Det er ikkje enkelt😣

Vart vekt av telefonen..
For mange sikkert langt på dag..
For meg…i min djupaste søvn
Så i halvørska strekte eg  eg ut handa..
I andre enden var ein fyr som forklarde at han kom frå eit eller anna eg ikkje fekk tak i men grunnen til at han då brukte andre sin tel..var eit eller anna eg heller ikkje i oppvakninga skjønnte.

Fekk fat i det var om ein nøkkel og at dei ikkje kom inn..
Rart ..men vi har vel kvar vår nøkkel sa eg…trudde forsatt det var til hovuddøra..
Vakna litt etter kvart som fyren vart meir irritert..kunne heller ikkje skjønne at sikringsskapet var låst..ka er det han snakkar om igrunnen…
Men no hadde ikkje den fyren meir tolmodigheit med surrete kjerringar.
Trudde nok eg har mista det meste av vit😊
Vi avslutta samtala

Vel ferdig kom eg på…Skulle nok på loftet…og kor la vi den nøkkelen😁

Ikkje lurt å ringe meg om morningen å vente vetig svar..
Føler meg temmeleg dum her eg sit..
Men kom meg no or senga😂
No inntar eg frukost.
Trur dei fekk fat i den nøkkelen uten mi hjelp..eller mangel på

Skal ikkje vere enkelt

Søndagsdikt

I dag er det surt å huttemeg tu
Eg gjekk meg ein tur og vurderte å snu
Den turen gjekk ikkje opp på den høgaste nut
Men langs etter vegen uten den sut

For eg er litt slakk og puster som ein kval
Hadde aldri kunne vore nokon form for befal

Har krope i hus og her har eg det
godt.
Ser dei skyt på tv og har kaffi i kopp

Snøen fyk utanfor glaset mitt.
Har bedt den slutte men den tek ikkje hint
Må snart på møte men forruten det
Skal eg sitte her for snøen i le😊
For det bles godt ute
Det glømde eg sei
Den vinden er eg vorten temmeleg lei

Livets dessert

Det å få barnebarn er noko av det flottaste eg har opplevd.
No har eg litt av den tolmodigheita eg ikkje hadde med mine eigne..
Stakkars…mykje godt dei er vorten flotte menneske…

Elskar å klatre altså besta😊
Likar ikkje å gå tur etter vegen..
Men når ein kan klatre seg nesten heile vegen så går det unna

Litt skummelt hist og pist..
Smalt og rekkverk er det ikkje her i ytre…
Her må ein halde tunga beint i munnen og håpe på det beste😊

Når ein først går tur med eit barnebarn så må ein og gå med neste…
Viktig med slike stunder der ein kan snakke om laust og fast.
Kan lære mykje av dei unge håpefulle
Kjem med spørsmål og problemstillingar eg aldri har tenkt over.
Har meiningar om mykje og ein glede over dei små ting som vi voksne berre kan misunne dei❤

Er slike dagar og timar som er så viktige.
Har desverre ikkje barnebarna rundt med så ofte.
Men kanskje det og har sine fordelar.
Må nyte den tida ein har ilag i ein travel kvardag.

Var barnebarnet som endeleg fekk sett røykinga til besta i perspektiv.
Då var ho fire og kom på snarvisitt med pappaen sin.
Besta skulle då nett ut for å ta seg ein røyk..
Vel innattkommen kom det..
Du besta..Syns du røyken er viktigare enn meg sidan du må røyke no når vi berre skal vere her litt?
……

Å forklare henne at neidå vennen..du er viktigast når eg nett hadde vist henne det motsatte var håplaust…så besta klarde slutte å røyke..
No er frøkena snart skulejente..
No er det ete besta gjer…og går tur😊

Kjenner at det å vere saman med barnebarna gjer meg glad
Smiler berre med tanken
Til å med veret har vore supert idag😊
Kaldt ute no og stjerneklart.
Besta har benka seg framfor tven med strikketøy og kaffikopp..
God laurdagskveld😊

Hersens snø😁

Har det vore snølaust i vinter så treng den ikkje komme no
Våt og ekkel og ill å køyre på

Vore i Førde idag.Sprøyta på auget dag..
Var enkelte glatte parti innover..Køyrde vel då det var som verst..
No er eg ikkje glad i glatte vegar.
Pengesluket ventar på nye sko .Dei han har slit med feste..Han streva over Langeland..
No skal eg helst ha sjåfør slike dagar..bør ikkje køyre sjølv og her er det elendig med kollektivtrafikk…eller nermast fråverande..
No skal det gå nokre timar før eg køyrer ,men idag tok eg ikkje sjangsen på å vente…
Valget var drittføre eller vondt auge..
Valde det siste og kom meg heim før vinteren slo til..
No får eg heller sitte her å verke litt.
Auge har fått lapp og håper det går bra

Var rask handel..rakk å kjøpe tulipaner til meg og naboen
Som belønning fekk eg raspeballer😁
Litt bortskjemd..
No har eg fått god fyr i ovnen og krølla meg opp i sofaen.
Her skal eg bli resten av kvelden😁

Vert nok bedre i morgon😊
God fredagskveld

😇

Gamla hos frisøren

Populert å ikkje farge håret no…
Eg fargar mitt..
Sikkert panikk for grått hår..
Fint når ein har kvitt men det er ikkje mitt😎

Bakdelen er ettervekst..
Aldri visst kor mykje håret veks i veka før eg fekk grått hår

Veit ikkje om det viser….men dette er før😋
Striping tenkte eg var lurt…

Om det var det veit eg ikkje…
Men lyst vart det..

Hadde gjordt seg om ein kunne gå ut som ei yngre utgave😎
Men rynkene gjekk ikkje vekk i vask..
Sikkert noko ein kan gjere med dei og men har veldig mange så er redd det hadde kosta meir enn det smaka..

Får no vere som eg er…

Det er når eg ser slike bilder eg tenkjer at hadde nok vore lurt med litt anna klestil og mindre mat😊
Akk o ve..

Sofaslitar😎og giddalaus

Kor lang tid kan ein igrunnen bruke på å komme i gang om morningen?
No er klokka snart 12 og eg sit her endå…
Uff
Vert skremd over meg sjølv…
Har selvfølgeleg ete…
Det hadde eg no godt klart meg uten…
No vert no verken ryggen eller gamla så mykje bedre av å sitte her.
Ut går eg ikkje.Skikkeleg drittver😑

Naj…idag treng eg visst eit spark bak og få opp humøret…sånn drittlei…
Får fnatt berre av å tenkje på alt rotet eg klarer å samle rundt med..
Får å få det ryddig i hovudet må ein ha det ryddig rundt seg ..det har eg lese…
Antageleg er det full kaos i harddisken og..
Iallefall er det det i huset😚
Mangler både retningssans og ordensans..ikkje rart eg går meg vill i rotet😊

Kom plutseleg på at eg hadde ei årsmelding eg skulle skrive..
Det er no gjordt om ikkje anna..
Ikkje greit å vere eit surrete rotehovud..
Mykje kjekkare å lese enn å rydde..
Skjer ikkje noko under ,og eg må nok ta meg nokre runder med meg sjølv å rydde og evt kaste…
Men men…..går an å starte i det små..
Så no skal eg ta utav oppvaskmaskina🙄

#humor#ironi

Jaja

Gamla slit med dårleg rygg og ikkje heilt god ellers heller..men det er no ikkje noko nytt.
God tid å tenkje…
Må ta meg saman og lære meg å kaste ting
Heilt utruleg kva eg samlar på under mottoet kjekt å ha

Ustabilt ver ute her hos meg.
Får liksom mange årstider på nokre timar.
Koseleg innever om ikkje anna.
No ser eg på dei som bygger hus på tv 2..tøffe må eg sei..
Får liksom lyst å pusse opp..
Vert nok med lysta😊
Fått middag hos naboen…lasagne
Heldig som har mor som inviterer på middag..priveligert😊
Har fyrt opp i ovnen.Krølla meg opp i sofaen med pleddet godt rundt meg…

Sitt sola så vidt idag..No høyrer eg det høljer ned…

Litt greit…kan sitte her å lese og strikke uten å tenkje på godver og fjellturar..🤗sjølv om det var nett det eg hadde trengt for ryggen😊

nei og nei:-)

Uffameg for eit surt ver:-)

Det er slike dagar eg er ekstra glad for at eg har eit hus å vere i og ikkje må leve på gata.

Lett å gløme kor godt eg igrunnen har det.Syt og klagar for den minste filleting .

Vert lett ein uvane og treng ikkje løfte nasa så mykje opp før eg ser at eg har det fint

Klart eg har mange småting som feilar.Livet har ikkje alltid vore slik eg kunne tenkt meg,,,men eg har jobb og mat på bordet kvar dag,

Syns verda vert meir og meir skremmande

Vi som menneske er iferd med å ødelegge oss sjølv..Skremmande igrunnen

 

Men er ikkje så mykje eg kan gjere med verdensfreden.

Får heller prøve å vere eit godt medmenneske, sjølv om det heller ikkje er så enkelt alltid,syns eg-

Får fortsette litt med sofaslitinga mi..

Drikke litt meir kaffi og tenkje på alt eg igrunnen skulle ha gjordt, mens eg surfar gjennom avisene på nettet

Ut skal eg ikkje visst eg ikkje må.!Småforkjøla og småfrys og har det supert her eg sit
Kan no sjå litt på tv.Sunnt kosthold eller skremmande nyheiter…lett å velge det som er mest sytalaust

 

Ut på tur

Hjelp på helsa å komme seg ut i naturen.
Skal ikkje alltid så mykje til
Vart Vardeheia idag…litt glad eg kom meg over dørstokken for idag var den høg

Litt is oppi høgda.
Fortsatt litt frose i løypa men begynnt å verte vått..
Blæs på toppen.
Sjølv om eg ikkje er rask vert eg både svett  og forkava og ikkje minst slit eg med pusten…
Trur eg har eit problem…😎
Men kom meg no opp

Er allid kjekt å nå toppen…
Held på å gløyme å skrive meg inn i mantalet og…snudde…må liksom gjere det…glømsk..
Ser eg kan verte litt flinkare å trimme.Her står det svart på kvitt😐

Greit med turløyper utafor stovedøra..
Så får den heller vere litt våt

Brukte nesten lenger tid nedatt enn opp..
Rakk ned før regnet slo til..redda klesvasken på snora😊Endå noko

Godt fornøgd med meg sjølv nyt eg no avslapping i sofakroken
Fyr i ovnen og kaffi i koppen
Lesestoff og strikketøy og gamla har det som plommen i egget…

God lørdsgskveld😇
Her må det etast…Tenk om eg har tatt av eit gram😶

#tur#natur#humor

Heldige meg:-)

Sit og  nyt ein sein frukost og ser ut på fjorden og den flotte naturen
Høyrer ei motorsag som jobbar det beste den kan.Det er ikkje alle som er like trege som meg☺
Tenk kor heldig eg er som kan bu slik..sånn heilt i fred og ro
Det er ikkje noko for alle  og har til tider syns det var veldig avsides..
Spesiellt når ungane var små og 25 km på smale vegar til alle fritidsaktivitetar☺vorte mykje ventetid…men alt er ein vane
Sjølvvalgt…
No er eg  berre redd isete vegar😁

Men syns det er kjekt med turar til litt meir folkerike plassar i ny og ne..det skal eg ærleg innrømme
Er eit valg ein må ta..
På bygda er det meir opp til ein sjølv kva ein får til..
Skal det verte antivitet så må ein stille opp.Ingen ting kjem ramlande ned i fanget på ein😑
Syns igrunnen det er greit å nærme meg 60 og sleppe ungdommen til…
Så kan eg stå seint opp og kose meg med kaffikoppen😂