Trimrom😊

Har ikkje det heime..Burde sikkert hatt.
Langt til nærmaste tilbud på fritida.
Men på jobb der har vi..
Ikkje stort..Tvert imot.
Og vi deler det med dei som bur der.
Innført 5til 10 minutt trim i arbeidstida.
Øvelsar heng på veggen eller vi er til og med så heldige å få rettleiing av vår supre fysioterapeut Sirpa.
Flott å kunne strekke litt ut på ein stiv og støl kropp.
Viktig å førebygge .Treng ikkje alltid vere så mykje.:-)
I dag fekk eg gave..vart kjempeglad
😙sånn litt tårer i augene.Lett å begeistre og totalt uventa:-)Fordi eg brukar treningsrommet:-)

Så i dag labba gamla avstad etter vegen i pøsande regnver…Om det kan kallast trim veit eg ikkje..Men frisk luft fekk eg og godt gjorde det.Alt kva litt bestikkelsar og positiv feedback kan gjere😉
No kosar eg meg inne.
Glad det er helg og sjølv om eg er dønn sliten til tider så har eg ein super arbeidsplass😊
Den er krevjande, men aldri kjedeleg og eg lærer noko nytt kvar dag😊

God helg:-)

Hjort ;.) Og fredag

Syns det er hjort overalt når eg køyrer til jobb om morningen. Dei ser eg no i det minste.
Men dei er nesten endå fleire etter seinvakta.

Dei eig ikkje det minste begrep om vegtrafikkregla.
Har misforstått totalt det med å vente til bilen er passert.
Nei då..då er det omtrent som den eine ropar ut:
Kom an.!!!..No ser vi å krysse …og dermed smell heile horven ut framfor bilen, så bremsene glødar..
Er jo selvfølgeleg nokre som ventar til eg då startar opp att.
Dei burde i det minste hatt vet til å ta på seg refleksvest..😋

humor #ironi

Ventar på vår😁

Vakna av at regnet plaska mot ruta..
Hadde håpa på litt sol😊
Var her i går på ettermiddagen ..
Men då var gamla på jobb.

Så har fyrt i ovnen,tulla meg inn i teppet.Drikk kaffi mens eg ser dr.phil😊

Kjem vel inn under latskap😊
Sikkert meininga eg skal gjere litt inne idag..
Om litt..
Først må eg våkne
Sett gjennom avisene på nett og fått med meg litt av det som rører seg.
Heldigvis ikkje dei største krisene.

Verda er ustabil og ein veit ikkje kva som kan skje.
Ser ut som det er litt krise i huset mitt og så bør nok ta å rydde litt😚
Rotet har det med å dukke opp overalt😊sånn heilt uanmeldt😑

Så eg får rydde opp i mitt kaos mens andre rydder i verdensfreden.
Kan ikkje rekke overalt

Ha ein fin dag

sjuk,svak og dårleg bak:-)

Vakna slakk i ånden og tett i pappen.

Hovudverk har eg og:-) Sånn slapp av, og kom meg til hektene dag.

Har no fri om ikkje anna.Er vel då kroppen slapper av og har tid å kjenne etter.

Er no berre å ta verda med ro.

Får no sjå om eg får gjordt litt innomhus om ikkje anna..

No kjenner eg at eg igrunnen ikkje orkar så mykje.Men av og til treng vel kroppen berre å få seg ein avslappingsdag:-)

Er jo ingen ungdom lenger,sjølv om eg av og til gløymer det:-)

Sola bryt gjennom skydekket.Vi nærmar oss april.

Tida går frykteleg fort syns eg.Snart påske og tid for påskekos og påskeegg.

Må ikkje gløyme å minne haren på at han må fylle alle påskeegga vi skal leite etter.

No var det ingen påskehare her før,den har dukka opp dei seinare åra.

Vanskeleg å få auge på og besta har eit fæla strev med å finne lure plassar  der haren kan legge egga:-)

Har no ei veke på meg endå til innkjøp.Kjekt med litt tradissjonar ilag med barnebarna.Koseleg.

Alle er jo med.Store og små:-)

 

Er glad i våren.

Dagane vert lysare og det spirar og gror.Kjenner eg vert lysare til sinns .Alt vert lettare og dagane er lyse:-)Berre lekkert

Sommaren og er topp syns eg.Vinteren er eg ikkje glad i.Mørk og dyster:-)

Vi ar alle vore favorittar:-)Godt vi er ulike

Gledar meg til fleire turar i skog og mark og litt fleire turar på fjellet.Det som er bakdelen er at med våren kjem og hoggormen.

Den er det desverre mykje av uti her…Skrekk og gru …Men den er jo her, er så lite ein kan gjere med det.For meg kunne den gjerne vere vekke.

Giftige ormar er ingenting å ha, spør du meg:-)

Men no sit eg no her inntulla i pleddet mitt.Ovnen er rødglødane.Teppet er godt tulla rundt meg.Kjenner at no er eg igrunnen litt svolten,så kanskje eg skal  lage meg litt mat og kose meg litt:-)

 

God mandag:-)

Kom meg no gjennom denne dagen og:-)

Vi har innførd sommartida og kom meg no på jobb i rett tid

Er B menneske og her sit eg.Langt på natt

Vel midnatt etter kroppen si klokke..Den har ingen planar om å sove endå.

Så her sit gamla og gomlar sjokolade og ser krim på tv, istadenfor å legge seg

Ikkje rart vekta går til himmels:-)

Er så gale det gaular

No må eg snart gjere alvor av å kjøpe ny maskin

Tastaturet skriv berre dei bokstavane det syns om.Er veldig glad i s,så den sleger den ut i hytt og pine.Andre dukkar ikkje opp i det heile.Mange rare ord som dukkar opp

Borstaven h den manglar som oftast alltid

Fela arbeid med å lese igjennom og forsstå kva eg sjølv skriv

No har eg det jo med å snakke først å tenkje etterpå.Det same med skrivinga..Så eg huksar igrunnen ikkje kva eg hadde tenkt før eg les det.

Når då eg ikkje forstår kva som eg sjølv har skrive,så skjønnar de at eg har eit problem:-)

Skal ikkje vere enkelt.

Trur kanskje det er best at gamla pussar tennene sine og kryp under dyna:-)

Kjem jo ein dag i morra og

 

 

#humor #ironi

Sommartid😎

I natt skal eg altså få sove ein time mindre…
Dvs..glad eg har seinvakt så eg får den søvnen eg treng
Er no sur nok om morningen som det det..
Skjønner ikkje kvifor dei skal styre med denne klokka
Slit jo på folk og dyr..
Der er eg einig med Eli Kari.

Avskaff heile greia…
Vert jo litt lysare kveldar😄

Då kan ein jo få tid å gå
 uten å mørkne ute.
Vil igrunnen ha sommartid heile året.

No har eg vandra meg ein tur i skodderegnet.
Surt men frisk luft skader lite og kroppen treng litt bevegelse😐

No er det innekos.
Ovnen fyrer så godt den kan
Gamla sit i sofaen med pleddet tulla godt rundt seg,tv og strikk og med
Krimboka tilgjengeleg😎

Livet er slett ikkje verst sjølv om ein har arbeidshelg
Koseleg på jobb og😊men det skal eg ikkje før imorra😚

God helg

 

God natt😊

Det er seint og eg er trøtt
men eg får ikkje sove

Burde nok lagt under dyna å snorka
Ikkje sitte her skulle tru eg er korka

So no sit eg no her og gjespar ein smule
Trur no går eg i seng kan ikkje lenger lure
På alt og ingenting her sviv det rundt
Samtidig som eg putter inn ting som ikkje er sundt

Ta vare på deg sjølv😊

Ute plaskar regnet ned
Vil liksom ikkje la oss få vere i fred
Vinden skal auke og klokka skal fram
Nesten så eg får lyst til å ta meg ein dram

Men det hjelp no lite og eg skal no på jobb
Er no ei sjuske og lite til snobb
Så her sit eg no og latar meg, tidleg på dag
Gidd rett og slett ikkje gjere det slag

Drikk litt kaffi og ser på dr.phil
Må finne meg litt mat og nyte det med stil
For ut frestar det slett ikkje å gå
Det skal eg først når eg føler eg må😀
God fredag til alle ta verda med ro
Pass godt på kvarandre og ver med deg sjølv god
Er ingen som takkar deg visst du slit deg heilt ut
Ikkje ein gang presten og fut😎

#dikt#humor

 

Torsdagskos og Harry Hole😁

Kva er vel bedre enn avslappingsdag i sofaen med Harry Hole…
Elskar bøker og helst krim.
Kanskje det seier noko om meg som person…ikkje veit eg
Les igrunnen det meste…
Noko for å lære og noko for kos.
Noko frivillig og andre ting fordi eg føler eg må😊
Kva eg les er igrunnen og etter humøret..men av og til er det godt å flykte inn i bøkene sin verden
Krølle seg godt opp i sofaen
Pleddet pakka godt rundt meg
Kaffi og sjokolade og berre nyte tilværelsen
Viktig å finne sin eigen måte å koble av på i ein travel kvardag og det uten den minste dårlege samvittigheit for alt ein burde ha gjordt..
Nesten så eg ikkje orkar rikke meg og hive noko ved i ovnen😁
Hente ved må eg og..
Men først må eg dukke inn i harry sin verden litt til

Piss lei

No er eg sliten og trøtt og pisslei det meste..
Vil ha vår..minusgrader og snø det vil eg aldeles ikkje ha på denne tida..men spør nokon meg?
Langt ifrå.
Veret lever sitt eige liv og skit vel i ka halvgamle kjerringa måtte ha for behov

Var ute å lufta vetet og det var gjennom fleire årstider.
Endå med snø og kulde…
No har eg ete meg kvalm på sjokolade mens eg ser på mord og mysterier…sett det før men huksar ikkje slutten…
Burde nok ha lagt meg men …
Fri imorgon og det skal verte godt.
Ikkje nokon planar og tek dagen som den kjem😊

Tek nokre omgangar til på strikket..
Det enkle er ofte det beste😎