Pengesluket

No har Pengesluket fått smaken på spa
Smell i veg med stadig nye varsellys.
Reine diskolysa…
Vi var eintur og fekk litt  førstehjelp idag og så fekk han seg ny time mandag..

Å fortelje han at det ikkje direkte tel til hans fordel er som å kaste varn på gåsa…
Men som vanleg får Pengesluket viljen sin og eg må punge ut…
Slik er det å ha gamle bilar☺☺

Drittver🤔

Meldt regn visstnok
Men…her er det snø
Snøen fonna seg som vanleg og var berre å sikta etter snøstikkene..
Igrunnen glad eg er kommen heim.
Benka meg framfor tven og ser krim..
Liten mann med bart..
Poirot😊

Vakker dag

Vore ein nydeleg vinterdag.
Når det er kaldt snø og vindstille ,likar til og med eg vinteren

Kjenner eg har vore mykje ute
Trimma med snømåking og rusla etter vegen…
Er ikkje så mykje oppover men får no frisk luft og treffer litt folk.
Litt sosial innomellom❤

Litt godt å komme inn i varmen når gradestokken viser minus 7.
Er kanskje ikkje så mykje å skryte av men ikkje så ofte vi har det så kaldt…
No har eg fått med meg litt handball😊flinke gutta.
No er det snart Farmen…syns den er morsom.

Iskaldt

Såg ut idag..Vinter.
Måke snø tenkte eg…satte nasa utfor døra og den kom fort innatt..
Minus sju og føles meir…

Fint er det jo..
Skal nok måke…og gå tur…
Men venter til sola klatrerr over fjelltoppen trur eg
Må nok prøve å starte Pengesluket viss han slepper meg inn..
Var den silikonen på listene eg hadde gløymt…..

Avslapping

Hærleg å ha fri.
Kunne sove lenge.Sein frukost og vere ute i sola litt
Varmar sola no og når ho viser seg

Vinter.Glatt på vegane så glad eg slepp køyre
Hadde nok med å halde meg på beina😉

Men å sjå på er snøen fin😐
Rett og slett vakkert
Har no fått trimma litt med snømåking…
Gadd ikkje ta det heilt ut😊

Tok no vegen.
Har no snøs etterpå og meir blir det sikkert
Får heller måke meir imorra☺

Må no ha tid til litt kos❤
No har eg landa stappmett i sofaen🐒Har det eg treng rundt meg..
No skal resten av dagen brukast kun til rolege syslar

Ikkje noko flink i dette her men syns det er litt kos

Kvikkasen har levert avisa.
Tepoet er snart ferdig.Sjokolade og kaffi😐
Berre lekkert og kos dåke på lørdagskvelden.
Det gjer næmlig eg

Dikt om slikt😎

På fredag den trettande er det mykje ver
No gjeld det i grunnen å ha vasstette klær
På vegen er det slaps og litt ekkelt å gå
Gå forsiktig, og ikkje på tå

Eg kledde no på meg å gjekk meg ein tur
Det etter at eg hadde tatt meg ein morgonlur
Når sant skal seiast så vart eg litt skuffa
Når eg vakna og såg nesten all snøen var fordufta

For dagen den starta med tjukk is på ruta
På vegen var glatt og måtte køyre med fornufta
Så starta det å snø og det var då eg sovna
Vakna av det var så hett eg nesten hadde kovna

På morgonen var det slik men no er det heilt anna
Men kjem nok kaldt att vert glatt og ein kan ramla
So no har eg tulla meg godt inn i eit teppe
Drikk kaffi og tenkjer..her kan eg godt deppe❤

Fredag den 13

Held på å sovne på veg heim frå nattevakt…
Skummelt
Tok si tid å få is av bilrutene idag.
Glatt på vegen.Vinter sånn plutseleg☺

Fantastisk flott ute.Endå..
Mykje skyer så er redd det kjem meir av det kvite

Er no vinter så kan vel ikkje klage

Kjenner det skal gjere godt med nokre timar på puta.
Litt søvn gjer seg…

Men varsellampa for manglande bremseveske lyser fortsatt.
Ikkje bra når den har vore på spa…
Mulig det kun er noko som har vengt seg opp.
Ikkje godt å vite med Pengesluket…
Får ringe men no skal det sovast

Pengesluket😣

Pengesluket vart levert i sjåføren si matpause…
Snill som vanleg…Måtte jo hente att det store udyret sidan eg nekta køyre…Eg er nok sær

Bilen min har fått nytt navn..Pengesluket.
Er jo det den er..snart kosta det eg hadde betalt for ny..
Når han først var på spa behandling så hadde han jo meldt inn div.andre ynskje selvfølgeleg..
Så er ikkje så lenge før den igjenn skal på spa

 

Har hatt dundrane hovudverk i fleire dagar..sånn altoppslukande..
Til trøst for alt stresset med Pengesluket ,bestillte eg meg time hos #reset frisør.
Hærleg med masasje av hårbotn.Når ein i tillegg får vaskestol med ryggmasasje så kan ein ikkje ha det bedre

Var på tide å få litt orden på sysakene.
Fint folk har sjåfør.
No høyrer det vel med til sjeldenheitene at mødre må køyre rundt på snart 60år gamle døtre.

Har ei fantastisk mamma.Ingen over❤❤
Er heldig.
Når eg først skulle bruke peng vart det jo både balsam og sjampo..
Og når eg først såg kor flott den der varmebørsta virka så smelte eg til og kjøpte likegodt den og😁
Ikkje berre pengesluket som kan flotte seg.
Godt eg bur aleine og tener mine eigne peng.
Får spare ein anna plass 😐

Hadde meg ein tur ut i frisk luft.Ikkje sett noko til Vidar endå..Litt vind er det nok

Skiskyting på tv…No søv eg litt middag trur eg mens eg høyrer at no nermar #Vidar seg☺

#humor#ironi

Dunder og brak

Den umulige bilen min vart henta av Fure mekaniske i går morgon.Super service.Fekk til å med leigebil.
Det er berre det at eg er elendig på å rygge etter speglar og med denne har eg ikkje val…Så for alle andre og mi eiga skuld har den stått parkert der  den vart levert

Flott bil når den står iro…
No sa vedkommande som henta bilen min at dei skulle ta kontakt…
Ikkje høyrt noko så no lurer eg på om han kom seg på verkstaden eller ei…
No har ingen etterlyst han så antar det gjekk bra
Får nok ei salig rekning att…gamle bilar er dyre..

No er eg spent på om internettet verkar etter smellen igår….

Dunder og brak

Den umulige bilen min vart henta av Fure mekaniske i går morgon.Super service.Fekk til å med leigebil.
Det er berre det at eg er elendig på å rygge etter speglar og med denne har eg ikkje val…Så for alle andre og mi eiga skuld har den stått parkert der  den vart levert

Flott bil når den står iro…
No sa vedkommande som henta bilen min at dei skulle ta kontakt…
Ikkje høyrt noko så no lurer eg på om han kom seg på verkstaden eller ei…
No har ingen etterlyst han så antar det gjekk bra
Får nok ei salig rekning att…gamle bilar er dyre..

No er eg spent på om internettet verkar etter smellen igår….