Avslapping

Her sit ein i kvar sin stol og driv med sitt
Kva som er på tv er litt etter kor bra det går med kryssordet

No har det vore nyheiter ei stund😊
Ellers så veksler det ofte i fykande fart.
Klarer ikkje alltid halde tritt
Vart lasanje idag og.Alle godt fornøgde med den gode lasangen min.😊takk#toro#
Så lenge alle er fornøgde og mette så er alt greit.
I dag var det pappa som bestemte menyen.Dei andre er vel litt lei lasange 2ganger på ei veke😊

Klarde ikkje la vere teppestrikkinga eg.
Sytalaust liksom
Burde kanskje heller trimma litt men ikkje idag😊
#humor#ironi

Skøyteis….😂

Livsfarleg skøyteis på vegen før idag
Rett og slett speilblank skøyteis…
Kjøpte meg brodder igår heldigvis😊
Til å med vanskeleg å føte seg med dei på
No kom no saltbilen med tid og stunder.Snøa litt oppå.Så gjeld å ikkje bremse
No skin sola❤

Må kanskje snart gjere eit nytt forsøk på å komme inn i bilen
Den har forskansa seg☺
Totalt beinfrosen
Kan ikkje gi opp ☺

Stormtur😙

Er så populært med tur i storm og uver så tenkte eg fekk ta meg sammen og rusle iveg

Vore ein lang dag på sjukehuset
Skikkeleg pisseføre så var sjeleglad eg fekk nokon til å køyre meg.
Ellers hadde eg no vore der fortsatt i vent på lov å køyre…skulle ikkje det idag😉

Må sei turen sat langt inne.
Var mørkt ute.Bles liten kuling og regna
Ikkje glad i mørkna så bestemte meg igrunnen for å ikkje gå.
Fann meg litt mat og kraup opp i sofaen
Men der sat gale Lise…
Eg fekk så øyrene flagra.
Gjekk ned i kjellaren.Fann fram lommelykt.På med vestlandsbunaden og rusla iveg.
Det gode med motvind i starten er at det går som det susar heimatt☺

Og turen gjorde godt den❤
Det er berre å komme over den dørstokken

 

Vintertrim😊

Vakna til vinter
Om ikkje anna så er snøen vakker å sjå på og eg får trim med snømåking

Heldigvis ikkje dei store snømengdene .nett sånn passeleg trimøkt.Klapa meg sjølv på skuldra:-)Flink jente
Kjekt å vere ute i frisk luft når veret er så flott som idag

Is og glatt på vegen.Meldt regn …
Gruar meg skikkeleg til 9mil på glatte smale vegar imorra…
Men må på sjukehuset så har ikkje noko val.
Var jo då ein skulle budd i urbane strøk der det går kollektiv trafikk.
Er her er kaver meg opp over både miljø og vegavgift og all snakket om å reise koĺlektivt.
Hadde reist kollektivt kvar dag eg hadde eg hatt eit val
Bur heller ikkje i gåavstand anna enn til naturen☺

Fekk koseleg middagsbesøk.
Sjølv om eg ikkje er den store kokken får eg no til toro sin lasange☺😎Og dei åt no så antar at den gjekk an..Eller dei var ihelsvoltne,,,Mulig:)
No er det føtene på bordet.
Anno og Farmen😊

Dikt

No er vi starta på tjuesytten
Håpar tankane gjer same nytten
At eg ikkje berre vert surrande rundt
Men klarer å bevege meg og ete sundt

Snøen kom med det nye året
Så no går eg rundt å klør meg i håret
Kor i all verden er snøskuffa mi
Og kvifor lærde eg aldri å stå på ski

#dikt#humor