no og ikkje etter jul😊

Atsjo:-)

Måtte melde pass idag.
Forkjølelsen vann og har nett orka forflytte meg frå seng til sofa
🙂
Ikkje så mykje å gjere når forkjølelse og feber herjar.Får gjere det ein kan
Halde meg på sofaen.Ingen vits i å utsette andre og meg sjølv for noko meir😊

Fått fyr i ovnen.Lysa er kveikte:-)
Kanne med varmt drikke og rikeleg papir er funne fram.Då har eg det eg treng.
Bedre etter nokre dagar sikkert.
Sjølv om eg har hangla ei stund og sikkert kjem til å gjere det litt framover så treng ein som regel ikkje så mange dagar i senga.😊

Veret ute er grått og trist så passer til helsetilstanden😊
Syns igrunnen eg har vore forkjøla lenge nok så antar dette må vere innspurten
Kjenner at no er det tid for febernedsettande og hovudet på puta  litt😊
Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko.Får rikeleg med kvile😎
I tillegg kan eg syns synd i meg sjølv uten at det er behov for
Kom nett på at det er første søndag i advent i helga….Går litt fort for meg denne tida.Alderen antageleg:-)
No kan eg ligge her og fundere på kor eg gjorde av adventsstakane…
Er nok på ein lur plass😊

Kåseri med Frank Årebrot

Vore på kåseri med Frank Årebråt

Fantastisk:-)Litt av ein mann:-)

Kunne ha hørt på han i timesvis .Ja det tok jo si tid:-)

Fantastisk kunnskapsrik og kan det å halde tilhørarane engasjerte, Og ein som med sine meiningar får tankane i sving og om ein er einig eller ikkje. så er det mykje sant i det han seier.

Artig å høre hans meining om vestlandet.

Men vi må få oss ei varmepumpe i grendahuset for eg er omtrent ihelfrosen:-)

Kanskje og ein grunn til att eg er så våken

Men anbefaler kåseriet til Årebrot til alle

Ikkje eit kjedeleg minutt.

Vel verd pengane

Så takk til folkeakademiet som får slike kåseri ut i bygdene:-)

 

 

Hurra eg vann😊

Vann flott panneband frå Sparebank 1❤
Var kjempebra skal ei sei.Sat som støpt og varma
Så tusen takk.Ikkje alltid tull desse facebook- konkuransane😊
Når eg i tillegg er sponsa av mamma med nokre lekre vottar så er jo turen redda.
Mulig det ikkje er den store sponsoravtala men den er ubetalelig.

Når eg då fekk på meg vestlandsbunad.joggesko og refleksvest var det godt å komme med ut sjølv om det yra

Flott utpå utsikten😊

Folkestad i fjaler.
Måtte ta litt bilder på tannlegeturen og idag
Sjølv om veret igrunnen er grått er naturen flott

Vakkert i Gaular og
Litt godt å ha god tid til å kunne stoppe undervegs😊
Fridagen nærmar seg kveld
Klokka er 17 og det er mørkt ute
Magen knurrar så gamla får lage seg litt middag:-)

#bilder#natur#foto

Dagen i dag

Sit her i fred og  ro med kaffikoppen ,data og god morgen Norge og prøver å få med meg kva som skjer i Norge og verden rundt

Grøss og gru nyheiter i vest.stor.pedofilring avdekkaFinn ikkje ord for slike handlingar…Er rett og slett grusomt men godt dei vert oppdaga og straffa.

Bergenpolitiet er igjenn i søkelyset

Trumh vil forandre navn på fjell og kona hans vil ikkje bu i det kvite hus.
 

Dette er liksom det vi får høre frå Usa.Må då vere viktigare ting .

 

Sjølv skal eg kjøyre milevis for å gå til tannlegen

Så høyrer ein om at det skal aukast i bil og avgifter på drivstoff

Ikkje alle bur der det alltid går eit tog

Her går det ingenting forbi,Kun skulebussen.

Skulle gjerne hatt det slik som i urbane strøk,men det har eg ikkje .Ikkje driv eg å kører i hytt og pine fordi eg har lyst heller;-)

Kjenner at eg er begynnt å verte irritert av heile greia så får antageleg heller gå over til å tenke på andre ting

Snart advent og jula nærmar seg med stormskritt.

Heldigvis kun ein mnd til sola snur:-)

Får sjå om eg klarer komme meg ut å gå ein tur etter at eg kjem frå tannlegen langt ut på dagen.Ikkje bevega meg på dagevis og det vises godt på kiloa  Vert deprimert ved tanken,men det er kun min eigen feil.Et for mykje og bevegar meg forlite.

Ingen karakter i det heile…Får prøve til att antageleg:-)

Ikkje mi tid denne delen av året.Vert liksom berre litt grå og trist:-)

Men no får eg drikke opp resten av kaffienpusse tenna og komme meg avstad:)

Ynskjer alle ein flott mandag:-)