Vaskemaskina sortera😎

Viktig å sortere klær etter rett vasketid og grader..
Ikkje blande formykje for det kan straffe seg

Eg er ein resar i teorien må vite.
Ull skal vaskast i Milo..sjølv berre 20 prosen i følge Kari traa..

Så ullklærne kom i maskina og med Milo sjølvsagt.
Her skulle alt vere etter boka.
Hadde til og med hatt dei uerstattelege vottane mine inni..
Til no har eg vaska dei med hand..

Her er dei no….
Hjelp lite med milo når vasken er på 60 og ikkje på 30..
Eg er kvitt eitpar gensarar og nokre sokkepar.
Ullundertøyet kom no frå det på eit vis…Ikkje lenger det store..
Det er antageleg på tide å skifte ut garderoben …
Iallefall etter maskina si meining..
Heretter kaller eg ho kun for toskehove…
Lei meg for vottane..
No har eg strekt dei med skyllemiddel og tredd dei innpå to lys…
Pokker til greier…
Trur eg skal sitte pinn i ro i sofaen resten av dagen…
Fredag den 3 er ikkje min dag

#humor #ironi

Latskapen lenge leve😀

Eg er ekstremt lat..
Ikkje så rart at kiloa aukar for kvart minutt😣
Hadde det ikkje vore for den turen eg tek etter vegen av og til så hadde det sett endå verre ut

På tide eg får reva opp avsofaen meir enn ein gang for dagen.
Glad det går mot lysare tider og forhåpentlegvis litt arbeidslyst😁

Vert ikkje noko futt i denne gamle skrotten med å sitte i sofaen og strikke og lese og kun reise seg for å hente mat og å gå på do…

Sukk og stønn…
Trur det er på tide eg finn fram vaskeklut og mopp og går laus på husvask i hus og hytte…dette her kan ikkje fortsette slik…kan verte depremert av mindre

No får det verte slutt på denne sjølvmedlidenheita og giddaløysa og over til å få litt bevegelse i skrotten før eg må trillast ut or sofaen😎