Vårdikt og slikt❤

Våkna opp til nok ein nydeleg dag
Ingen sorger av noko slag
Vandra meg beint til sjøen ein tur
Var veldig stor fjere og vart igrunnen litt sur😑

Var veldig fint der men eg har ikkje båt
Ville ikkje vasse eg er redd for å bli våt
Så eg gjekk meg heller på fjellet ein tur
Der vert eg sliten men ikkje sur

Normalt treff eg ingen når eg rusler rundt her
Berre lyder frå busker og treer
Men i dag veit eg ikkje kva som har skjedd.
Traff heile åtte!.Eg vart nesten redd☺

Nokre hadde vore oppe og satt opp eit skilt
Skal sei det var flott og retteleg gilt
Hatten av for at vi ildskjeler har,
Det gjeld alle kva for yrke dei har

Er vakkert deroppe men eg måtte no ned
Måtte henge opp klær og fekk ilt i eit kne
No er det litt skyer og det bles ein sur vind
Så ganla ho ser no på dataen sin❤

Må ein så må ein😑

Går sånn passeleg fram med den ryggen og er igrunnen lei
Men er lite hjelp i å henge med hovudet😊
Nydeleg vårver.og det i fleire dagar.
Er så ein ikkje trur det ein ser.
God kletørke og for meg uten tørketrommel😉

Rett og slett vakkert på hytta til naboen☺

Flott her når det er fint ver☺

Kalde netter gjer at det frys litt på enkelte plassar

Steike tungt å gå idag.vått og gamla er ikkje i storslag akkuratt☺Men har god tid.Heldigvis er det innimellom supert å gå❤

Lykka var stor då eg kom på toppen☺1 poeng til meg

Når kondisen er dårleg vert pausane mange..eg brukar å sei eg stoppar for å nyte naturen😾
Høyres bedre ut det enn at det er grunna pustevanskar og dårleg fotarbeid

Skrekkøgla

Fantastisk godt for heile meg

Når då naboen inviterer på rømmegraut etter strabasane er dagen super.
Grauten var altfor god..
Åt formykje så no har eg det ikkje så bra..
Ein får ete med vit.

I morra er det dugnad på grendahuset.
Håper det kjem litt folk😑
Dugnad er sosialt og koseleg.
Eg gleder meg eg❤

#foto#natur#turløype

Vår❤

Fantastisk å vakne til sol og vår😑

Tek frukosten ute sjølv om det er litt friskt
Med teppe rundt beina er det supert
Berre å nyte

Ha ein super fredag❤

Gamla og gale Lise😋

Tidleg våken idag..
Åpna altandøra kjende på kulden og snudde .Kaffien tok eg inne..
Hadde vurdert å gå på fjellet.
Det var igårkveld..i
I dag låg det snø der og då gadd eg ikkje..
Tusla meg ein tur etter vegen og gjekk på besøk til naboen😑
Mykje koselegare det. Naboen har fått nytt kjøkken. Vart fint må eg sei..

Ser på mitt eige og gruer meg til å starte på det..Men må gjerast noko..

Fekk meg fersk torsk idag..
Og ka gjorde eg..Jau åt til eg vart kvalm…var nydelig❤
På veg til sofaen small gale Lise ..

No er det nok.!!Nydeleg ver ute.Fjellet ventar og snøen er forlengst vekke😑
Kor mange unnskyldningar har du igrunnen.?.Ikkje rart du har ilt..
Samvittigheita og fornuften vann☺

Flott med kvitveisen som veks overalt😑

Flotte stiar og fint å gå 😑

Stilt og fredeleg inni granskogen men utsikt er det ikkje 😑
Takke meg til litt vind.
Så påatt med vindjakka og klar for utsikt

Minkar no etterkvart denne platforma

Varden er utruleg fin❤

Rett og slett ein hærleg tur😑
Litt greit å ha ei gale Lise❤

Godt med godver å få vere ute i frisk luft litt.Gjer godt for sjela og fregnene gror som berre det.
Omtrent som hagejevelen..umulig å verte kvitt men aukar med åra☺

No nyt eg sofaen og strikketøyet❤

Snart ferdig og det varmar alt godt☺

#natur#tur#foto#humor

Pengesluket er sur😑

No hadde stakkaren gledd seg til nye dekk i månadsvis og så får han beskjed om at dei er nok greie nok endå dei frå ifjor😑

Kjende eg letna..er nok å bruke pengane på…
Dårleg prioritering meinte pengesluket..Han om det:-)
Får vente eitpar månader til

I dag har eg berre tatt verda med ro.
Trur det og er lurt av og til
Burde nok ha gått eintur i marka men er forkjøla og gadd rett og slett ikkje.

Lurer litt på kor dagen er vorten av😀
No ser eg nyheiter og prøver å få med meg k a som skjer utafor stovedøra..
Litt opodatert bør eg nok vere

Potte tett:-)

No må eg sei eg er drita lei

av kulde snø og dårleg ver. Kaldt ;og kroppen min er ikkje særleg glad i denne kulden.

Ser sola kjem snikande .Litt varmare er det i den og gjer jo dagen litt bedre,men temeraturen treng krype opp litt

Snart mai..Kan jo lure på kva som skjer med jorda vår og kva som svirrer rundt oppi atmosfæren.?

Redd vi ødelegg oss sjølv til slutt

Ikkje noko humør på meg om morningen..Vert nok litt bedre.(får eg håpe)

Men kjenner kroppen min treng litt varme for å komme på rett kjøl att:-)

All årstid har sin sjarm,men når ein føler at ein har same årstida heile året, så hadde eg gjerne hatt det ein smule varmare:-)

Får prøve leite fram litt humor i galskapen:-)

Først skal no Pengesluket få nye sko..Er då berre å tru at vinteren då held seg vekke og vi slepp meir snø…men kven veit

I dag trur eg at eg skal halde meg til sofa og bok.No er no boka utskifta men teppet er no det same:-)

Går seg nok til.Berre forkjøla og ilt i ryggen og begge ting går over:-)Gjer nok det kalde veret og med tider:-)

Men ting tek jo tid

Ha ein fin dag:-)

 

#ironi#humor

 

 

 

 

Hjelpast den som hjelpast treng😊

Endeleg fekk eg hjelp til å få ned litt busker og kratt😑
Planta eingang ut eit tre eg fekk til jul.
Sånnt lite i ei potte.
Kven hadde tenkt det vart noko stort som berre var i vegen?

Tuja eller sypress…lærer aldri forskjellen..
Men betyr ingenting for no er det vekke😊

Ikkje nett så spreke hjelparane mine heller😊
Tok si tid men kom seg😊
Eg er fornøgd eg..igrunnen ikkje så storforlangande😊

Trimma litt😊
Er no ikkje verre men ikkje bedre heller😊
Tek litt tid.
Vore ein fin dag sjølv om nordavinden er kald uansett kva retning han kjem frå😊
I morra skal Pengesluket få nye dekk..
Ikkje billig den karen..
Men må ein så må ein

Og sidan pengesluket er dyr i drift får eg heller drive med ting som ikkje kostar så mykje:-)

Bil må eg ha:-)

Glad eg har slike passelege turløyper i næreita

Er utruleg fint i ytre Fjaler så heilt greit å luffe rundt der

Vår?

Vakna idag til eit nydeleg solskinn
Rett og slett vakkert😋

Gjer iallefall godt for psyken sjølv om resten skrantar😊

No er det no ikkje nett noko temperatur å snakke om
Men kjem seg sikkert utpå dagen

Skal lese litt tenkte eg.Pleie meg sjølv litt
Ha ein fin dag😊

Gale Lise og ryggverken😣

Den følelsen ein får når ein vaknar og føler at heile høgresida har låst seg..
Og det mitt på natta…ikkje så mykje søvn kan ein sei..
Kreka meg opp og innsåg at det antageleg ikkje ga seg første timane

Ja…ka sa eg..Gale Lise formeleg kosa seg.
Slik går det når du er lat og ikkje gidd gå i utmarka..Eg sa det til deg..men høyrer du??

Ja..veit.
Har ikkje vore i form i det siste og drittveret har ikkje fresta..
Veit eg bør gå i ulent terreng.
Om ikkje kvar dag så tett innpå.
Treng ikkje vere på ein topp akkuratt.

Måtte innom legen og i påvente på fysio er det berre å labbe iveg

Men er sånn småforkjøla

I helsiken heller kom det frå Gale Lise..Er det noko i vegen med hovudet ditt eller?Ingen som kreperar av frisk luft!!
Så gamla fann det best å ta ein tur

Det flotte med Bygdeheia er at det er lite opp og mykje bortover..
Ikkje det store for dei som likar toppturar men for meg med dårleg rygg er det toppers

Må inrømme at i dag sleit eg.

Veit ikkje om det var bra verken for forkjølelsen eller ryggen.
Fekk iallefall opna kanalane i den sure nordavinden
Tok tid for var ikkje heilt smertefritt men gjorde i det minste godt for psyken
Gale Lise vart fornøgd og eg har tatt meg ein smertestillande og ein kopp kaffi..
Er no ikkje verre.
Men er nok berre musklane som nektar å lystre så går nok over med blanding av trening og ro..
Irriterande èt det no uansett😐

 

#ironi#humor