Vindusplass:-)Heia Norge

Vindusplass på flyet er supert når veret er fint
Bort såg eg kun skyer

 

Vakkert land vi bur i

Var godt å komme heim
Men kaldt…
Har fyrt i så omnen lettar men tek si tid…
Så har pakka meg inn frå topp til tå
Får pakke meg utatt i morra😁

Ute er det beinkaldt , men ser så vidt i den flotte solnedgangen
Flott å vere på tur men jammen er det kjekt å komme heimatt og

 

#foto #natur

Reisefeber😊

I morgon er det påan igjenn…
Besta reiser aleine del 2
Gruer meg som berre det
Blir no satt på flytoget og deretter får eg skjerpe med😊

Er ein stor by så får sjekke ut meir neste gang

Fått gjordt mykje.
Vore på konsert.Trefft familie.god kvalitetstid,kino og ete god mat.
Ikkje så ofte det skjer🐮
Men som alltid skal det verte godt å komme heim og.
Hadde vi berre kunne hoppa over vinteren😁

Osloferie😊

Koser meg ein søndagsmorgon i vinternorge
Aleine heime og trengde frisk luft så våga meg ut 😎

Fann ut at det greie her er at ein kan gå lange strekker rett fram..
For retningsville meg er dette topp.
Iallefall ein god start

Kjekt å få rusle rundt litt

Her snudde eg på eventyrbrua
Trur ikkje eg skal lenger på eventyr aleine idag iallefall

No er det litt avslapping.
Må jo ta det litt forsiktug.:)

It is could outside

Vinter ute og vind
Har nok tatt vestlandsveret med meg på tur.
Ikkje heldig med turveret men så lenge ein er i godt selskap så er det ikkje nøye
Forkjøla som eg er så er det best eg er inne uansett

Var på koseleg plateslepp igår
Bergen mandolinband uten bergensarar og lady Hardanger.
Bluegrass. Flinke musikarar og kjekt
Ikkje så ofte eg beveger meg ut men gjer seg

Trudde ikkje Vigerlandsparken var så stor
Utruleg fin.Sikkert eit syn om sommaren.
No er det så ein får lyst til å kle på alle desse statuene😀

Youngstorget
Hasra forbi i østavinden😊

Dattera er gått på trening så no nyt gamla tilverelsen i sofaen med kaffi og strikketøy
Frister ikkje å gå ut.
Ikkje vil det vere så lurt å vase ut på eigenhand heller
Fader veit kor eg ender❤

Gamla på tur

Uffameg og huttetu.
Ikkje så enkelt.
Men til Bergen går fint
Vestlandsver.
Surt og kaldt

Å fly er ikkje noko for forvirra kjerringar
Systa køyrde meg på flyplassen😊
Megasnillt
Men overlatt til meg sjølv var eg totalt avhengig av god hjelp for å komme vidare
Mange hjelpsomme folk skal eg sei:)
Kom meg på flyet og over skyene skein sola
Det gjorde det ikkje under

 

Så var det neste skritt.
Flytoget
Godt eg er i Norge…
Etter god hjelp kom eg meg på toget
Fekk til å med spørsmål om nokon henta meg eller eg trengde hjelp på oslo S.
Men der sto heldigvis dattera❤

 

Så no koser vi oss

Augesjukdommen Våt AMD

Ikkje så kjekt uansett kva sjukdom ein får uansett liten eller stor

Sjølv har eg våt AMD
Får behandling med sprøyte ein gang i mnd…har styra på med dette i 2 år.
Hadde jo håpa at det skulle roe seg men er visst like hissig som eg er.:-)

Var på Haukeland for verteporfin-terapi. Hadde eit håp om at det skulle bremse litt sjukdommen..men den gang ei…

Men så lenge eg klarer å halde det så nokonlunde i sjakk så tar eg gladeleg den sprøyta på auget ein gang i mnd.Alternativet er verre

Så sjekk augene folkens
Gå til optikar visst du merkar forandring
Eg venta forlenge❤

God morgen Norge

Iallefall er det god morgon Norge på tv.
Vinteren er på veg kjenner eg.
Pakka meg godt inn her i sofakroken.
Godt med ein kopp kaffi som varmer i skrotten.Kroppen er sånn lite fungerande men vert nok bedre.
Forkjølelse er noko herk men det går over.


Bør gå fort over og for eg skal på tur.❤
Ikkje så mykje stas å reise når ein ikkje er i form men reise skal eg😊
Fin musikk på
tv.Sånn som får opp humøret


Har reisefeber.
Skal ikkje reise så langt men skal fly…
Ikkje noko eg gjerne gjer og er lenge sida..
Så har nærmast mareritt…
Burde kanskje ha på meg sånn skilt rundt halsen:
Totalt retningsvill og forvirra bestemor reiser aleine
Uff…
Ikkje alt ein gjer som er like kjekt men skal eg komme meg nokon plass må eg ta litt sjangser….

Sikkert på høg tid. Men er litt pysete.
At slike ting kan skape slik kaos i hovudet er igrunnen ubegripeleg.

Men no skal eg berre ta verden med ro.
Finne meg litt meir varmt i koppen og la kroppen få kvile og håpe at vi ikkje snør inne😊
Vinteren lurer rundt hjørnet om eg vil eller ei😊
Kjenner det skal gjere  godt med litt
ferie.Trur eg er litt mygla

Stakkars meg:-)

I dag er det ikkje hjelp i verken gale Lise eller noko anna på  det eine eller det andre

Vorten stappa forkjøla og rusten i stemma

Stakkars meg.:-)

Halsen er sår,kroppen verker og hovudet dunkar

Med andre ord er det noko som går over, berre ein tek det med ro litt

Kanskje er det det eg treng.

Så idag ligg eg som eit slakt i sofaen men papir i umiddelbar nærheit

Slike dagar er det igrunnen godt at eg er aleine.

Slepp å ta hensyn til nokon andre enn meg sjølv og ikkje smittar eg nokon heller

Det einaste eg treng er rikeleg drikke og febernedsettande

Litt bale med vond hals men håper det går over av seg sjølv

Slike ting brukar det

Hadde sikkert vore godt å hatt nokon som dulla med ein,men igrunnen så syns eg det er litt masete når det einaste eg treng er fred og ro:-)

Vorten ei skikkeleg sær gammal dame med åra:-)

Men det er eit fantastisk flott ver ute .Men kaldt

Vinteren bankar på døra og minner meg om at no vert det tid for glatte vegar,sukk og stønn og mykje snømåking

Det siste gjev jo mykje frisk luft og musklar men for ei som ikkje er så glad i denne årstida er det berre eit pæs:-)

I slike tider eg tenkjer at eg nok burde budd i sivelisasjonen der det gjekk kollektiv transport og ein slapp å kjøyre rundt på smale glatte vegar med livet som innsats,for deretter lese om miljøpolitikk, der alle skal ta kollektiv transport,bilavgiftene og bensinen skal auke og det skal straffast å bu på landsbygda

Trur eg vert litt agressiv av å vere sjuk og:-)

Gale Lise

Av og til kan det vere greit med eit alterego.Andre ganger meir slitsomt
Skikkeleg sliten då eg kom frå jobb.Det einaste eg tenkte på var mat og så sofaen
Følte eg omtrent gjekk i svart
Låste meg inn i gangen og sparka av meg skoa då gale Lise plutseleg trona framfor meg som den burugla
Kor ska du?Spør du meg så er det einaste du treng ein spasertur i frisk luft…Ho var ikkje nådig
Så gamla fekk på seg joggesko.hue og refleksvesten og tusla avgard

Mykje vatn i bekken sjølv om eg syns det har minka sida igår
Kjenner det er kjøligare i veret.men vi er jo kommen i november så det er inga bombe.
Fortsatt er det litt lauv att på trea om ikkje så mange

Gale Lise har rett av og til.
Var godt med ein spasertur.
Skodda har lagt seg over fjorden og det er godt å komme inn.
No gjeld det å få fyr i ovnen og middagen ferdig😊
Svolten og litt kald og ikkje minst sliten.
Skal bli godt å krype opp i sofakroken