Snart eit nytt år

Har ikkje akkuratt vore min dag idag.
Jobba seint igår og skulle på dag idag…
Sleit med søvnen og måtte på kontoret.
Idet eg skulle passere dørterskelen til soveromsdøra trakka eg feil
No har eg i 20 år hatt ein tynn kabel liggande inntil vegge festa med slike små klyper..
Igrunnen ikkje tenkt over dei før inatt då eg trakka den eine inn i helen…
Fy f….seier eg berre.
Fordelen med slike festa greier er jo at ein får dei ut att.
Drittilt og blødde gjorde eg.
Fortsatt litt ilt og slit med ganga…

Klarde meg merkeleg nok uten dei store fadesane på jobb.trur eg…

Rusla meg ein tur etter jobben…
Pingsa iveg er vel rettare☺

Var herleg.
Har hatt koseleg middagsbesøk.❤
Men klarde jo selvfølgeleg å slå kokande vatn over venstrefoten

Sjølvplaging er inn.
Har såte med kald våt klut over foten i nokre timar…
Ikkje min lykkedag…
Ete for meg og fleire…
Ingen styring på matinntaket
Godt det går mot lysare tider.
Må ta meg skikkeleg ihop skal dette gå bra.Burde igrunnen ikkje nemne det meir når eg er så korka…

Kongen si tale var som vanleg jordnær og fin.
Liksom ikkje noko høgtsvevande fraser der i gården.

Ynskjer alle eit strålande 2017

Influensa?

Har hatt slik forterande hovudverk idag..ikkje vore heilt i strøk 😐
Prøvd med mykje frisk luft men hjalp liksom ikkje
Men no er gamla potte tett og fått rennande nase..
Veldig festleg…
Hovudverken vil liksom heller ikkje sleppe taket..
Håper på at det er forbigåande og ikkje influensa…
Får sjå set an…er det legen plar sei☺

Tatt paracet .Funne fram trøstefor og vikla meg godt inn i teppe..
Det går seg nok til
Kos film på tv.Likar desse koselege filmane frå nokre år tilbake.
Fattigmannstrøst er å trøste seg sjølv
Har no i det minste tak over hovudet😊

Utruleg kor sjølvopptatt ein kan bli
Våpenkvile i Syria seier dei.
Håper det stemmer.
.
Grusomt med så mykje nød og lidelse
Her har vi heldigvis kun vind og ruskever.
Vi er heldige og håper det varer.
No får eg legge meg nedpå litt kjenner eg.
Ha ein fin kveld☺

Må få meg ny hobby

Vert litt for mange tepper.
Er liksom så enkelt å halde på meg😐
Treng ikkje tenkje og ikkje sjå så godt heller.
Men er no ei grense kor mange ein treng

Starta på eit nytt og må vete
Men no bør eg kanskje bruke vetet😀

Har jo nokre heklegardiner eg held på med…men det dreg ut…
Burde nok heller fått dei ferdige visst eg skal drive med noko..
Jaja…skal skjerpe meg.
Gledar meg til våren og lysare kveldar så eg får litt overskudd og får bevega meg litt..
Vekta berre aukar..
Er ikkje rart for sit stort sett på reva og et…
Liksom ikkje den store energien for tida…
Skummel retning..
Trur eg bør ta meg ein alvorsprat med meg sjølv og få litt struktur..
Har eg klart å slutte røyke må eg no vel klare dette.
Er jo det mentale som sviktar…
Skikkeleg lyst å gjere noko med situasjonen….
Får jobbe med saken
Er litt fortærande å vere så svak i viljen…
Får starte å psyke meg opp..Kan ta si tid🎂

Hi o hoi😀

Kom no gjennom dagen uten å gjere ska på nokon .trur eg
Ikkje alltid det eg trur stemmer med virkeligheita.
Dagen fauk no avstad men må ærlig sei…
Hærlig å vere ferdig to.
Fann ut eg måtte komme meg rett ut på runda mi før eg sette meg..var nok lurt

Vinden har auka på at og er ganske så surt ute
Men var igrunnen flott turver

Åt altfor mykje til middag selvfølgeleg
No er det god fyr i ovnen…eg har krope godt opp i sofaen
Nyt tilverelsen med data.tv kaffi og smågodt…
Får prøve å unngå å sovne😲

#humor#ironi

Uff eg må tidleg opp

Skulle vore forbudt ved lov å stå tidleg opp som b menneske😊
Torer jo ikkje heilt sove skikkeleg i panikk for å forsove meg
Men har sove veldig lite inatt…
Har fått i meg masse kaffi og frukost.
Mett og god og klar for seng og søvn…
Men istaden er det ut å køyre og dagvakt…
Går seg nok til…på eit vis😐

Romjul😙

Sit og koser meg i sofakroken med kaffi og litt lesestoff før jobb
Stormen har stilna.
Huset står og litt kjøligate ute.
Men er jo snart januar.

Det blomstrar i hagen til ho mor
Syns det er artig sjølv om eg er blitt stor

Julemysteriet .

No har vi lett i heile dag etter nokre flotte strikkasokkar med innhald.
Innhaldet var det trasigaste å misse.

No var det ikkje så lange stykke eigaren forflytta seg til fots..
Frå eine parkeringsplassen til den andre…
Men sokkane er borte vekk.
Bles jo godt så dei kan jo ha vorte tatt av vinden..
Trasig…men eg har no fått trimma.
Sånn ekstra juleaktivitet…

No for lyset..skal vere vekke ein time..
Var vekke før idag og..Lenge sidan sist vi opplevde å vere straumlause lenge..
Men ikkje så rart i dette veret.
Har no fått kveikt litt lys

Trur kanskje eg får slå på batterilys i tillegg.
Ruskar godt rundt husnova men er mildt ute..
Er no litt kos med levande lys og fyr i ovnen.

Får heller leite vidare etter desse sokkane i morra…Dei er fordufta å eit merkeleg vis…

No har eg fått att ls og har igjenn kontakt med overda…

Kan no vere det forsvinn att.

Trur eg skal legge meg på sofaen og sjå tv…No er det den spanske flue…Kos den men er ikkje så lenge sidan eg såg den sist:-)

Bææææ

Fekk meg bilde til jul😊
Erstatning for manglande katt
Vart litt usikker om dette var eit bilde av meg sånn i overført betydning..
Ser eitpar likheitstegn😁

Får slenge på litt visdomsord frå Urdal

Julefred

Nett kommen heim etter koseleg julekveld med familie.
Skikkeleg kos og fått brukt lattermusklane😙
Ute ruskar vinden godt og er glad eg slapp køyre langt…
Men trur eg har ete for heile veka…
Smellgodt var det rett og slett.

Kjekt å samlast og berre prate og kose seg.
Ikkje så ofte ein gjer det lenger 😐

Fekk meg støvler😙
Har snakka om å kjøpe det lenge men har liksom ikkje vorte…
Hadde ikkje forventa å få heller.
Godt fornøgd med gaver og hatt det koselig..
Det siste er det viktigast..
Hunden stakkar fekk ingenting..
Så i rein protest beit han hovudet av ein liten julenissen
Skjønner ho godt eg…Kan verte sur av mindre❤

Litt godt å komme heim i sofaen
Berre senke skuldrane og slappe av.
Ute bråkar vinden det beste han kan..
Her har eg funne fram julesnopet

Redd her må harde innskjerpingstiltak etter nyttår❤

Fått bok
Ord i tide og utide av Fritjof Urdal

Flott.Mykje fornuftig der
Anbefalast❤

Veslejulafta

Tid for ettertankedag for meg..
Slike dagar kjem utan forvarsel.
Sikkert på grunn av lite søvn.o heiliga natt på tv…då kan ein jo felle litt fleire tårer.
Av og til må følelsane ut…
Kva og kvifor er ikkje så nøye.
Skulle dra over golva men so langt er eg ikkje kommen..
Jaja
Har no fått opp julestrømpene..Må hjelpe nissen litt for ellers er eg redd det hadde vorte lite oopi strømpene her i huset

Store ungar må og få

Strømper for store og små
No trur eg at eg får dra over golva
Lysamaturet på badet takka for seg…
Kjent på ei lukt eg ikkje skjønnte kva var…glad det ikkje tok fyr
.så no er det batterilys på badet☺Her er eg romantisk om eg vil eller ei
Har liksom ikkje dagen idag..
Men i morgon kjem julafta..☺