Kor vanskelig kan da vere…

Kjenner at no er temperaturen under topploket ganske so høg…
Kjenner at det er tett før eg brølar.

Kor vanskelig kan det vere å få fyr i ovnen…
Har balt med dette pokkerskapet..i fleire timar…
Trur det er nokon som tuller med meg i helga☺☺
Først bollane og no ovnen..
Ikkje veit eg…men normalt går det greit.
So no har eg tatt meg fem minutt under teppet…

Men gi opp….naiii

Kan ikkje la ovnen vinne

Ferdig😁

Endelig!!!!!
No har eg bakt på bollar i heile
ettermiddag og til langt på kveld

Nesten kvalm av all smakinga..
Syns eg kjenner peparsmaken endå😂
Slik er det når ein ikkje passer på men svarvar iveg..
Litt typisk meg…
Men eg held ut må vite…kan ikkje gi opp så lett.
Men no er fastelavensbollane ferdige og søndagen redda😍
Kanskje det var eit hint om at vekta er  stigande…
Men men   skit lagå..

Vart jammensanten ikkje så verst
Gode er dei og..Smakar til å med kardemomme😊

Naboen har kjøpt meg kremfløyte.😁
Så skal ikkje ete opp alle åleine😊

Men no er dei no i kjøleskapet..
Eg er mett av pepar og kardemomme🤗

God fastelavn❤

Fastelavensbollar med ny vri;.)

I dag tenkte eg at eg skulle skikkeleg slå på stortromma
Hadde mykje mjelk som måtte brukast og er jo fastelavn🌻

Hadde oppi berre det beste..
Deigen fekk heve slik den skal..
Bollane vart store og flotte😁

Var skikkeleg fornøgd..
Hadde steikt to brettt og klar for å sette det tredje i ovnen då eg fall for frestinga å smake…
Ka søren?
Bollane formeleg brann i munnen..
Vel hadde eg hatt i rikeleg med kardemomme…men den smaker liksom ikkje slik.

Ut på kjøkkenet…
Kva ser eg..jau..der står pepparglaset attmed kardemommen og formeleg blunkar til meg😶
Beŕre å starte på nytt…
Hadde heldigvis litt mjølk att..
Får håpe det no lukkast for no er eg tom

Lurer på om eg skal bruke dei andre til lasagne eller gryterett..
Eit alternativ til kvitløk som eg ikkje likar
Var no godt eg smakte før kremmen kom i😚

#humor#ironi

Endelig igang😎

No har eg helt sida i høst tenkt at no skal eg vere tidleg ute med hyttevasket….
Men er eg det…
Langt ifrå..
Stadig funne på unnskyldningar og tenkt at..jaja  eg har jo god tid..

Men no har eg ikkje god tid lenger…
Og er ikkje gjordt i ei handevending..
Utruleg kor lang tid tek når alt skal vaskast…
Trur aldri eg har vaska så grundig heime..
Kanskje det eg burde starta med..
Då hadde det vorte orden i sysakene…

Kun ferdig med eit rom..mange att.
Trøsta er at det vistnok skal vere trim i å vaske..😅
Går igrunnen veldig tregt..
Må jo nyte utsikta litt og

Fjorden er frosen for første gang i år..
Er nok alt regnet i det siste si skuld.
Kaldt men vårblomstrane er klar for våren

Håper dei overlever..
No skal eg slappe av og slenge beina på bordet..
Har sine fordelar å bu åleine❤

God fredagskveld

Murmeldyret😁

Var ein nydeleg dag eg kom ut til etter endt nattevakt😀
Pengesluket var litt forfrosen stakkar..
Så mens han fekk tina seg oppatt litt kunne eg jo nyte veret og våkne litt

Var like fint då eg kom heim og..
Sjølv om det var fristande og nyte godveret var senga meir fristande

Og det har den vore i heile dag…
No har no sola gjordt sitt beste for å få meg opp…
Men…..murmeldyret berre drog dyna godt over hovudet ..snudde ryggen til sola og tenkte at …her vert eg ei stund til…
Ikkje så pent ute når eg endeleg sto opp…småsurt med snø i lufta

Men vasa meg no ut og tok meg ein tur på utsikten😊😊😊

Men no skal det verte godt med litt mat,sofatid og tv😀

Sola dukkar vel oppatt ein dag

Bergen flott men heime best:-)

Hatt ei koselig helg i Bergen med kvalitetstid med familien😊
Gjer godt for kroop og sjel
Litt uheldig med veret.Ikkje sånn svinse rundt i gatene ver
Men så lenge ein koser seg i eige og andre sitt selskap ,så er det ikkje så nøye
Pengane har det med å forsvinne mellom fingrane…
Nok derfor eg ikkje tek slike utflukter så ofte..men litt luft under vingene og   det å vere litt sosial har nok gamla godt av…så får eg heller syge på labben ei stund😊

Var utruleg kjekke folk som jobba på Havnekontoret…ikkje så imponert over frukosten…
Men men…ikkje alltid dei dyraste hotella er dei beste…

Er nesten ikkje gjengde etter den stoltzenturen…men oppatt skal eg eindag…Nett så vidt eg klarde gjennomføre den faste turen min etter vegen idag…
Det seier sitt

Men men…litt får eg no tåle…
Her må det trenast…
Null pust ….
Akk o ve……

No har eg fyrt i ovnen og krølla meg opp i sofakroken…
Ikkje feil det heller😊

#foto#Humor

Utladda😁

Inntatt horisontalen😎
Går ikkje an å slite seg ut..

I dag kviler eg på laubera..
Drittver ute…god unnskyldning..
Har med regnklær men har ombestemt meg.
Får no greie seg med trakkinga mellom butikkane før idag.
Har middagsavtale med yngstesonen..
Mykje koseligare det😊
Rom vart no ikkje bygd på ein dag😉
Bur ein no først på hotell så må ein no vere litt der og tenkjer eg.
Dagen er no lang endå og eg er pinn stiv og har ilt 😆
So no skal eg sjå stafetten i skiskyting.
Mykje meir behageleg og sutaløst

Jammen har eg det bra😊

Gamla på stoltzen

Ja de ser rett…
Når sjølvtilliten tek av så tek ein iferde med det ein ikkje er i form til

Trudde eg skulle ha daua…
Systa gjorde no sitt beste for å oppmuntre..
Til slutt sa eg ho fekk berre gå..

Alle gjekk forbi..
Volsomt kor mange og så fort folk går…
Eg har høgdeskrekk…
Syns det er ekkelt med desse trappene eg….
Mange pustestopp…og eg heiv etter både pust og vet…
Mange ekstra kilo og sidan sist eg gjekk her…

Kom meg opp..dobbel så lang tid som andre i min alder…
Men mestringsfølelsen er jo stor..
Utsikta er verd slitet

Fin tur nedatt munkebotn…
Og når ein attpptil får middag av systa etterpå er det jo berre velstand😲❤❤

Korleis kroppen føles no….

Akk o ve

Korti vart morgonstunda stas?😉

Eg er trøtt.Svir i auget..
Føler det fyk svarte prikkar overalt.
Med andre ord…Eg har fått injeksjon på auget..

No er det kaffitid..
Må slå ihel nokre timar
God vaffel dei har her på coop mega..
Det skal dei ha.❤

I tillegg er eg einaste kunde❤kven andre kjøper vel mat nesten før dei åpnar..

Men dagen starta med mine hærlege barnebarn..
Litt lettare å vere blid med dei rundt seg

Karneval idag❤❤

Ninja og Elsa❤❤❤
Tenk å vere så opplagde på morgonstunda…
Var det eg og i den alderen.
Men det er kjempelenge sida😁
Ikkje hadde vi karneval i skuletida…Veit ikkje om vi hadde det i det heile…Trur det meste er gløymt.
Eg gjekk ikkje i barnehage heller for den saks skuld..
Trur ikkje det var noko slikt på mils avstand på den tid☺
Tidene har forandra seg og godt er det.
Krava vert desverre berre større for den oppvaksande slekt.
For store tenkjer eg til tider..
Håper det går bra🐒

Vondt skal vondt fordrive😣

Fått vondt i ryggen.
Sånn irriterande som stråler ned i foten…
Tek på humøret å verke ..
Eg vert ikkje god.Så for min eigen og andre sin del bør eg vere aleine til det har roa seg litt:-)

Med lite søvn i kroppen vakna eg til soloppgangen..Såg lovande ut veret om ikkje anna
Fann ut at eg kanskje burde innom legen for å forsikre meg om at det kun var musklaturen.

Legen sette fingen forsiktig borti meg og lurte på om det var vondt…No er det sjelden eg får ilt av at ei fluge set seg på meg..Kan vere han syns eg er ekkel å ta i..Han har min fulle forståelse
Ikkje hadde eg refleks heller…😁
Tett før eg tok hammaren sjølv..
Trur ikkje han har hatt ilt i ryggen.
Men trim er tingen for klem på nerver og stram musklatur…
No fungerte det veldig dårleg på flate golvet…det prøvde eg igår
So her var det berre å kave seg på fjelltur med dårleg rygg.,rennande nase og god sjølvtillit:-)😀

Reine bob bana deler av løypa..
Godt det var frosa mark så gamla kunne gå utanom

Å sei at det gjekk smertefritt er å overdrive
Pusting og pesing.
Dårleg pust og ilt i viljen

Men kom meg no opp..Var rett og slett surt.Både eg og veret:-)
Sjeleglad  for at eg ikkje la at vindjakka heime💚

Denne her er omtrent som eg føler .meg fortida

Tok på meg brodder før  nedturen
Klok av skade og vel vitande om at det er på ned eg somregel ramler😎

Å det var på høg tid eg kom meg nedover..
No er det slutt på det fantastiske veret😣

Om turen var lur veit eg  no ikkje…
No har eg i tillegg ilt i begge kneea😉

Men vart no i allefall svolten😣

 

#Natturfoto#tur#ironi#Humor