Glømsk og tåsete😚

Skulle fylle bensin på tilbakevegen idag hadde eg tenkt.
Dvs. Det var i føremiddag
I ettermiddag var det totalt vekke frå mitt hovud…det var tomt
Hender det er noko oppi der sånn innimelllom😊

Så den som måtte ut på tur att var Pengesluket…Og er ikkje berre rundt hjørnet men over 20 km ekstratur:-)
Sidan eg alikavel måtte ut på tur rusla eg meg ein tur

Av og til må ein ta ein anna veg😑

Vakkert men disig

Litt greit å av og til få eit nytt perspektiv på ting😂

Alden hadde gjøymt seg.
Var godt å rusle seg ein liten fjelltur kjende eg
Gjer så godt for sjelefreden

Koselig å rusle rundt på skogstien
Er bedre utsikt å gå frå Holstad, men idag var denne turen det eg trengde.
Iallefall sidan det er såpassa tørt…
Ellers er det ein litt sånn sleip tur😂

No er det avslapping og 71grader nord❤❤

Dataverden 😋Besteforeldre som barnevakt:-)

Ungar idag brukar internett frå dei er ganske små

No viser jr.meg kva ein finn når ein går inn på sande skule.no☺
Fasinert eg.
No er det musikk.Record your mix.

Bra at skulane brukar data for alt det er verdt😋
Ikkje for det.
Viktig å komme ut i frisk luft og . Det å bruke kroppen og lære å tenkje sjølv er ikkje dumt😊
Men det gjer jo livet enklare for mange.
Prinsessa er fordjupa i youtube og filmar..No går det i vennebyen høyrer eg.
Fint å roe ned litt før leggetid.

Lurer på om Teddy er kommen i hus..
Han har det med å stikke av..
Grådig glad i å disse eller huske😋
Men han er stadig på farten❤

Får meg til å tenkje på teddybjørnen og Mariann❤

Er kjekt med litt liv og røre ,men kjenner at det nærmar seg leggetid..
Vart vel seint for frøkena igår😉ikkje hennar feil.

Litt meir opplæring

Lærerikt å vere besteforeldre.
Såg på nettet at besteforeldre var ikkje alltid dei rette til å passe ungar..

Er no ikkje god men iser ikkje ned febersjuke ungar😋
Smører heller ikkje smør på brannsår..
Men gjer sikkert ein masse feil…
Ingen er perfekte tenkjer eg.
Får gjere så godt eg kan.
Kan få prestasjonsangst av mindre
Får no håpe eg ikkje gir dei varige skadar😇

Heilt på null😋

Er litt pjusk og småforkjøla
Er det same over heile fjøla
Kan kanskje gjere godt å ta det heilt med ro.
Syns eg høyrde at nokon lo

Ute er det opplett og så nokonlunde ver
Så eg tok å hengde på og ut nokre klær
Til no så berre slappar vi av
Tar verden med ro men snart er vi for dagen klar

Er mykje som skal gjerast og alt på ei tid
Slik var det ikkje før i mi tid
Men ser ut til at frøkena har full kontroll
Visst vi ikkje finn ut så berre skroll.❤

Før hanen gol :-)

Grytidleg oppe og på vegen til halv sju
Iķkje berre berre det for eit b menneske.Pengessluket stakkar måtte vere med
Kom meg no til Førde på eit vis og so tidleg at eg rakk ein kopp kaffi.
Måtte til😉

Fekk unnagjordt den hersens injeksjonen i auge og meir kaffi

Kjøpte meg likegodt ein softis..gjorde susen skal eg sei og det ilag med vg:-)Ikkje dei store overskriftene:-)

Ute og testa turforholda i Gaular❤

Gjekk så langt eg kom på første skogsvegen…
Ante igrunnen ikkje kor eg kom henn visst eg fortsatte..
Når ein ikkje veit det og kor langt ein evt må gå er det like godt å snu tenkjer eg😊

Henta prinsessa i barnehagen..
Ho held eit mykje høgre tempo enn eg kan drøyme om..Når ho vil😉

Eg vart hengande etter.😊
Flott sti…kjekt å
Henta prinsen på skulen og

No er no han meir opptatt av at vi oppfører oss❤
Ingen hopp og sprett.
Systa bar meir enn gjerne ryggsekken og storebroren tok Otto..det er søppeldunken😀

Fine turstiar langs elva på Sande
Sjelefreden senkar seg😎

No er vi komne til besta og lakenskrekken er litt framtredane.
Prinsessa sovna i bilen og er ikkje trøtt…
Men det er besta  ❤❤❤

Sputnik☺

No skal vi skilles Johanne😊
Er den sangen eg forbinder med den karen

I dag var han på Omsorgssenteret

Stor stemning☺vellykka og fornøgde tilhøyrarar.
Kjekt å sjå

Til å med fått meg smykke😂
Kan meine kva ein vil om musikken men så lenge folk syng og smilet når augene er det belønning god nok😉

Luft under vingane

Sur vind idag…
Her hos meg er det knapt verande ute uten jakke og hue

Godt eg har ei datter som drog meg ut litt❤

Fantastisk flott på Einingsfjellet

Dei galne har det godt❤

Ikkje nokon temperatur som fresta til lengre opphald akkuratt men gjorde godt.

Aleine hadde eg ikkje rørt meg av flekken🐦
Men frisk luft gjer meg svolten og trøtt så det har sine baksider☺
No skal eg halde meg i låglandet ei stund kjenner eg
Slutt på godveret…
Mulig eg då får gjordt litt inne😣

Steingalen del 2☺

Når ho mor først set igang med prosjekta sine så står ho på om det meste gjer ilt❤

Mykje stein.
Om de lurer på kor djupt ein må grave så er det minst ei spadjupne..og det er ikkje berre ei lita ei altså

Av og til strekk ikkje kreftene til sjølv for ho mor….og mine er det totalt mangel på

Då er det berre å vente på jr.skal verte ferdig på jobb…
Trur det er lurt å av og til ta ein pause

Fekk liksom litt fart på sakene😉

Heile familien i arbeid
Saman er vi sterke er eit bra motto❤

No har vi tatt kveld
Veldig imponert av mamma❤
Skulle ynskje eg hadde halvparten av ståpåviljen

Men er no slik ein får muskler visst
Så sjølv eg har godt av å kaste litt stein😙😾

Er nok like bra trim i slikt arbeid som treningsstudio😀

Gamla på langtur med støttekontakt☺

Det gjeld å ha dei rette kollega og støttekontakter.
Iallefall visst ein er uten retningssans og småpysete

I dag har eg gått frå Trangane opp til Laviksåta.deretter til Sauesyken og nedatt til Heggebø med verdens beste støttekontakt❤

Rett og slett fantastisk

Liv Kirsten er super😎Uten anstrengelser fekk ho gamla til topps😉

Var bratt.Gamla fekk prøvd uthaldenheita.
Snø i liene😉
Men på eit eller anna merkeleg vis kom gamla seg opp.Til å med uten att eg fekk følelsen av å vere til heft❤

Var rett og slett fantastisk å nå toppen
Mestringsfølelse❤

Hårreisande tilstandar på toppen etter å ha svetta i oppoverbakken

Heilt magisk oppå fjellet.
Utsikt overalt

Lang tur men flott over fjellet
Tørt og fint no.

Her var vi farleg svoltne😊og vi måtte ned i ein dal for å klatre oppatt til neste post
No gjekk eg for ein ting
Matpause på neste topp❤

Rett og slett ein kjempedag☺

Skogsveg nedatt i Leirvika eller Heggebøen.
Her var benk og greier med utsikt til skipsverftet😁

Vel nede var det for Liv Kirsten å køyre meg nesten til Lavik for å hente min bil❤

Tusen takk til super turfylgje og støttekontakt☺
Fekk meg opp alle stigningar.
På flata er eg næmlig sjølvgåande❤

Må jo få med den fine utsikta frå utsiktspunktet:-)

Gamla på tur😄

I dag har eg vore på jobb ei tid
Var liksom kommen med gåing på gli
For er ikkje få steg ein trakkar omkring
Når ein skal prøve å hjelpe å få andre i sving

Så då gamla kom heim gjekk ho rett på tur
Gjekk veldig seint og eg vart nesten sur
Pusta og pesa og låra var stive
Og skrotten var tung og måtte etter pusten hive

Men eg kom no opp og eg fekk no sjå
Den vakre utsikta der er der oppå
Vel er kondis ferskvare, men når slår den til?
Eg går nesten kvar dag men eg får det ikkje til

Jaja eg får vel leve med dårleg pust
Får no i det minste rikeleg frisk luft
Eg nyt naturen og berre håpar på
At eg slepp ein einaste orm å sjå😐

Eit hjarte av stein🙄

Bokstaveleg talt..Eller på stein ..
Mykje ein finn i naturen visst ein berre ser etter.
Sidan dagen starta med steinleiting så såg eg jo etter stein overalt.

Hadde store planar om å gå på Torgeirsletta idag..
Det var igår.
I dag freista ikkje fjelltur på over 500 meter aleine det minste😙
Gadd ikkje rett og slett
Lata meg heile føremiddagen .
Berre lekkert.
Samvittigheita slo inn.
Liksom for flott ver til å ikkje gå.
Pengesluket er litt sur fortida så han fekk sole seg i fred😑
Gamla tusla på Vardeheia..
Må nok lære meg å sette opp farten litt skal eg verte sprek..men vart ikkje idag

Må innrømme at eg held augene konstant på stien. Veit aldri kor det er orm.
I dag kom eg litt i vegen for ei ørn på matjakt
Eg kom liksom over fjelltoppen midt i middagen.
Dei er finast på avstand!; men vi slapp med skrekken både eg og ørna

Stein såg eg overalt🐦

Sat lenge å berre tok inn det flotte synet og høyrde på lydane frå naturen
Gjer godt med slike fridagar.

I hagen blomstrar det❤

Og det heilt utan mi hjelp.
Naturhagar er toppen for late meg uten hagegen😋

Bakdelen med mkje frisk luft er volsomt matlyst.

Er nydeleg ute fortsatt, så trur eg rusler meg ei stripe etter vegen:-)