Morgonstund ar gull i munn

Det er eg altså ikkje så sikker på:-)

Er oppe men det kan umulig vere sundt for eit B-menneske å stå opp så tidleg

Er iallefall grytidleg for meg.Var oppe litt før 06

Det trengst ein time før eg skal ut å køyre

Må liksom prøve å vere litt våken på jobb:-)

Lite søvn.Men slik er det når eg ikkje ar vet å legge meg etter eg kjem heim  frå seinvakt

Burde jo gått rett i seng når ein kjem heim 23.00

Men neidå

Her må ein sjå Mord og mysterier ,som eg oppdaga gjekk på Vox:-)Og når ein då endeleg er under dyna så tok det jo ei tid før søvnen kom

Men skal vite eg sov då klokka ringde

Den gjov heldigvis ikkje opp så lett

Men no får gamla gå å pusse tenner og gjere seg klar til å sjå folk

Treng kanskje ikkje skremme livet av nokon

Ha ein fin dag:-)

 

Lørdagsavisa:-)

Eg er ein av dei som ikkje har vegadresse.

Ofte er det eit stort problem når eg skal bestille ting på nettet

Der forlanger dei det.Ikkje alltid hjelp i å skrive stadnavn når ein ikkje kan slenge på eit nr.bak:-)

No ser ein jo konsekvensane av dette

Posten skal fram heiter det:-)

Jau…Men ikkje så enkelt når ingen veit kor vi bur, har det vist seg

Ikkje veit eg kven som no kører rundt med avisene på laurdagane.Sikkert ingen enkel jobb her ute i distrikta

Kanskje dei bør a med seg kjentmann dei første gangane

Sist lørdag fekk eg avisa.Firda altså

Naboen fekk firda,men Bt den glimta med sitt fråver.

Andre fekk aviser dei slett ikkje skulle ha og nokon fekk ingenting

No er vi tilbake der vi var for mange år sida.

Framskritt kallast det visst.

No er det slik ute med meg at her er det heller ikkje skilt som viser stadnavn.Det er det kun på dei litt meir viktige plassane

Så her lever eg heilt anonmt:-)

Går flott så lenge eg ikkje treng å få levert noko eller skal ha besøk.Då bør eg vere god på å forklare vegen:-)

Akk Ja

Kanskje ein burde fått på plass vegadressene først før ein ga postomberinga til eit firma som igrunnen ikkje visste kva dei ga anbud på

Ikkje så enkelt for dei stakkarane som kører rundt på ukjende vegar heller:-)

Krimromaner er topp❤

Litt småslakk fortida og ute er det litt sånn småsurt
Då er det kos å krype opp i sofakroken med ei god bok
“Gudmora” av Hanne Kristin Rohde var god og lettlesen syns eg.
No skal eg til på Coben og ‘den fremmede.’
Alltid like spennande kva eg syns om bøkene.
Kva vi likar er jo og forskjellig.
Veit eg burde ha gjordt noko i huset men orker og gidd ikkje for å sei det som det er😊

Rusla med ein tur ut til nabokommunen .
Stille og fredeleg der ute og verkar det som.

Mykje vatn overalt og kjempestor flo for tida.
Ikkje at eg skal på sjøen😊
Gjorde godt med frisk luft.
No er det mørkt og tid for tv.lesing og avslapping igjenn
Latskapen lenge leve.

Har funne fram ein pose med slike halvferdige produkt…
Å feste endar er kjedeleg.
Men liten vits at eg har posevis med saker som kun er att å feste endar på..
Her må eg dra meg sjølv i øyrene
Kor lat kan eg igrunnen bli

#bok#roman#krim

Regn😊

Når dammane i vegen er så store at treea får spegle seg veit ein at ein bur på litt avsides vegar på vestlandet
Skjønnt er vel verre andre plassar enn her.
Pass opp for vannplaning😊

Orkar ikkje dei store trimturane ,men ein liten luftetur gjer susen.
Naturen er litt naken og trist
Men er uverskråke så passer meg perfekt
Berre glad eg slepp kulde og glatte vegar

Karbohydrat

Alt for glad i karbohydrat og middag generellt
Spagetti og poteter er berre lekkert
Samme med
brød .Nam❤
Problemet er at det er ikkje så bra og ete dette i haugevis visst ein vil halde vekta i sjakk

Kjenner at no må eg ta meg sammen
Fram att med knekkebrød og salaten🤔
Prøve å redusere litt på matinntaket.
I det minste prøve å putte i med litt sunnare mat..
Aner ikkje kva eg skal lokke hjernen og viljen min med….
Sit jo i viljen til å legge om matinntaket
Er vel helst mengden.
Utruleg kva eg klarer stappe i meg😊

Er godt med salat og.
Så påan igjenn….
Har det med å falle tilbake på gamle uvaner

Takksam

Vinden bles og piskar på mi rute

Det er skikkeleg surt og det regnar ute

høst eller vinter ,det går i ett

er må vi alle å alt vere beredt

 

Tenkjer alltid i slikt eit ver

Jammen godt eg har godt med klær

Og eg har hus og mat og slepp ligge ute

Kan berre ligge å slappe av på mi pute

 

Har det godt og kjenner eg er takksam for det

Tenkjer på dei som har lite med fred

som er utrygge,frys og kjenner redsel i magen

som ikkje veit kva som skjer neste dagen

 

Verden er ulik for dei fleste av oss

skulle gjerne sett at fleire fekk det godt

at armod og nød skulle sleppe taket

at verden vart litt meir make

 

#dikt

 

 

 

 

 

 

 

Sliten.no men det er fredag:-)

No kjenner eg det er godt å krype godt opp i sofakroken
Vore på sykehuset og til tannlege så fått sprøyte både i auge og munnen.
Eg var no i det minste stille den stunda 😊
Slakk i ånden
fortsatt.
Forkjølelsen heng i
Sleipt på vegen var det og inni landet då snøen kom.
Her er berre
vind. Skikkeleg inne og kose seg ver❤
Hadde meg ein tur innom Mjølkerampen på Sande i Sunnfjord.
Koseleg kafe og utsalgsplass😊
God kaffi og skillingsbolle❤
Litt mat måtte eg ha før tannlegen.
Koselig med slike plasser litt utenom det vanlege

Vel verd eit besøk
Men må innrømme det var godt å komme heim.
No går det i musikk av leonard på tv.
Eg har fått lappen på auget og livet er litt meir innskrenka å sjå til😁
Men bedre det enn å annstrenge auget for mykje .
Storm og regn i vente så denne helga vert innehelg😁
Trur det er fornuftig for kropp og sjel og kanskje eg då finn att heklegardinene
mine.Dei har nemlig gjømt seg❤

Ikkje berre dei .Mulig det spøker men er nok meir gamla som ikkje aner kor ho har alle desse lure plassane sine.

Så imorra får eg kanskje rydde litt meir i håp om at tinga dukker opp

Verden går vidare:-)

.No har Donald vunne valget

Hadde det på følelsen.

Har vore eit salig rot med beskuldningar og epostar .For meg er det det glade vanvidd

Verden går no vidare, men vert spennande å sjå om det vert store forandringar når han inntar trona.Kven veit?

Ein skal vel ikkje dømme nokon før dei har fått prøvd seg..

Er berre glad for at det ikkje er Usa tilstander i Norge

Vi har det godt sjølv om langt frå alt er perfekt her heller.

Forskjell på fattig og rik er det overalt.Jaja

Er stort sett fornøgd med det eg har og at eg bur i eit land som tek vare på alle

Ser ut på nydeleg natur der sola skin så vakkert oppi lia.Får den etterkvart på huset og

Sur og kald vind.Vinter i lufta men vi har fred og ro.Ingen krig som truer bak hushjørnet

Sjølv om eg ikkje alltid er fornøgd verken med det eine eller andre,så er eg takknemlig for at eg bur i det landet eg bur i:-)

Politikk er og blir eit spel

Og ein person styrer ikkje eit land åleine .Men  der ,som ellers, er ein avhengig av rett person ved rattet,Viss ikkje kan det fort verte ein manøver som ikkje kan rettast opp og det endar i elendigheit

No får vi berre vente å sjå kva det vert til 

Håper det går bra 🙂

 

 

 

 

Valgnatt?

Om ein vil eller ei får ein med seg valget på president i Usa
Om ikkje anna så gjer dei mykje av seg
Glad vi ikkje har slike valg i Norge…
Skremmande
Kven som vinn veit ingen og eg skjønner igrunnen lita av korleis det var dei som sto att til slutt
Her ser ein kva pengar og makt har å sei.
Har ferie så kan nå følge med på valget utover natta😊

Ser på ymeplattforma som minner om ei stor oljetid som no ser ut som er forbi.
Kva skal vi no satse på framover?

Det gode med å ha ferie at ein treng ikkje gjere nokon ting
Minuset er at det er bitande kaldt ute…
Men sol❤så skal ikkje klage.
No har eg laga meg kaffi.
Funne avslappingsmoduset og er klar til tv kveld og presidentvalg

Huttetu:-)

Er vinter

Skikkeleg bitande kaldt og eg får kun lyst til ein ting..

Verte klimaflyktning;.)

Heime etter å ha besøkt hovudstaden.Der var endå surare.Ikkje i temperatur, men der var vind og snø

Herr er det nydeleg ver, men huttetu.

Minus 6 grader held lenge for meg.

Fortsatt forkjøla og vond hals..Det varer nok ei stund

Vert så imponert over dei som klarer fjelltur i denne kulden.

Ikkje noko for meg….Alt for kaldt.

Mulig eg frys meir fordi eg ikkje er heilt i form,men trur ikkje det

Tidleg og lang vinter skal den vare frå no til mars /april

Her er det ei som er optimist:-)

Men er jo slik det er,Nokon elskar kulde og vinter..Eg gjer det ikkje

Er nok ein av dei som helsemessig burde vore i varmare strøk om vinteren:-)

Men no er no ting ikkje slik:-)

Her er det berre å gjere det beste utav det

Så no har gamla fyrt godt i ovnen.Kveikt lys og koser seg inne ,

Litt slakk i ånden men har ferie så det gjer ingenting om eg tilbring dagen i sofaen

Må nok ha meg ein liten tur ut men ikkje endå:-)