Plutseleg på tur😉

Hatt fri idag og den har eg tatt heilt bokstaveleg😙

Skal eg vere ærleg så har eg ikkje gjort nokonting.
Berre luffa rundt i huset og tenkt på alt eg burde ha gjordt..
Slått plenen foreksempel…men graset var litt vått
Fjelltur….naij…

Så i kveld tenkte eg at eg no iallefall kunne tusle meg på utsikten
Plutseleg stoppa ein bil og ei super dame lurte på om eg ville vere med på fjellet..
Ikkje rette skoa sa eg…
Men ombestmmte meg😊

Fantastisk utsikt på Einingsfjellet ikveld

Takk Unni for at du tok meg med ,sjølv om du med det knapt får løyst svetten☺
Kondisen min vert ikkje bedre..er noko eg nok må leve med.

No vert det endå fleire bruer på stien opp.Dei jobba flittig. Flinke folk😊

Er glad eg vart med sjølv om eg vart litt våt på beina.

Nydeleg tur og eg trengde den nok…

Helga er over :-)

No er arbeidshelga til ende
Hatt det kjekt men no har gamla ramla ned i sofaen med heile si bredde
Hadde igrunnen gledd meg til litt utetid ikveld,men skodda sig inn fjorden og litt sånn sur skoddevind så er ikkje så frestande😉

Men klarde no å komme meg på ein liten fjelltur etter jobb…og ikkje høge greiene😉Er ei stund sidan sist så var på høg tid

Kjende at det burde eg ha gjordt litt oftare..
Litt for makelig anlagt desverre😐
Skjønner ikkje korleis folk klarer å leve sundt og fylgje diettar
Er vel heller sånn at eg bør få opp aktivitetsnivået…
Litt mykje stillesitting…
Men å gjere noko med det…tja…
Men men….
Kanskje eg skal rusle meg ein tur i skodda før Beck kjem på tv

Grått,vått men flott

Skikkeleg sånn kose meg inne dag.
Dei skal vi ikkje kimse av
Alle treng vi å senke skuldrane og la humla suse😉

Har rusla meg ein tur i duskregnet
Var koseleg skal eg sei dåke
Likar å rusle rundt og kjenne på alle friske duftene regnet bringar med seg
Er skodde eller tåke,så fjellet frestar ikkje ..
Kjenner det gjer godt å berre nyte det å vere til❤

Drita lei

No må eg iallefall kunne sei
er av køyring og reising drita lei

Har kun lyst til ein ting og det er å få sove så lenge eg kan
Fleire dagar med full rulle frå eg kjem ut av senga er ikkje noko for meg😊

Eg er skapt for fred og ro om morningen:-)

Vore hos frisøren og fått farga hesteragget..
Gale nok som det er om det ikkje skal vere grått🙂
Mens eg sat der så ringde det frå tannlegen i Førde..
Ville berre minne meg på at eg måtte vere ute i god tid.
Var nemleg sykkelløp Tour des Fjords..

No hadde eg no skjønnt det, så hadde avspassert…Får no med meg litt endå
Kom meg no inn og ut av Førde før det tok laus..

Godt eg tok meg ein kopp kaffi og ein bolle …
Vart bedøvd i heile munnen..Ikkje enkelt å vere til tannbehandling
Ikkje lurt🤖
Ikkje fått i meg verken vått eller tørt før kl 21…
7 timar…Føler fortsatt at det er litt ekkelt..
Men fekk no rensa opp.
Fått igjenn litt av betennelsen så får gå med mellomromsbørsten i lomma heile dagen….må skjerpe meg..
Syns igrunnen eg er bra flink eg men….

No er eg sliten og verker i munnen..
I morra har eg heldigvis fri😁

 

Gammal og glømsk :-)

Trur desse kursgreiene tek for mykje på😉

Mykje god mat og for mykje..
Ikkje vert det særleg med bevegelse heller
Anna enn for hjernecellene😙
Men i dag kobla dei og ut
Jakka mi la eg overalt og hadde det ikkje vore for god hjelp av fleire støttekontakter, hadde den nok vore på kurs endå😀

Hadde flink sjåfør og vi måtte jo ha både mat og kaffi på vegen.
Så langt alt vel..

Var på Plantasjen..
Ruska no med meg 4 like sommarblomster og 4 buketter☺
Så langt alt vel
Kom meg i kassen og smart som eg var la eg 3 i ein pose.Den eine måtte ein jo ha for å få koden

Betalte .tok posen og i bilen
Kjempekupp tenkte eg….
Til eg skulle bytte bil

I posen var 3 sommarblomster.
Dei andre ligg nok att på disken på Plantasjen😊
Det var det kuppet😉

Godt eg er kommen heim
Skal på tur med Pengesluket i morra.
Lurer på kva då eg skal gløyme..
Den tid den sorg😁

Bøttekott

Senga er flott
Ellers er det nærmast eit kott
Så kurslivet går gått sjølv om her er heller smått

Moderne idag å måtte bevege seg lite
Men visst du er stor trur eg du her vil slite
Fordelen er at ein treng ikkje snu
Kan heller ikkje i dusjen vil eg tru

Men utsikta frå senga den er kjempeflott
Veger litt opp for at dette er eit kott
Er ikkje plass til lenestol
Då må eg nok reise heilt til Gol

Er rikeleg med puter så eg sit igrunnen godt
Er no berre bra å sitte med føtene opp

Det er mørkt i gangen men her er det lyst
Så eg skal ikkje komme med så godt som et knyst

Er fint på Skei og eg har det no godt
Litt lærdom i knollen har eg no og idag fått
Så no eg no snart endeleg får meg litt mat
Håper eg det vert noko godt på eit fat😁

Hageglede☺

Har ikkje hagegen i det heile.
Veks berre hagejevel og ugras hos meg.:-)
Desto kjekkare å nyte blomstrene hos naboen

Epletreet blomstrar heilt nydeleg
Einaste som likar epla er hjorten.
Men er flott når det blomstrar😆

Vakkert

Kjekt når det blomstrer overalt😉

Men det må jo stellast😗

Held meg til å gå små turar eg.
Helse på mine nye bekjente
Venner er vi ikkje endå

Skeptiske til kva eg fer og rek etter😁

Hadde igrunnen tenkt å gå på ein annan topp idag
Men det enklaste er ofte det beste.

Må jo ha tid å lese ferdig boka mi og

Sommar😙

Sommar idag❤
Litt ymse med kor lang og når vi har sommar hos oss så eg har då kosa meg i heile dag
Mulig dette var sommaren☺

Fått med meg pengesluket på ein liten tur.
Ville ikkje prøve komme seg til topps så venta nede

Er no litt gammal og sliten.

Desse her hadde no søkt tilflukt mellom treea i varmen
Kjekt det er litt sauer som held vegitasjonen nede

Til å med fått slått litt gras..
Igrunnen hatt ein flott dag så langt

Vind og overskya ute så gamla har trekkt seg inn.

Lese litt og kose meg vidare😉
Kunsten er å trivast i eige selskap og nyte augeblikka😾

Fyttikatta😊

Fyttikatta for ein elendig kondis eg har
Fantastisk ver idag. Litt sånn utafor og småtufs etter nattevakter..
Vekta den berre ballar på seg ,og eg gomler sjokolade og syns synd i meg sjølv…
Ikkje rart det går gale..null sjølvkontroll😎
Ilt både her og der har eg og…
Men kava no meg til slutt ut

Tungt…og hett..
Er jo sommartemperatur❤

Kom meg no både opp og ned..
Gjorde godt..
Men no har eg hamna utslått på altanen med  bok og kaffi
Har det flott❤

God helg

17 mai og komitee

No er vi ferdige med feiringa for i år
Og det uten at eg fekk så mange fleire grå hår

Eit nydeleg ver og fantastisk stemning
Kva er vel bedre og sommaren er i emning
Komiteen var super og det var veldig kjekt
Nesten som ein skulle tru vi alle var i slekt

Eit fæla arbeid å røre i graut
Er ikkje for pyser og ikkje for naut
Her lyt ein ha krefter og tunga beint i munnen
Men såg no ut som det ikkje brann i bunnen❤

Med dyktig veiledning og råd frå kokka
Gjekk alt heilt supert og ingen sukka
Ein hærleg dag med latter og løye
Gjeld å ikkje ta seg sjølv så veldig nøye

Flotte kaker og takk skal de ha
Vi klarde det jammen og vi hadde det bra
Takk til alle som kom og var med oss
Og håpar at vi ikkje skapte formykje kaos❤