Eg e klar😊

Handballfinale❤

Igrunnen så er eg fornøgd med at dei kom så langt…slit på helsa desse kampene

Så ikveld skal eg slappe meir av.trur eg

Fått med meg mykje idag eg
Starta dagen med Pengesluket på tur.
Bensin fyller eg på tilbakevegen,tenkte eg..Pengesluket sa seg einig..
Vi tøffa i veg i 15 km før gamla kom på at både mobil og visakort låg att på kjøkkenbenken..grådig smart…så var berre å snu
Men vi nådde fram i tide

Sande kyrkje…
Ikkje ofte eg går i kyrkje..det må eg innrømme men det skader ikkje.

I dag var det tårnagentane (3klasse)som ilag med presten og nokre konfirmanter hadde gudstjeneste.

Koselig når ungane kjem i første rekke❤

 

Men som god bestemor vart det jo og tid for pokemonjakt..
Skjønner meg ikkje på det men eg får no frisk luft

Var litt surt.småkaldt..

Fekk ikkje gå nærmare elva..Det er næmlig farleg…så besta held seg på avstand..Regler gjeld for meg og må vite…

Bestemorrolla er den beste ein kan tenkje seg…

Men alt tek ein ende..
Pengesluket fekk ordna radioen sin.
Godt fornøgde reiste vi heim.over

No er det fyr i ovnen og handball❤

Gamla på tur☺

Av og til skal ein jo vere litt impulsiv.
Så slengte meg på kjøkkenjakt i Førde
Har no planlagt å investere i høgst nødvendig kjøkken i fleire år….trur det nærmar seg

Ikkje meg som er først i køen..
Det er naboen😉
Men er litt lurt å få litt inspirasjon..
Gjeld å klare å bestemme seg..
Ikkje berre skal ein velge kjøkkenskap
Nei her er det både vegger og golv…
Dilemmaet er…skal eg ta vekk ei dør eller ikkje….
Uff…No har eg bestemmt meg for å stenge att…Får jo meir skap…
Men har jo ombestemme meg før..
Ikkje rart det tek tid….

Dette skapet skal eg ha…så langt er eg kommen😊

Men først skal naboen få seg kjøkken.
Dvs..få og få….

 

Kjekt med utflukt.Foten er nesten bra❤
Håpar veret held seg mildt for har igrunnen tenkt meg på utflukt
Kirkebesøk på Sande….
Men ikkje visst det vert glatt.
Det likar verken eg eller Pengesluket

Sit no her som ei skrulle😣

Nydeleg dag ute..
Var jo eg som skulle på fjelltur idag og…Men her sit eg..
Ikkje mange steg eg kan ta…ilt er det og…stakkars meg😊

Brukar altså omtrent alltid fjellsko med støtte for anklage..
Omtrent var ikkje igår…
Irriterende…
Men som man reder så ligger man..
Sist eg hang fast med ein fot var no på flate golvet…då rauk kragebeinet…

Ulykker skjer overalt
Har no i det minste fått tatt haugen med strykeklær
Var ei stund sidan sist eg brukte strykejernet såg eg på kleda☺
Rir ikkje alltid den dagen eg salar

Går seg vel til med denne ankelen ,
Alt har vel kanskje si meining..
Mulig det var det som skulle til for at eg skulle ta desse klærne og rydde litt i papirhaugen..
Men burde nok heller ha trimma litt.Eser jo utover for kvar dag…
Jaja..
No er eg klar for kveldens handballkamp😁💚Det skal ikkje stå på meg
Eg skal gi alt💙

På tur med galeLise

Flott ver idag
Sidan eg var ferdig på jobb klokka 14 fekk eg den glupe ideen å ta ein fjelltur.
No er vi ikkje så flinke med vedlikeholdet av turløypene her som hos naboen.
Ingen plank over våte parti eller kvilebenk.
Til gjengjeld er det gjørmehol og plaskedammer..
No tenkte eg at eg var glupe og smart og valde gummistøvlar

Problemet var at høgrestøvelen var lekk og ikkje stort bedre den andre heller.
Var søkka blautfør eg kom på første toppen…kalde våte bein…
Ville snu…Men då tok galne Lise heilt av
Det gjekk då søren ikkje anna å trekke seg berre på grunn av det..Pysete eller?

Igrunnen er eg det..Men å snu var kanskje ikkje lurt..
Gjekk ikkje fort men gjorde godt

Aldeles nydeleg på toppen.
Forma er elendig..
Trudde rett som det var at eg skulle kollapse..

Men så klart kan ikkje gamla komme frå ein slik ekspedisjon ustraffet.
På veg nedover i sleipa hengde  høgrefoten seg opp i ett eller anna.sklei ut i ein komisk vinkel..Gamla slang hit og dit..var sikker på å bryte foten..
Men unngjekk å dette..
Kom unna med forstuing ,men det var inni h..ilt
Har du tenkt å overnatte her eller, kom det kvasse frå gale Lise…
Må sei det fresta ikkje..med mi tyngde er eg heller ikkje så enkel å bere kilometervis…
No var det kanskje ein fordel at eg var iskaldt.og våt på beina..
Hjelp jo å kjøle ned…
Pingsa meg no nedover om ikkje så brått

Var sjeleglad eg kom meg heim.
Så no har eg landa på sofaen med foten på krakk.
Godt bandasjer med støttebandasje…
Smertestillande er nødvendig og igrunnen så skjønner eg ikkje korleis eg kom meg nedatt😊godt eg har langfri
Håpar på at det ser lysare ut i morra
Går seg nok til

Med Pengesluket på spa

Var igrunnen ikkje så mykje sprett i verken meg eller Pengesluket på føremiddagen.
Trege om morningen begge to
Men vi rakk no spatimen kl 12
Pengesluket var lykkeleg over den flotte regnbogen..eller var to

Den var veldig sterk i fargane sjølv om mobilen ikkje viser det😊
Pengesluket var lukkeleg over å få spa av ungdommen
No er det litt begrensa kva økonomien tillet av slike spabehandlingar..syns to i januar får vere bra😊

Så istadenfor å verte sittande å vente gjekk gamla på tur.Brendaholten eller noko sånnt☺
Sist eg skulle finne fram her, så vart det mislykka..Då var det til mitt forsvar dårleg merkt😊Det var det ikkje idag

Er veldig flinke med å lage bruer og benker på turstiane i ytre Fjaler.
Eg let meg imponere.
Ikkje for det..I dag var det tross flotte bruer både vått og glatt

Dette her var igrunnen det einaste vetige fottøyet

Ingravert ei kyrkje i berget.Med forklaring til

Får litt historie med på kjøpet
Er litt redd for at hadde ein dreve med slike ting no så hadde ein vorte anklaga for vandalisme og skadeverk på naturen..
Personleg så trur eg at hadde noko malt litt fin grafitti på eit berg i naturen ein plass så hadde det ført til at mange fleire hadde fått seg ein spasertur i rein nyskjerrigheit❤

Må sei at visst det er utsikt ein vil ha så er igrunnen ikkje dette rette turen.
Men likar ein å gå i naturen så er dette noko som alle klarer.Kort og enkelt men litt slept nedatt😀

Bok og benk❤
Sånn skikkeleg skogstur.
Eitpar runder med motorsaga hadde gjordt underverker for utsikta på toppen..
Berre eit tips😊

Litt såg ein jo mellom trea.
Eg storkosa meg.

Litt kjekt med slike turløyper for dei som ikkje er så spreke og
Brukte lang tid eg då..gjekk ikkje nett fort..
Men no måtte eg no uansett nytte tida mens Pengesluket brukte pengane mine😁

Litt kjekt å få gå litt i naturen .Lenge sidan sist eg gjekk turløype..

Henta ein fornøgd bil og tøffa oss heimover.
Avslutta med å rusle på utsikten

Ikkje gjordt det slag nyttig idag
Fridagar er jo til for å nytast

#humor #bilder #naturfoto#turløype

Sofatid❤

Arbeidshelga er over og eg har landa i sofaen
Ute har mørket pakka inn naturen.
Inne er det fyr i ovnen og lys kveikte.

Glag i jobben min og trivst med den.men jammen er det kos å ha fri og😉

Litt usikker på kor psyken min er når eg ser på teppefargen…Vert iallefall ikkje grå og trist❤

Åt litt vel mykje til middag kjenner eg.
Får skulde på spaserturen i frisk luft etter jobb☺Godt var det no om ikkje det gjer godt med all den maten.

Får prøve halde meg vaken😊
Snart nyheiter og er jo Farmen ikveld.Kan ikkje sove den vekk😊

Varmer gjer denne ovnen men er eit søl med den.
Føler aska fyk overalt….
Mulig det er meg det er feil på.
Nesten so eg saknar den gamle grøne..

Er i overkant glad i hasselnøtter.
Burde nok ha hatt vet nok til å ikkje kjøpe men svak i viljen
Litt bedre enn sjokolade kanskje men litt usikker

På tur med Pengesluket

No er ikkje tussmørkna,plaskregn og køyring nokon god mix.
Iallefall ikkje for meg.
Vi beregma gooooood tid og Pengesluket tusla iveg…

Radioen til Pengesluket har plutseleg lagt inn årane. Ingen lyd verken i den eller cden
Sikkert høyrt om dab og valt å avslutte sjølv😊
Klokka til Pengesluket lever sitt eige liv..
Så der tøffa vi rundt i god tru til vi kom på Langeland og eg såg mi eiga klokke…
Då vart det slutt på kosefarten
Det gode er at ein som regel må vente på sykehuset😎

Problemet med å måtte vere i Førde i timesvis er jo at ein plutseleg treng det ein ikkje visste ein hadde behov for

Men til slutt vart eg skrubbsvolten

Smakte utmerka og mett vart eg.
Tenkte det var smart å ta med kaffi i pappbeger med lok…Kjekt i bilen❤
Vel oppi lia skulle eg ta meg ein slurk….
Det var berre det at loket var litt laust..
No var det igrunnen greit at eg hadde falle for fristelsen og kjøpt ny genser..
Var berre å vente til eg fann ein plass å køyre ut
Når sant skal seiast så har eg og desse koppane aldri hatt det store forholdet…ikkje første gang

Kjørde rett inn til naboen og drakk kaffi og lånte ryggmasasjeputa .
Hærleg etter alt maset..
Hadde no kjøpt med vg og ein blomsterkvast som tskk for lånet❤
Retteleg fått på meg spanderbuksa og var i godlune
Pengesluket ville heim og gamla gjekk seg ein tur i ruskeveret

Trur karmaen min er elendig for tida.
I likheit med parabolen har eg dårlege signal

Vore slik nokre dagar.
No har no min gode hjelpar styra på ute i regnet i fleire timar.
Prøver å hjelpe gamlemor
Mulig han får fram litt signal hos parabolen

Så får heller dette spetakkelet få orden på seg sjølv

#humor#ironi

Av og til så veit eg ikkje korleis eg sksl takke.
To timar i regnet for gamlemor❤❤❤❤

Morgenstund er tull igrunn

Ikkje det spor å sjå av det gullet som morgenstunda skulle ha etter ordtaket😐
Gamla er stuptrøtt og har på eit vis kreka seg or senga.

Ute er det storm og regn..og det med obs. Varsel…
Utruleg for eit humør det er på han i lokalradioen😊
Er no ikkje glatte vegar i det minste.
No spelar dei jaggu ..det er lov å vere blid på radioen…ser dei meg?

Håper det er så nokonlunde framkommelege vegar .
Kvir meg på køyreturen til Førde og på heile sjukehusbesøket…
Går nok greit
Får gryte i meg meir kaffi og høyre om munkane som kasta kors i vatne og dukka etter det..
Noko måtte dei vel ta seg til😀
Mulig eg og vert bli iløpet av dagen

#humor#ironi

Gale lise og meg☺

Har rett og slett ikkje orka gå tur dei siste dagane…og det straffa seg
I dag kjendes det ut som ryggen var av…
Smekka i meg smertestillande og aka meg forsiktig ned i godstolen…

Det var då gale Lise dukka opp
Er du spika galen…Trur du at ryggen vert bedre av å sitte her som eit slakt!!!!
Kom deg ut å gå….eg lystra

Av og til er det ok med alterego
Feķk med stor møye på tursko og klær og ut med meg

Dukka plutseleg opp fleire unge menn med ein tjukk kabel hengande over skuldrane.kom gjennom skogen og såg tungt ut…minna meg om dvergane i askepott….😁

Det å gå etter vegen var ikkje det heilt store så valde gamlevegen over kletten heimover..
Hærleg å vase i utmarka..

Kjem minner frå gamle dager då ein sprang over her ofte og i full fart.

Gjekk ein hest på beite her…Den hadde absulutt ingen interesse av ungar virker det som..
Vi sprang det vi orka for å rekke gjennom grinda før den kom..
At den nok sprang fordi vi sprang det var mindre nøye..

Var veldig vått i marka og skodda låg over fjellet..Fresta ikkje så veldig å gå lenger opp..

Her var ryggen min rett og slett på bristepunktet…
Det einaste eg tenkte på var at far min nett hadde kjøpt deg ny masasjepute for ryggen..

Og den hjalp❤
Ryggen er ill no og den men mykje bedre.
Trur ikkje eg bør la vere å bevege meg ut fleire dagar i strekk…det straffar seg..

#humor#ut#natur#trim

Uffameg.no

Regnar trollkjerringar ute
Normalt så stoppar ikkje regnet meg men idag gjekk liksom grensa
Ikkje eingang gale Lise fekk meg ut i dette veret😘

Er nok ein smule lat og trøtt idag..
Men skitlagå…kan ikkje alltid vere på topp…
Har det utmerka her i sofakroken min
God fyr i ovnen
Gumler hasselnøtter.drikk kaffi og ser tv
Hadde igrunnen tenkt å slutte med denne teppestrikkinga men har endå ikkje dilla meg til å kjøpe trå til prosjekt jakkestrikking…mulig det er fordi eg er skeptisk til resultatet..
Så gamla var innom Joker og kjøpte seg nytt teppegarn (og nøtter)

Etter mange kvite og grå vart det noko meir fargerikt..
Dvs.var det einaste dei hadde to nøster av.
Kjendisfarmen på tv…igrunnen artig😙
Ikkje mykje plass til noko eg må tenkje fir ikveld.
Tepoestrikk og farmen er det eg treng💚💙🙄