Stakkars meg😣

I dag er eg slapp og sliten og trøtt
Føler for å ligge her støtt
Forkjøla og ilt i rygg og bein
Når sant skal seiast så føler eg meg klein

Ein dag på sofaen det gjere nok godt
Ikkje synd i meg og mat har eg fått
Vel å merke måtte eg lage den sjølv
Åt formykje og laga litt søl

Men når det snøar ute og er grått og trist
Så er det kanskje her det er best til sist.
Ser litt tv og les i ei bok
Føler meg nett som ein gammal krok

Det er snø😊

Påskesnøen er kommen
Litt seint kanskje men…
No skin sola.
Ser ut til å verte ein fine dag😊

Vakkert .
Har jo fortsatt vinterskoa på seg Pengesluket😊rett skodd om ikkje anna.

Skjønner godt at Vårherre dekker til litt i hagen😊

Gamla trur eg skal halde seg i ro med bok og kaffikopp idag
Kjennes iallefall slik ut.
Men først skal eg ha meg ein lang god frukost😊

God søndag😊

Det er snø😊

Påskesnøen er kommen
Litt seint kanskje men…
No skin sola.
Ser ut til å verte ein fine dag😊

Vakkert .
Har jo fortsatt vinterskoa på seg Pengesluket😊rett skodd om ikkje anna.

Skjønner godt at Vårherre dekker til litt i hagen😊

Gamla trur eg skal halde seg i ro med bok og kaffikopp idag
Kjennes iallefall slik ut.
Men først skal eg ha meg ein lang god frukost😊

God søndag😊

Ikkje noko hjelp frå Gale Lise :-)

Feiaren rakk det akkuratt i tide.
Sånn ca nett før klokka var fire
Skal sei han var rask og var ganske fornøgd
Lite å gjere ..veden var nok tørr

Noko fjelltur gadd eg ikkje ettet fire
Gale Lise kunne ikkje halde seg og måtte no flire
Ho syns eg er lat og det kan no vel hende
Men slik er det når eg på forkjølelsen kjende

No gjekk eg no etter vegen ei tid
Syns det var greit nok for gidd ikkje gå på ski
Hagla og snøa og sola ho skein
Trur det var lurt at eg gjekk på to bein

Men no har eg ete og ovnen den brenn
Godt eg slepp av nokon å få skjenn
For eg har vore i frysen og henta meg is.
Høyrde gale Lise gav frå seg eit knis 😊

Meiner bestemmt eg kan kose meg no
Det er no lørdag og isen er god
Det er berre det at eg fekk lyst på litt meir
Kanskje det bør halde med ein og ikkje fleir

 

Den som ventar på noko godt…

Men idag har eg venta på feiaren…
No var det no stort slingrinsmonn på klokkeslettet..
Mellom 9.30 og 16…
Tenkte at i dag skulle eg halde meg heime..sånn at eg hadde litt kontroll på om han kom eller ikkje…
Til vanleg brukar eg å henge ein lapp..
Berre fei eg tek aska sjølv..
Ikkje kommen endå men har no ein time på seg😊
No veit eg ikkje om det var idag han skulle på Lifjellet å feie…då kan det ta tid😊

Så mens veret har vore nokonlunde så har eg brukt ventetida til å vaske litt i huset..på høg tid.

I mangel på frisk luft vasa eg meg ut i hagen..
Dvs .å kalle det hage er fullstendig feil

Her er det kun ugras og mose.
Pluss rikeleg hagejevel..
Er det nokon som treng litt ekstra i salaten er det berre å forsyne seg😁
Eg deler gjerne😁

Manglar i tillegg til ryggegenet og hagegenet..
Her er det stort forbedringspotensiale😊

Naturhage er tingen😊
Men fann no fram litt utstyr og prøvde rydde litt.
Er vorten litt sånn uframkommeleg😊

Gjenstridige greier

Litt rusta og ikkje heilt sprekt..
Litt som meg..men det funkar😊

Kom ei salig haglbyge å redda meg frå meir hagearbeid .Kasta ifrå meg alt..Fekk med meg sengkleda på snora å storma ihus😀
Reddast det som reddast kan..
Si no sit eg her og ventar på feiaren mens eg tek meg ein kaffikopp..
Håpar det lettar litt.
Bør nok få vekk meir kvist og kvast.
Helst henge ut litt klær og..

Men først drikk eg litt meir kaffi😊

 

#hhumor#ironi

Gamla og pengesluket😎

I den tid eg hadde den gamle carinaen min var eg faktisk flink å rygge..Det var då eg irriterte meg over dei som ikkje fekk bilen i revers…
Det var den gang…
Før Pengesluket kom inn i livet mitt..
Speglar og rygging er ikkje i mine gen og stasjonsvoger  er ikkje så gode å rygge uten…
Eg og Pengesluket er vorten kjende som landevegens skrekk.
Store og små bilar samt buss og lastebil som har sett oss i sving eitpar ganger, dei får bilen i revers og er på veg bakover før gamla trekk pusten.
Trur ikkje det er fordi dei vil vere snille..
Er vel rett og slett fordi dei verken har tid eller ork til å sjå meg i aksjon..
Toppa seg idag…
Har eit langt smalt bratt parti uten rekkverk eller utkjørsle  på arbeidsvegen…(ikkje berre eit parti)
Godt nedover traff eg bussen..
Han kjørde godt ut og tenkte nok eg kom forbi…
Ein gang i tida hadde det gått an..men det var før det kom ein halvmeterhøg kant av oljegrus..
Ut kom sjåføren..ung for meg ukjend mann.
Sa som sant var at eg kom ikkje forbi der…var elendig å rygge og det kom til å ta tid..men eg skulle gjere mitt beste..
Og la i det same til at viss ikkje han ville rygge for meg då..
Han såg på det gamle spetakkelet med store blå auge og håret til alle kantar.
Så nok for seg Madam Mim og heksegryta..
Sa; ja eg ryggar…hoppa i bilen og rygga i rasande fart ut av syne..med Pengesluket..
Traff han på veg nedatt..Prøvde å takke men trur han var litt redd…
Svigermors drøm..
Han har i det minste ei god historie å fortelje…
Mulig han skal køyre her oftare og reknar ikkje med at han ryggar for meg meir..så får prøve å halde meg unna i den tida..
Kanskje eg skal slå opp turnusen min så folk får ein advarsel om når eg og pengesluket er på vegen😊
Skal ikkje vere enkelt..
No har eg fri i helga så det er nokonlunde trygt på vegen😊
Men takk til den fantastiske unge mannen😊
Vi har sikkert begge fått noko å flire av
Eg er med på å halde liv i myta om damer bak rattet og han fekk ei god historie

Her gjeld det å ikkje ta seg sjølv høgtideleg..😚

#humor#ironi

No har gamla og Pengesluket tatt kvelden
Ute snør det og sola skin sånn av og til..
Fortsatt ikkje skifta dekk .glømt det men kom vel med.
Må bestille nye mandag😊

Latskapen lenge leve😎

Må sei at det er temmeleg så tungt å klare å reise seg frå sofaen..
Når eg i tillegg har stappa meg full av pannekaker og rett og slett er kvalm så er det igrunnen uantuellt😎

Hadde nok trengt nokon som drog meg på fjellet
I dag gadd ikkje eingang gale Lise å få meg dit
Rusla meg ein tur etter vegen.
Ga meg ingen kondis men gjorde godt for sjela😊

Angrer salig på at eg steikte meg pannekaker…
Slik er det når ein ikkje brukar det vesle vitet ein har
No skal eg slumre i sofaen og sjå tv resten av kvelden..
I morgon er ny dag😊
Mulig eg då gidd å gå ein aldri så liten fjelltur..

Angrer på at eg ikkje tok den fjellturen.. Hadde vore bedre ide det enn pannekakene.Men slik er livet
Etterpåklokskap er og ein klokskap

sofakroken:-)

Sit godt inntulla i teppet mitt og nyt kaffikoppen.:-)

Kjenner at det er heilt greit å stå seint opp og berre slappe av:-)

Ute ruskar vinden i alt han måtte finne og skyene er klar til å sleppe ned litt nedbør.

Har vurdert om eg skal ta meg ein rask spasertur ,men er litt småforkjøla så igrunnen så frestar det lik null

Syns igrunnen det er heilt greit å sitte her å sjå på godmorgen Norge

Påska er over og med den godveret:-)

Litt godt og å vere tilbake til normal kvardag ,sjølv om det å ha familien nær er verdt ganske mykje.

Men slik er det.Alle er opptatt med sitt i ein travel kvardag.Godt er no det og.

Brann i Fjærlanddstunellen.Jammen bra det gjekk uten liv gjekk tapt, ,sjølv om eg reknar med at dei som var involvert nok slit med etterreaksjonane

Mykje tunellar her med oss ,og gjev vel oss alle ei påminning på kor fort ting kan gå gale

Ute er regnet begynnt å gjere sitt inntog og gamla er glad ho sit i sofaen

Ikkje verdt å provosere forkjølelsen meir enn nødvendig..Får heller konsentrere kreftene å å komme meg på jobb:-)

Kanskje eg heller skal prøve å gjere litt inne…men trur igrunnen det er lurast å berre lese i ei bok:-)

 

 

Aprildikt😁

Sto opp til sol og eg tok meg ein tur
Skulle sjekke om det var nokon som her låg i sjul
Men desverre så var det einaste eg såg
Spor etter natursvin for nokre bokser der låg

No lurer eg på kor det er vorte av spanna
Dei har no stått her frå tid til anna
Får spørre mesta kor dei er blitt av
Så hadde ein sleppt slikt søppel og kav

No snøar det ute og eg har gått inn
Men sola den har gitt meg fred i mitt sinn
Så er nokonlunde klar for litt jobb og slikt
Kan ikkje sitte på reva sånn på sikt

God mandag😊

Gale Lise slår til😎

Sat godt planta på altanen med krimboka
Hadde liksom tenkt å vere der ei stund
Som frå intet kom det frå gale Lise..
Ka søren…skulle ikkje du på fjellet idag…
Eg?jau tanken var der igår..
Ser du ikkje skyene som kjem sigande?Kom deg opp or stolen og opp i lia…Sitte og lese kan du sida..
Gale Lise var i seget og er ho i det lune er det berre å gå..

Så gamla fekk på seg turkleda og seig avgarde..

Når eg først har komme meg opp hit er eg igang😁

Var faktisk ganske så flott å rusle iveg.
Sola varma og fuglane sang..
Vått er det fortsatt men første delen er fin
Var kjempebra mot sist eg gjekk

Vakkert ved demma☺

Få no opp farten kom det frå galeLise..
Skulle ikkje du trene opp kondisen?

Helsikens mas..men litt pauser må ein no kunne unne seg😁

Her var det bløtt😋Men skoa er bra så ingenting å klage på..
Untatt form og pust..men den er mitt ansvar😁

Endeleg oppe.Vardeheia😊
Vakkert men kald vind..
Ikkje skein sola heller oppå toppen..
Så var berre å få skrive seg inn i mantalet og ete mandarina på veg ned😊
Heldig som har turfjell ,om der er vått,rett utafor stovedøra.

Av og til er det knas med eit gale alterego
Når då naboen inviterer på middag og dagen fortsatt er ung kjenner eg at livet er ikkje så verst igrunnen

Var litt surt ute så koser meg med krim og strikketøy frå sofakroken..

#natur#tur#Fjelltur#foto#humor