Jøye meg

Så bli som dette er det sjelden eg er
Men får meg til å smile
Så denne har eg kjær
Det er ikkje alltid det skal så mykje til
for å lokke fram latter og få godfølelsen inn

Likar igrunnen slike rare figurer
Lykketroll ,pinner og merkelige
ting
Eg er temmeleg skrullete og ikkje a4
Er så gale at eg må av meg sjølv flire

Men no er det alt vorte langt på dag
Alt vorten lei av surheit og ubehag
Trur at eg må lette på reva mi litt
Klart eg velt utover når eg ete slik:

 

 

#dikt#Humor#ironi

Ufordragelege meg:-)

Forkjøla og lei
Småfeit å brei
Likar meg ikkje
Ufordrageleg tjei

Ikkje dagen idag
Sånn hald deg for deg sjølv fredag
Orkar ikkje noko stress å jag

Går seg nok til
Kan vel endre seg litt
Men skal no pleie meg sjølv
Og ikkje berre litt

God fredag til alle
Ha ei strålande helg
Helsing frå ho som er sur som ein belg😎

#humor og #ironi

Tida går for fort…..

Langfri😊
Starta med å kjøpe meg tulipaner

Vel fortjent
Var så heldig å få raspeballmiddag hos naboen idag og eg….
Tytta som veit å sno seg.
Åt formykje…det er normalt..
Så for å forbrenne litt vaska eg litt på hytta til naboen..
Hender eg må jobbe for maten😎..
Skulle berre mangle..
Vel ferdig gjekk eg tur..syns det vart vel mørkt sjølv om det var måneskinn og allting..småkaldt…
Oppdaga då eg kom heim at klokka var 20…kanskje ikkje rart det var mørkt..
No er ovnen rødgl
ødane…eg drikk varmt drikke og eg frys..
Får vel i meg varmen til i morra....
Vinter…#Ironi#Humor

Giddalaus

I morgon,i morgon men ikkje i dag
Nei i dag ,nei i dag gjer eg ikkje det slag…

Sånn kjenner eg meg no
Ser ut på sola som speglar seg i fjorden
Vinden som ruskar i treea
Ser skyene som nærmar seg…
Tenkjer på snø i vente
Kroppen er stiv og støl
Verker både hist og pist..
Klamrar meg til kaffikoppen😊
Kjenner at eg ikkje er så ung lenger.

Tenkjer at her i sofakroken skal
Eg verte ei stund
Ta å slappe av litt, og pleie meg sjølv
Støvsuge kan eg alikavel ikkje for støvsugaren la inn årane forrege veke😊
Av og til treng eg ein stakkars meg dag😎

Gratulerer med dagen:-)Ha ein flott dag❤

ikkje veit eg

igrunnen sei at eg er lei av alt dette dopingstyret i idretten

Veit ikkje så mykje om det men ser jo at i Jorhaugsaka så går det litt prestisje i heile greia

Uansett så er det trist.Er jo menneske oppi det heile

 

Verden rundt oss vert meir og meir utrygg.

Er så ein gruar seg for å høyre på nyheitene og kva som skjer idag..

I kommunane er det lite peng og ein diskuterer korleis ein skal bruke det vesle ein har

Sjølv har eg strengt tatt nok med meg og mitt, men då vert eg egoistisk og det skal ein jo heller ikkje vere

Litt må eg jo bry meg om livet rundt meg

Skal ikkje vere enkelt dette her:-)

Same kor ein snur seg er reva bak

Har igrunnen nok med å delta litt i aktivitetane i bygda.Bidra med litt dugnad 🙂

Kjenner at den arbeidskapasiteten eg hadde i yngre dagar er vekke..

Ikkje 20 år lenger..

Beundrer dei som orkar å delta i både det eine og det andre

 

..Det gidd ikkje eg igrunnen Ein smule egoistisk og lat:-)

Godt vi er ulike, for kven skulle vi ellers a snakka om:-)

Men men…ein får vere som ein er når ein ikkje vart som ein sku…

 

 

 

 

Ei krone her….

Vakna akkuratt i det straumen forsvann kl.09
Søren og…gløymde det heilt igårkveld  så ingen vekking

Jaja…eg er ikkje meg sjølv før kaffi, så loffa inn til naboen..
Spurde om der var nytrekt kaffi å få..
Nytrekt ..nei den var frå frukost, men fullt drikkande..
Ikkje alle som er b mennesker😄

Kjempegod kaffi..
Til å med fått både middag med kaffi hos naboen eg idag
Ei krone her og ei krone der…😊

Vurderte om eg skulle ta å rydde litt sånn på ettermiddagen men gadd ikkje
Rusla meg heller ein tur på Vardeheia😊

Sola skin på dei rettferdige..
Fekk ein minutt før den kom på kven den sende strålene til😊

Kaldt på toppen

Var beinkaldt i vinden på toppen
Det er då ein er glad ein har ull,flees og vindtette klær…
Ikkje direkte ein fornøyelse

Men fint er det og angrer ikkje…
Sikkert lenge til neste gang…
Skjønnt helsa har godt av tur kvar dag….
Men viljen den er så ymse…
Må vere kjekt og liksom😊

Men no er det Anno på tv.
Kosepledd og fyr i ovnen

Må få att varmen i skrotten☺

Gammal og glømsk😥

Sånn litt sliten og tom etter endt arbeidshelg ,kjende eg at no var det tid for den lenge utsette fjellturen.
Vardeheia …kjende at der skulle eg idag
Rett heim frå jobb…skifte til vindtette turkle…slite på seg turskoa og gripe i veska etter mobilen…
Det var då det slo meg….den låg forsatt til ladding på jobb…
Går ikkje på fjellet aleine uten  mobil.. så gamla satte seg i Pengesluket og tøffa avgarde…
No er eg temmeleg så treg å gå og Vardeheia såg eg kunne verte litt vanskeleg ,visst eg skulle unngå mørke trasige trakk gjennom skogen..
Sørbøheia vart nødløysinga..
Ikkje glad i den..tung oppstiging og ein ser ikkje skogen for berre tre

Men ein ting skal den ha…
Ein får kondis…og er det noko gamla manglar så er det det…
Og det fins gudsjelov ikkje ei einaste trapp😅

Og når ein endeleg klarer å karre seg opp er det ingenting å sei på utsikten

Men det var surt på toppen
Rett og slett kaldt og det bles😊
Det er då gamla er glad ho har vindjakka med

Og er det bratt opp så er det og bratt nedatt
Ikkje akkuratt noko for ei halvgammal kjerring med skrale kne😎

Men kom meg no nedatt.
Gjorde no godt for sjela om kroppen ikkje var heilt einig.
Den vart meir glad for lasangen eg fekk av mamsen då eg kom heim
Eg er heldig

No er gamla godt innpakka i pledd.
Krølla meg godt opp i sofaen og skal berre slappe av🤗

#fjelltur#bilder#humor