Dunder og brak

Den umulige bilen min vart henta av Fure mekaniske i går morgon.Super service.Fekk til å med leigebil.
Det er berre det at eg er elendig på å rygge etter speglar og med denne har eg ikkje val…Så for alle andre og mi eiga skuld har den stått parkert der  den vart levert

Flott bil når den står iro…
No sa vedkommande som henta bilen min at dei skulle ta kontakt…
Ikkje høyrt noko så no lurer eg på om han kom seg på verkstaden eller ei…
No har ingen etterlyst han så antar det gjekk bra
Får nok ei salig rekning att…gamle bilar er dyre..

No er eg spent på om internettet verkar etter smellen igår….

Ingen bremse😣

No lurer eg alvorleg på kva gale eg har gjordt…
Her var det først null batteri…
I kveld ingen bremser.

På veg til jobb merka eg at eg måtte pumpe ein gang før bremsa tok…
På veg heim var det å trakke i botn…..
Lampa for bremseveske lyste…
No er dei ikkje lenge sidan eg fekk fyllt opp bremseveska…
Ukoseleg…slik ein ser på film
Kom meg heim på gir og handbrekk.Den virka no heldigvis
Godt det ikkje var glatt..

Kva vert det neste….
Er liksom ikkje mi veke dette ser det ut som..

Her er problembarnet

Ingen bremse😣

No lurer eg alvorleg på kva gale eg har gjordt…
Her var det først null batteri…
I kveld ingen bremser.

På veg til jobb merka eg at eg måtte pumpe ein gang før bremsa tok…
På veg heim var det å trakke i botn…..
Lampa for bremseveske lyste…
No er dei ikkje lenge sidan eg fekk fyllt opp bremseveska…
Ukoseleg…slik ein ser på film
Kom meg heim på gir og handbrekk.Den virka no heldigvis
Godt det ikkje var glatt..

Kva vert det neste….
Er liksom ikkje mi veke dette ser det ut som..

Her er problembarnet

Flatt batteri😣

Skal ikkje sei kva eg igrunnen sa då eg  skulle starte bilen og der var null liv
Totalt dau…
Virka som han berre hadde skrudd av batteriet og lagt inn årane etter mottoet..
No gidd eg ikkje meir

Ikkje ein nabo med bil heime.
Ingen kollega som køyrer same veg…
Då er det berre å ta på full regnutstyr.
Labbe iveg og håpe på at det køyrer ein bil ein kan heike med..

Kom det ein einaste bil trur de…laaaangt ifrå.
Etter 4 kilometer i regn og vind kom mi kjære mor frå frisøren.
Kom meg på jobb…om litt for seint
Vart henta og batteriet er ladda ifølge min sønn.
Må ha nytt…
Fekk meg no litt ekstra trim..

#humor#ironi

Her er latsabben

Monsterbakken☺

No har eg benka meg i sofaen klar for å klatre opp monsterbakken ×2.
Flott å gjere det frå sofakroken☺

Har no tatt stripa mi i duskregnet.
Fått litt frisk luft og kjenner meg klar for klatreetappen☺🐏

Glad det har blanda seg utlenningar inn i vintersporten.
Litt kjekkare å sjå på.
Ikkje høyrer vi så mykje spekulasjoner om folk er dopa heller
Alle har vel nok med å feie for eiga dør.
Men no er det kaffi strikk og tv

Ha ein fin søndag❤

Kor e avisene henn??

Eg må igrunnen sei at eg har til i dag vore heldig med avis på lørdag.Men idag var det bom stopp

Ikkje aleine så er nok ei trøst,og kan lese den på nettet…men kanskje dei bør ha ei viss oversikt over desse avisleveransane.

Kvikkas eller ei.Kan verte litt vel kvikt kanskje….Og har dei mangel på folk?

Trur eg skal vurdere å sei opp papiravisa.Har igrunnen syns det var ok å ha.Men får sjå det litt an

Trur ikkje eg skal vere mange dagane uten før eg ikkje gidd ha den.Betaler jo :-)Men er igrunnen ei tolmodig sjel slik sett.

 

Er starta fryrse på ute…Vore stripa mi

Starta først uten brodder ,men valde å snu og ta å meg.Er fort gjordt å bryte  lårhalsen i min alder:-)Eller ein annan del:-)

Var nydelig ute.Er lat idag, så for å i det heile få bevega meg litt så gjer det seg med ein tur ut.

Gidd liksom ingenting idag…Utenom å ete…for det er næmlig det eg gjer for mykje av på slike dagar

Trur eg må få meg ein hobby med meir futt i enn lesing og teppestrikking:-)

Går no heldigvis mot lysare tider…ordner seg nok

Eg får tenkje ut noko smart.

Morgonstund har gull i munn??

Vakna tidleg idag.
Litt sånn uroleg i kroppen så sto likegodt opp.
Å sei eg er våken og opplagd er ein overdrivelse😣
Fortsatt mørkt ute men

God varme i ovnen.Stakk nasa utom døra for å sjekke veret.
Surt
Trur eg skal ha meg ein kosemeginne dag❤Dei er ikkje å forakte.
Må no ha meg eitpar lufteturar og innom naboen men det er alt😊
Viktig at vi stoppar opp og lytter til signala frå kroppen.
Vi er alle ulike og har ulike behov.
Litt lett for at vi køyrer på til det smell.
Så når det lysner litt så tek eg meg ein luftetur.
Antageleg litt glatt idag.Litt kjølig i lufta.
Men først får eg få med meg litt meir nyheier om usa.russland og ellers den harde virkeligheita rundt oss

Beina på bordet..Det er helg😐

No er det kanskje ikkje særleg pent eller danna,men eg bur aleine så det skit eg i😎
Skal vere bra å sitte med beina høgt
Slengt meg opp i sofaen
Litt småruskete ute høyrer eg.vinden tek godt tak😐
Har no hatt meg ei stripe etter vegen idag..
Vert ikkje noko sprek av det men fekk no frisk luft

Starta bra med sunn frukost men so skar det seg😎😣slik er det no igrunnen kvar dag
Må finne på noko lurt antageleg

Var inne på tanken om å hive ut jula idag.Vart med tanken.
No har no ikkje mange av kollegaene mine feira jul endå.Det er jo den 7.
Så må jo vere litt solidarisk😊

Er  no 20dag Knut som jager jula ut så har no litt tid på meg.
Vert no iallefall ikkje rydda ut i helga
Er no litt triveleg i ruskeveret

Skal berre kose meg her i sofakroken😊
Kjekt med gode bøker.strikketøy og fred i sjela

Jaja….

Vinteren har  festa taket om eg vil eller ei
Når sant skal seiast så har det vore nydeleg idag.
Godt strødd på vegen.Stor takk kven det enn er.

Is på fjorden.Mykje regn i det siste så er mykje ferskvatn i den.Då frys det fort til og held nok ei stund for er meldt kaldt framover
Burde nok hatt eit eller anna på listene på bildøra for det var ein kamp idag☺eg vann til slutt.

Greit med vinter så lenge den er som idag☺treng ikkje masse snø og glatte vegar..ikkje storforlangande…
Burde kanskje tatt på meg vinterhabitten og rusla ein tur no etter  maten….

Brr. It is cold outside:-(

Eg frys…

Må erleg talt sei at eg nok ikkje er skapt for kulde

Minus 5 men kjennes kaldare ut.

Sikkert mange som er lykkelege for kulde og utsikter til is på vatn og aktiviteter.

Men ikkje denne dama!!.Lite med snø, så vert tørrfrost 

No håpar eg på at vatnet ikkje frys:-)

Her er det ei som ser lyst på livet må vite.:-)

Fekk snapp frå eldstemann at der var det minus 10…Greier meg fint med mine minus 5 eg


No passer det fint at eg har nokre pledd eg kan tulle meg inn i.

Må snart hente ved og i det same sjå om eg kjem meg inn i bilen….

Det siste kan ta tid .

Men først må eg drikke litt meir kaffi og vakne litt.

Aldri vore nokon morgonfugl så kan jo vere at humøret stig med dagslyset:-)

Kanskje eg burde gjere som far min tilrår..Skaffe meg ei varmepumpe…Men ar nok sine bakdeler den og:-)

Og den tiner ikkje opp bilen:-)

Nei er nok berre å få på seg ull og flis og kle seg for nordpolferd…..

No gledar eg meg til våren:)

 

#Humor