Andremann av Rune Belsvik:-)

I dag hadde eg den æra å vere med 3 klassingen å gjere lekser

Imponert over alt dei skal kunne.Fekk stressfølelse av dei vanskelige reknestykka og logikken dei måtte kunne

men fall virkelig i stava over leseleksa..

 


Andremann

Han øvde og prøvde 

det beste han vann

men blei aldri bedre

enn andremann

Alltid tapte han med eit par meter

alltid åt einkvan fleire poteter

og kom han til topps

i det høgaste tre

var alltid ein annan på vegen ned

til og med inne på dass

måtte han vente på plass

Han øvde og prøvde

det beste han vann

men blei aldri bedre ann andremann

Han ville så gjerne ha ein siger

ein einaste liten

han var jo så sliten

og lei heile skiten

han kunne snart eta ein tiger

Nei,det var for lite

ja det er no sant

men ka om han åt ein heil elefant

Så gjekk han i skogen 

med sprettert og sabel

og fanga ein sværing med snabel

utstyrt med gaffel og krydder og kniv

sat han og åt for sitt harde liv

Då blei han så mett at han sprakk rett og slett

og ramla ihop bak ei dør

men heldigvis visste han ikkje det triste

at slik var det gått med så mange frå før

 

 

Andremann av Rune Belsvik

I dag hadde eg den æra å vere med 3 klassingen å gjere lekser

Imponert over alt dei skal kunne.Fekk stressfølelse av dei vanskelige reknestykka og logikken dei måtte kunne

men fall virkelig i stava over leseleksa..

 

Andremann

Han øvde og prøvde 

det beste han vann

men blei aldri bedre

enn andremann

Alltid tapte han med eit par meter

alltid åt einkvan fleire poteter

og kom han til topps

i det høgaste tre

var alltid ein annan på vegen ned

til og med inne på dass

måtte han vente på plass

Han øvde og prøvde

det beste han vann

men blei aldri bedre ann andremann

Han ville så gjerne ha ein siger

ein einaste liten

han var jo så sliten

og lei heile skiten

han kunne snart eta ein tiger

Nei,det var for lite

ja det er no sant

men ka om han åt ein heil elefant

Så gjekk han i skogen 

med sprettert og sabel

og fanga ein sværing med snabel

utstyrt med gaffel og krydder og kniv

sat han og åt for sitt harde liv

Då blei han så mett at han sprakk rett og slett

og ramla ihop bak ei dør

men heldigvis visste han ikkje det triste

at slik var det gått med så mange frå før

 

 

Puppesjekk og strikkekafe😁

Vore på mamografi..
Flott tiltak men får kvar gang følelsen av at dei skal klemstre vekk det vesle eg har😊
No er det å vente å håpe på alt er ok.
Inga sjølfølge det sjølv det er det vi håpar

Premien var strikkekafe med barnebarnet på ni☺
Guten var flink..No hadde han no lært det han trengde forrege veke av oldemora❤Men var litt greit å få litt hjelp

Ugla vart kjempefin den.
Vi var godt fornøgde begge to.
Kaffi ,saft ,skillingsboller og lappar
Super servering.
Slike ting som gjer livet som bestemor til noko stort❤❤❤

Og den vanvittig flotte kveldshimmelen i ytre på heimturen kan ikkje kjøpast i peng

Farmen:-)

Som så mange andre så har eg settt på kjendisfarmen:-)

Artig og underhaldane:-)

I går var det finale.Fekk med meg vinnarkampen ,sjølv om eg var på jobb.

Det viktigaste er jo å få med seg siste innspurt , om ein ikkje får med seg alt:-)

Men tok det nok med meg inn i søvnen

Som vanleg så tok det lang tid før eg fann roa etter seinvakta.

Men når eg først sovna, så søv eg tungt

Heilt i mi eiga verd såg eg i draumen tv.

Den nye kjendisfarmen:-)

Den starta med at Lotepus ga ein fordel til ein av deltagarane:-)Det ringde ..

Spent rakk eg fram handa og trykte på telefonen for å sjå kven den heldige vinnaren var…

06.45 sto der….Kva søren slags tull er dette tenkte, eg mens eg venta på at navnet skulle dukke opp..Får no vere grenser til lureri!

Før virkeligheita seig innover meg og eg skjønna at eg såg på min eigen mobiltelefon…

Det var nok ingen heldige fordelsvinnar ,men gamla som hadde tapt og måtte stå opp:-)

Drømmeverden kan bedra:-)

God mandag:-)

No får eg få i meg kaffi og litt mat så eg er klar for den harde virkelligeita

 

#humor#ironi

Kalde føtter

Bokstaveleg talt…
I natt held eg på å fryse av .meg føtene..
Og da i senga…
Ullsokkar ,to pledd og dyne hjalp ikkje det slag…
Og var no plussgrader på soverommet..
Vart lite med søvnen for å sei det pent..
Men kom meg no gjennom dagvakt i vaken tilstand😊
I kveld tek eg med meg varmeflaske:-)
Alderen kjem ikkje åleine😀
Hadde igrunnen tenkt meg på fjellet..etter jobb altso
Men når ein vert tilbydd middag hos naboen så er jo eg seld..
Mat er mat så får fjellet vente.
Vart for seint..
Må skaffe meg ei hovudlykt…litt greit å ha visst ein ikkje heilt bereknar tida

Vart min vante rusletur etter vegen.
Nydeleg solnedgang❤❤

Vakker kveld

Helg:-)

God morgen det er helg 🙂

Sjølv har eg litt ilt i mitt svelg

Det går nok over skal de sjå

Litt forkjølelse vert det ende på

Kald og friskt i veret no

Friskt å gå ut for dei på fire og på to

Men ser at lyset kjem for kvar ein dag

Snart vår må vite og det gir velbehag

Kjenner at idag så går alt litt for kleint

Jammen bra at eg skal jobbe seint

For no på denne tid av dag

då føler eg ikkje for å gjere det minste slag

Sola prøver å skine til meg

Er nokre skyer som sperrar for veg

Ynskjer alle ei støvandes helg

blås i bassunar men skyt ikkje elg:-)

 

#dikt#humor

 

Nei og nei😣

Vakna opp til ein nydelig dag😊
Fri og allting.Sat med kaffikoppen og tenkte at ..fjelltur er tingen..
Men så er det den fornuften.
Har vedomn…sikkert eg som ikkje venter lenge nok før eg legg innpå

Men blomster og det meste rundt vert dekt av støv…merkar det på lufta og syns eg…så idag vart det dusjing av blomster og risting av tepper.
Ikkje nett ofte eg gidd for noko husmoremne har eg aldri vore.

Fann ut at eg kanskje burde lufte sengetøyet i same snuren

På soverommet har eg ei diger stålampe med mange armar og stor kuppel..Virker ikkje etter at lynet tok den..Har fungert supert til å henge vesker på😊
No er ikkje soverommet mitt så stort så ting bør tenkjast over før handling.
Men idag fata gamla sengtøyet,la breisida til og ville presse seg forbi lampa og ut altandøra…
Lampa la seg med full tyngde og liksom i sakte fart til sides.Small med eit brak i nattbordet.Glasbrota fauk som små meteorittar over heile soverommet…
Ikkje berre sengtøyet som fekk litt luft idag..
Mulig det var eit hint frå oven om å skjerpe meg😣

Men mens eg rota rundt fann eg ei notisbok frå ihøst..
Etter råd frå ein kollega skreiv eg då ned kva eg åt..kva eg vog og kor mykje eg trimma…sist var i november

Fekk nesten sjokk eg..Er antageleg sjølvfornektelse…Har på 3 mnd lagt på meg 5 kilo…Amen..

No har eg fundert..kva er sjedd..
Et vel endå meir sikkert..
Men eg har ikkje gått på fjellet sidan i høst…Er nok forskjellen..Gjer seg med nokre fjellturar i veka..
Ikkje heilt det same å luffe etter vegen.

For å gjere det heile perfekt så vart eg bedt til mamma på raspeballer.
Tommelen opp..
Men når eg et meir aleine enn dei andre til saman så er det nok der årsaka ligg😂

Tok meg ein trøstetur..
Ikkje så mange kalloriar som vert forbrende men utruleg godt for sjela..
Litt skyer uti horisonten og nydeleg solnedgang

Vel heime har eg funne fram eit mysterium…
Eit nett med enkle sokkar..
Får ta å tømme dei på golvet i håp om at eg finn nokre par til slutt

Litt flaks må eg vel ha❤

#ironi#humor#naturbilder

Fantastisk tur❤❤

Det er merka turløype frå der eg bur på Vardeheia..rødt overalt❤
Men der fins andre vegar..
Har ofte tenkt at det måtte då vere supert for ytre Fjaler å ha turløype til Vardeheia..No er det merka frå Hyllestadsida .men den ligg i Fjaler .
No ligg den litt fleire høgdemeter oppe enn dei tre andre dei har…men det kan vel ikkje vere noko heft?? 
Kan merke frå Folkestad…Berre eit tips altså..
Men idag traff eg kjentmann på toppen som losa meg nedatt i Varlida..Vi held oss i heimkommunen😊

Vi tok vegen rett ned…spreke dessa pensjonistane..det var bratt og han hadde og komme opp den vegen😉

Opp eller ned her…Var greit ned😊

Fordelen med kjentmann er at ein finn fram men ein lærer navn og får med historia

 

Mjelkeplassen❤

Utruleg fin tur..
No prøvde Johan å forsikre seg om at eg igrunnen fekk med meg kor eg var og at eg kunne klare dette på eigenand..
Litt usikker på det..virka jo enkelt etter forklaring..
Men då eg skulle peike ut retning så pekte eg iallefall ikkje der eg skulle😀
Stakkaren kasta vekk mange timar på meg..
Han hadde nok bedre ting føre..
Men eg er evig takknemlig😊

Vart nesten mållaus eg…Men berre nesten

ei lita kvit bru:-)

Snart nede😊😊Tok si tid og eg beundrer guiden…
Vel nede var det berre å ta fatt på heimvegen over kletten.Må jo tilbake til startpunktet😐

Heim kjære heim😐

Turen kan anbefalast..
For dei som har retningssans så er der sti. om ikkje merkt.
Eindel hjortetrakk
Eg trur eg skal skaffe meg litt spraymaling…
Så kan eg no spraye så eg iallefall finn tilbake om eg går feil
Får starte tidleg så eg har eit håp om å nå fram før det vert mørkt..
Reknar med eg tek litt sånne ekstrarunder.
No venter eg på at Fure il merker frå fjalersida
Det hadde gjordt susen❤❤

Supert,eg kom over dørstokken❤❤❤

Hadde bestemt meg for at idag skulle gamla til fjells om eg hadde lyst eller ei.
Ga meg sjølv god tid på morgonen for eg var ikkje direkte i godlune..

Men då klokka nærma seg 12 så klarde eg få skrotten ut døra

Og idag hadde gamla fått på seg fjellskoa som støtta anklar og meir til
Ikkje heilt god etter sist utflukt😊

Som vanleg hadde eg litt mykje klær i startfasen.
Vart både heit og forkava..Kunne jo sagt det var fordi deg gjekk unna..men sannheita er at forma er dårleg og det gjekk ikkje så fort.

Likar å gå aleine igrunnen.
Slepp att andre må vente og er godt å berre la tankane suse😎😎

Er jo litt vått hist og pist..men når skoa er tette så er det igrunnen ikkje så farleg…

Endeleg oope.❤
Like fantastisk kvar gang.
Tid for å nyte appelsin og naturen.
Idag var det god sikt både til plattform.båtar og nordsjøen.
Kan det verte bedre..
I dag fekk eg til å med guida tur nedatt einannan veg..

Var næmlig så heldig å treffe på kjentmann på toppen..
Det tek eg i neste innlegg😐

Kosedag uten stress

I dag har vore slik avslappingsdag.
Trengst det og innimellom

Starta dagen i sakte tempo

Godt å vakne opp til godver.Sette seg ned med kaffikoppen og berre slappe av og våkne..sånn heilt uten stress

Vore og feira barnebarnet idag.
9år alt..Tida
flyg.Pengesluket fekk vere heime..Eg sat på med naboen.
Kos å vere litt sosial innimellom og snakke med venner og familie.
Var mykje god mat..Eg er storleg imponert.
Eg kan nemlig ikkje bake kaker..Dei vert flate uansett kva eg gjer.
Ser så enkelt ut når andre gjer det☺

Fått bok med koselige ord frå jenta mi idag❤
Så no er gamlemor glad og gleder seg til å krype opp i sofakroken og lese litt.

Ein må starte med følelsane og sjølvbildet. Kva behov dekker maten hos meg?
Skal eg vere ærlig så dekker den dei fleste😁
Så no driv eg å lager meg noko godt til kvelds.
Ikkje fordi eg igrunnen treng det   men sånn til trøst☺
Best å hive innpå før eg startar lese inni boka..
Til no er det kun på bokomslaget.
Men er jo sant..
Det sit under topploket💚