Fantastisk😊

Deilig sol.Fri og kan nyte morgonstilla med frukost og bok på altanen.
Har det fint og kjenner at sol og påskefri har gjordt godt.
Viktig å tanke litt krefter.

No skal eg sitte her og nyte utsikt over Skifjorden og fange litt fregner😊

Hærlig å ha dagar uten ein einaste plan😊
I morgon kjem kvardagen

☺Bygdeheia .Den som ikkje vil den skal:-)

Klarde no å få på meg tursko og klær og komme meg ut..
Var det som var tyngst.
Har ikkje vore på bygdeheia sidan i fjor høst…på tide

Totalt ute av form

Var litt snø i føremiddag

Vakkert

Snakk om rekreasjon og balsam for sjela

Vått..
Ikkje så lett å sjå kor ein skal stige når snøen dekkar
Men…ein merkar det når ein stig feil😁

Supert jobba
Det er nokså lenge sidan sist eg var her
I mellomtida er dette forvandla frå ein plankehaug til rasteplass😀

Flott varde

Nydelig utsikt..litt kald vind..
Skjønner ikkje kvifor eg ikkje har vore her på lenge

No er eg igang
Skal bruke desse toppane i ytre Fjaler meir framover
Nett passeleg lange😂eller korte
Alt ettersom

Vore ein super dag rett og slett😚
No nyt eg solstrålane i le for vinden.
Klokka nærmar seg 18😀

No har gamla det godt😚

#natur#tur#foto

 

God påske😊

Vakna til nydeleg ver og snø på bilen
Ikkje så mykje men dog.
Ser skyene som heng både her og der men så lenge sola skin er det berre velstand

Litt sånn småforkjøla så vaknar langsomt
Burde nok tatt meg ein fjelltur men ser det litt an..
Litt mykje i gidd ikkje modus kjenner eg😊

Nei gamla må få på seg skoa og komme seg ut før det kjem meir nedbør😊

Dagen derpå😉

Føler meg tyggen og oppattspytta
Tek på for gamle folk å vere i gebursdag
Heime halv fem inatt..Ikkje noko heft det
Men sove fekk eg jo ikkje.
Ikkje vand med å trakke rundt på spisse litt høge helar
Verker i alt som heiter musklatur og sener i beina😊
Utål kallast det visst

Så no ligg eg lettare henslengt i sofaen
Får servert litt mat av barnebarnet mens vi koser oss med disney jr.
Ute regnar det så igrunnen ein dag midt i blinken for mine behov😁

No er det visst tid for litt aktivitet..
Er påskekos om besta er litt trøtt😁

Hipp hurra😚

Nydeleg ver ute det må eg sei
Sjølv føler eg meg berre tjukk og brei
Slik vert det når eg berre stappar inn
Uten å tenke på at det ikkje forsvinn

Vore kaldt inatt og bilen er frosen
Sola den skin og lovar godt for påsken
Men no må gamla snart få fingen ut
For eg skal nemlig pynte kake til ein gut

Nja er no vel heller ein kjekk ung mann
Fyller 35 og har nok alt trekt ei tann
Tida den flyg og dei gamle er eldst
Håper det vert ein durabeleg fest

Først må eg berre ha litt kaffi og sol
Så er det snart litt flytting av bord
Eg må på jobb men vert nok ein koseleg fest
Slik som ein trivst i og koser seg som gjest

 

Gratulerer med dagen😊

Sol og påskeharedikt😘

Sola kom og vinden med
Då er det godt å sitte i le
Påskeharen han flaug forbi
Han stoppa ikkje hadde ikkje tid

Men på sin veg han hadde i ei li
Å sleppe nokre egg det tok lita tid
Så her sprang vi rundt og samla inn
Fekk masse frisk luft og fred i sinn

Han var ikkje så nøye kor han egga la
Men vi var berre glad at han til oss dei ga.
Han spør ikkje eingang om vi har vore snill
Kanskje han syns vi skal vere litt vill

Kjempekos å leite ilag med dei små
Ikkje lett då å gøyme seg vekk i ei krå
Men no er no ikkje besta den beste
Mamma og pappa og onkel er neste

Har til å med prøvd å bake ei kake
Bakte ei te den var nesten heilt make
Er synd å sei dei hadde utseende med seg
Men  får no håpe at ingen vert lei seg

Er kanskje enkelt men syns det vrient
Den vil liksom lande litt sånn sidelengs
Og litt sånn dobbelt og ikkje heilt flatt
Og eg vert irritert og får faktisk heilt fnatt🙄

#humor#ironi#dikt

Desken…ser sola😊

Trudde nesten eg såg syner eg idag
Solskinn😁
Skyene rundt om dei hoppar eg over
Har benka meg på altanen og nyt kvar stråle
Bok og kaffikopp .Påske
Ingenting ivegen med heimepåske
Gjeld berre å nyte øyeblikka
Held vakt etter påskeharen
Har høyrt rykte om at han var i nærheita men ikkje sett han…
Han er nok ikkje så lett å få auge på

Får nok snart hjelp..
Imens koser eg meg i kroken i ly for vinden

Hiv o høi😀

Fri imorra og tjo og hei
No er eg sliten og drita lei
Høyres litt fælt ut men det er no sant
Kjennes ut som eg har ramla utfor ein kant

Bedre i morra for det går seg jo te
Berre litt sliten og har ilt i ett kne
Når gamla får slappa av og tatt seg litt inn
Så tenkjer eg at ho igjenn får ro i sttt sinn

Har det no godt her i sofaen min
Strikkar litt og håpar att i lotto eg vinn
Det siste trur eg neppe på skjer
Sikkert bedre at eg kapper ned nokre trer

Men no ser eg tv og passar på at  ovnen har ved
Kjenner det er godt å sitte i fred
Er nok litt gammal og asosial
Men det sparer no andre for mas og kav😊

Gamla på tur

Og det med sjåfør og greier😁
Det er nokon som har det
Måtte innom sjukehuset å få sprøyta mi..
Ser litt sånn trasig ut sånn etterpå…
Endå trasigare enn normalt😊

Kos med veslesysta som sjåfør
Reknar med ho har gnagsår i øyrene og er utsleten.
Tek på med storesøstre med munndiare😂

På kafe var vi og må vite.
Knallgod kaffi og skillingsbolle.
Kan anbefalast😊

Dette var også godt i følge systa😊
Der skal eg gå oftare.
Huksar ikkje kva det heitte eingang eg .veit i det minste det var i handelshuset..😁

No har gamla fått god fyr i ovnen.
Middagen er snart ferdig og ute regnar det😋
So no skal eg rett og slett berre slappe av og nyte tilverelsen😎

Påskekos😊

Det er viktig å kunne senke skuldrane og slappe av litt i ein travel kvardag
No er ikkje påskeveret hos meg noko å rope høgt om
Går inn i historia med det året det var så vått.
Kaldt og for den del.

Må barnebarn til for å få besta or senga på for meg eit ubel😊
Så no nyt vi tilverelsen litt sånn tilbakelent begge to😊

Kaffikoppen er god å ha

I går var vi på helselagsbasar.
Vann ikkje det minste.mange flotte gevinstar.
Hell er det ikkje så mykje av.
Men junior vann.
Mulig det var oldemora som vann nokre ting men det går forbi i stillheit.
Går no til ei god sak😊
Vore litt godt å berre slappa av litt.
Men jobb idag.
Trur eg må inn på nettet å sjå om det er noko nytt i verda.
Lite av det på Bomerang😊