Gammal og halvgalen😄

Litt sånn tett i pappen og uggen har eg kreka meg ut or senga..
Ser rundt meg..
Meir som eit katastrofeområde..
Må nok ta å rydde litt opp…
Fann forresten påskepynten..
Langt under ei seng.Korleis den hamna der er eit under..
Påskeegga derimot …borte vekk.
Mistenker at påskeharen med ein feil har ruska med seg dei tomme…
Alle kan ta feil..
Så innkjøp av nye ser ut til å vere løysinga..
Men først må eg vakne..Det tek tid.
Kroppen vil ikkje nokonting😐

Grusomt med det som skjedde i Sverige og med all krig og nød ute i verden
Vi har lenge vore trygge.Er noko med det at når det skjer langt vekke så tek vi det ikkje så innover oss.
Det er først når det skjer nærmare vi åpnar augene og skvett til
Men ofte er det tankar vi går med inni oss sjølv om vi ikkje snakkar høgt om det.
Lettare å snakke eller skrive om dei ufarlege tinga og la dei som kan det fortelje oss kva som skjer rundtom.

Verda vert stadig tøffare.
Ikkje all framgang er positiv.
Men er tross alt viktig å bevare trua på det gode i menneska og håpet om fred..

Eg bryr meg om andre, om eg kan virke noko sjølvopptatt😎
Men er meg eg har mest greie på.

No får gamla snart prøve å starte dagen..

Ynskjer alle ein fin laurdag😀:-)

#humor#ironi#alvor

Den forsvunne påskepynten….:-)

Det er meg eit mysterium.
Totalt borte vekk..
No har eg ikkje så mykje, men hadde no vore kos å funne att det eg hadde…
Akk o ve

Merkeleg kor enkelte ting har det med å fordufte uten å etterlate seg spor, for så etter lang tid dukke opp der det aldeles ikkje har noko å gjere..
Og det spøker ikkje her og heller ikkje kan eg skulde på andre..

Har ikkje vore på høgloftet..og heller ikkje i eine boden…
Men der trur eg ikkje den er….
Er igrunnen så trøtt at eg klarer ikkje tenkje og ikkje ser eg så godt heller…
Får roe meg ned litt og starte på ny frisk om litt..
Påske vert det uansett

Trøtt og det er helg😊

Stuptrøtt..
Men treng litt tid før eg skal ha eitpar timar på puta…
Må innatt i normal døgnrytme så bør ikkje sove forlenge😊

Ser ikkje ut som vårherre vert ferdig med vaskinga..
Bør no vere reint for lenge sida..trur vi har nok strøm til kraftverka og..
Er ei uverskråke..men sjølv eg  vert lei.

Kjempegode klementiner😀litt for gode..
Gassangrep i Syria
.Fryktelig verden vi lever i.
Usa bomber…skummelt i verda men viktig å bry seg.
Russland er ikkje i godlune..
Kva skjer no…politikk og makt er ikkje enkelt

Glad vi har fred i vårt vesle land om enn så lenge

 

Reine høgtrykkspylaren

Litt usikker på om eg skal le eller grine.😎
Er rett og slett eit helsikens ver ute.
Vurderte om eg skulle halde meg i senga til seinvakta,men har no kreka meg opp.

So no sit eg no her med kaffikoppen som vanleg.
Dagen for å sjekke skatten og håpe på at ein slepp den store smellen
Veret står nok i stil..er som eg ventar på at straumen skal gå for å gjere det fullkomment
Forsettet mitt om to fjellturar i veka syns tydeligvis dei ovenpå ingenting om.
Jauda..var bra igår men då måtte eg oppom sjukehuset før jobb..
Meir rakk ikkje eg😁

Frukost 😊Kan iallefall kose meg litt i skittveret.
Viktig det og😊ut skal eg ikkje.
Vind og regn som kjem ned vannrett er for mykje av det gode😊

Er nok for glad i det behagelige😊
Mulig eg bør skjerpe meg å gjere litt i huset.
Først må eg slappe av å våkne til liv😊

Gale Lise i full fræs

Etter å ha sove til langt på dag og ete ein lang  og god frukost belaga eg meg på nok ein trasig dag😋

Skodda klamra seg fast og det yra som best det kunne.
Jaja..eg tok stripa mi etter vegen..tusla heim og hadde igrunnen tenkt å verte her resten av dagen..

Av ein eller annan merkeleg grunn forsvann skodda…sola kikka fram og null nedbør..
Er jo så eg ikkje trudde mine eigne auge..
Men sofaen var jo steike god…
Det var då gale Lise kom på banen…

Skal du sitte her?
No har du gneldra om fjelltur som ikkje vert noko av grunna skodde og regn i vekesvis…
No er det opplett…kom deg ut!!!
Kvifor er det så mykje lettare å gremje seg over alt som er gale, enn å gjere noko med det når ein kan?
Støvleføre til Vardeheia..minst

Å ka so sa gale Lise..
Du fekk jo støvla til jul

Fy søren kor tungt det var idag…null pust og vått overalt…men får ikkje kondis av å berre syte…

Syns igrunnen det vart nærmast ekstremsport..verst nedatt…adde meg eitpar ikkje så gode forsøk på baklengs salto og det i siste bakken ned..☺sikkert bra ingen såg..

Skodda kom før meg til toppen.
Det er når ein vaser rundt i skoddedisen eg lurer på om eg er heilt god
Nede med sjøen skin sola…
Og her vaser gamla rundt som om eg ikkje har hatt nok skodde siste vekene.

Brukte laaaaang tid.
Var igrunnen ikkje så kjekt..for glatt.
Men kjenner det har gjordt godt.
Er svolten.sliten og har fått den vel tiltrengde trimmen..
No er det berre å prøve å komme seg på ein topp 2 ganger i veka…
Det er ei anna historie

Piss lei😣

Heilt ærlig så er eg piss lei yr,skodde,regn og vind..
I dag har eg for det meste såte på reva og ete…
Var så dum å gå på vekta i kveld.
Du salige …
Her trur eg at eg har klart å halde den i sjakk.
Til å med håpa på at den skulle gå ned….
Det skjer sjelden under…
Trøsteet..så koser eg meg med mat…
Sjokolade er godt, men i dei mengder eg klarer å hive innpå så er det iallefall ikkje sundt…
La det verte sol eller i det minste opplett slik at gamla kjem seg ut…
Til å med fjelltur og litt bedre kondis hadde gjordt susen..
Orka ikkje gå til fjells i regn og skodde…
Må ut om ikkje anna enn å ruske opp litt ugras…men i pøsande regn…
Orka ikkje…

Er kjekt med bok å strikk og då men har fri……
Kjem nok fint ver mandag skal de sjå..
Flott i Oslo..Gje det kom litt til meg og..
Føler meg rett og slett ikkje vel…
Håpar i det minste skodda held seg vekke i morgon…Eller idag…vi er komne til den andre april…😂
Trur beint fram eg då labbar opp i lia om det regnar eller ei.
Ei stripe etter flate vegen hjalp lite😊

Nei treng visst eitpar fjellturar i veka.
Lenge sidan sist
Får sparke meg sjøl bak og trumfe meg ut…
Nytter lite å sitte her å syte å klage…
Men først må eg no hente jr..om litt og ta meg ein lur…
Ikkje vann eg i lotto heller🙄
Vinnarlukke er fråverande.
Sikkert noko med innstillinga.
Ein får det ein strålar ut…
Seier det meste😎

God søndag😊

#ironi#humor

Nydelig innever😊

Fytti katta for eit ruskever det er ute.
Vinden har ruska og piska vatn på huset i heile natt..Langt frå ferdig..
Ikkje er det aprilspøk heller.
Men kjekt med innedag og
Gamla har fått fyr i ovnen og kosar seg med kaffi og data på morningen

 

Har vore slik ramlenednatt på vestlandet ser det ut til.
Ikkje dei store nyheitene

Må på møte i grendalaget idag..ellers skal eg rett og slett berre lese,strikke og kose meg

Mulig eg forandrar meining men akkuratt no frestar det ikkje å gå utom ei dør😋