Prinsessa har bursdag❤

Tida flyg og prinsessa mi er vorten 6 år og snart skulejente.
Litt artig å sjå kor frøkena veks og med henne interessene

Lykketrolla har dukka oppatt som trolls.Litt forandring på utseende men lignar litt på forfedrene.
Ponnyane som dattera mi voks opp med er igjenn på banen❤Forandra seg litt dei og men ikkje mykje☺
Ikkje alltid enkelt å halde seg oppdatert😆

Skal verte litt knall og fall framover.❤
Men det høyrer med

Har nok regna meir der eg var ,for alle klærne på snora var tørre☺
Sikkert i grevens tid eg fekk dei inn for ser mørke skyer truer
Må ha meg ein tur til naboen før det braker laust☺

Jonsokafta eller sankthans😊

Tida flyg og sommaren er borte vekk
Gjekk meg ein regnverstur etter jobb
Får vere mi jonsokfeiring
Hadde liksom ikkje lyst nokon plass så har ete ein god middag.fyrt i ovnen og koser meg med tv og hekletøyet😙

Sånn er det når ein er giddalaus.

Det som eg syns er litt trist er at no vert det litt mørkare for kvar dag…
Tida går fortare enn godt er☺

Går no litt på fram med desse hersens gardinene.Men endå lenge til eg er i mål.

Men sidan veret skal fortsette å vere litt utidig så er det jo eit håp

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko

God fredagskveld:-)

gamla var sur:-)

Gamla måtte ut å gå seg ein tur

Var nemlig mygla og potte sur

Humøret er bedre og det er no bra

for ellers kunne det nesten tatt ska

 

 

Måtte inn til fysioterapeuten min

Klokka åtte då er eg ikkje god i mitt skinn

Men no er gamla meir i sitt vante lag

Må jo det skal på jobb idag:-)

 

 

dikt#humor

 

solsnu idag visst:-(

Synd vi har sett så lite til den

Tida før solsnu er normalt den beste tida eg veit

Nyt at dagane vert lenger.Er ikkje så mykje å nyte når det er regn,10 grader og fullt i knott

Då er det berre å skalke lukene og fyre i ovnen

Kjem nok fine dager seinare,men denne tida den får ein ikkje att

Er no lyse kveldar om ikkje anna.

Prøver å nyte tida så godt eg kan

Syns synd i bøndene for dei får jo ikkje hauste graset.

Ligg flatt for det meste

Får ta på vestlandsbunaden og rusle meg ein tur før jobb.

Ikkje råd å styre veret

 

Lys i alle hus?

Naboen skal flytte.
Megatrist, men eg skjønner dei
Er kort veg til barnehage og skule i nabokomunen her vi bur.Fin veg og

Til vår kommunale barnehage og skule er det 25 kilometer på smale vegar utan rekkverk mange plassar.Om vinteren er første 10 kilometerane reine risikosporten til tider.
Jobber ein i den andre enden av kommunen er det grei nok.Ein tek ungane med.
Jobber ein i nabokommunen som mange gjer så er det håplaust
Mange som jobber i nabokommunen og omvendt.
Supert.Men syns det burde då og vere greit at ein kunne ta ungane med…

Var kjempeglad då naboen flytta hit.
Er vel faktisk einaste ungane under skulealder i heile Skifjorden…
Men ikkje lenge.
No er her for det meste pensjonistar.Så er det vi på pluss minus 60 og nokre få unnatak.
Resten er hus og hytter eigd av folk frå Førde og Bergen.
Ingenting ivegen med dei☺men for å få ei levande bygd treng vi fastbuande barnefamiliar
Det betyr skattepeng i kommunekassa.
No vert det ingen
Skammar meg no over å vere eindel av det politiske livet i Hyllestad.
Kan då ikkje vere slik vi vil ha det.?
Skifjorden vert ein utkant kva kommune  vi tilhører, men vi er no liv laga uti her og☺
Reint trivelige er vi.
Så la oss få behalde dei unge og la dei ha ungane i barnehagen i Fjaler.
Skal vi få lys i husa må vi snu tankegangen
Feller ei tåre for naboen og hadde eg hatt små ungar idag hadde eg gjordt det same
Kjære politikarar
Ingen skam og snu☺Eg har trua

I tillegg så er hotellet i kommunen konkurs…
Ligg i andre enden men eg bryr meg
Megatrist det og

Vårherre vaskar :(

Og det med høgtrykkspylar..
Her er det berre å halde seg innadørs i tilfelle han får det for seg at eg bør spylast på sjøen…😉

Det ein kallar skikkeleg drittver.
Har nett vore innom naboen ein snartur..Kan ikkje sei at lengre utflukter frister akkuratt no😑
Kanskje visst han går over til å bruke hageslangen
Var i Portugal dei hadde trengt dette veret.Han har nok
bomma litt..

Fyrt i ovnen og slapper av.
Lite anna eg gidd gjere
Slepp no tenkje på å slå plenen i det minste.
Kjem rikeleg vatn i vassmagasina så dei på austlandet får billig straum.
Her er nettleiga så vanvittig dyr at straumprisen er mindre viktig.
Vi betaler så det svir uansett🤖

Om eg sakner litt godver…
Ja…iallefall er eg lei ein kropp som er stiv og støl..men det hjelp lite å sture..
Så får hekle og lese litt meir.
Skal ha meg ein regnverstur om ei stund..Frisk luft må eg ha😀

Funderer☺

Storbrann i Portugal og nett vore brann l London.
Mange liv går tapt.
I kamp mot elden har vi ikkje så mykje vi skulle ha sakt
Naturkreftene er sterke og vi mennesker strekk ikkje alltid til ,sjølv med gode hjelpemiddel..
Skremmande
Her i vest er det regn og slett ingen sommarfølelse.Lite vi kan gjere med det.
Får ta det som det kjem.Hjelp ikkje å irritere seg over det heller.
På østlandet er det godver.☺
Sånn er det no berre

Eg slapper av.Forkjølelsen vil ikkje sleppe taket helt..den klamrer seg fast.
Lihestklyvet idag…Dei slepp no verte solbrende og får dusje undervegs.
Glad eg slepp.
Har faktisk aldri vore på Lifjellet, så mulig eg burde ha tatt meg ein tur…Haster ikkje
Lenge sida eg var på fjellet i det heile.
Ikkje hatt lyst eller ork.
Får ta på meg vestlandsbunaden og rusle meg ein tur etter vegen…men ikkje nett no☺
Rart med det…sånn opp og ned kva ein orkar og ikkje…

Les nyheiter på nettet:
20 passasjerer alvorleg skadd av turbulens .trudde bagasjen i hyllene var sikra…skummelt.Brannen herjer fortsatt i Portugal…

Trist….

 

Kanskje eg skal lage meg litt middag.

Bevege meg vekk frå sofa og tv.
Hekler no litt innimellom…og rekker opp…tek si tid.

Men kan ikkje sitte her heile dagen:-)

God søndag:-)

 

Gamla og Gale Lise i farta:-)

Sånn drittdag idag.Sov lenge og vel
Trur det tok litt på igår
Fekk i meg frukost og rikeleg kaffi
Sånn skikkeleg piss sur.
Det er då eg er glad eg er aleine.
Rett og slett ei gammal pottesær kjerring🙂

Då høyrde eg Gale Lise..
Fysøren for ei megge..!!!
Sjå til å få på deg regnkleda og kom deg ut…!
Passer deg ikkje å mulke på den måten…

Gamla labba avgårde..
Låg eindel småbitar av tre og ein rull takpapp på vegen..la det til sides og tenkte….ikkje onsdag og åpe på bossleveringa idag.?..sikkert nokon som har mista dyrbar last…

På tilbakevegen kom ein bil på innsamling..
Håper dei fann det meste☺

Litt blomstrar det mellom ugraset mitt og

Litt kjekt med roser☺

Denne har vokse seg stor..
Brukar å verte tatt av vinden desse buskene mine.

Gjorde godt med ein tur i duskregnet..
Tenkte eg skulle laga lasagne til middag og strengt tatt burde eg rydde litt idag og…
Ser ikkje ut.Uff….
Får rive det dårlege humøret utover husarbeidet…då går det iallefall unna☺

#ironi #Humor#blomster

Drittlei

I dag må eg sei eg er trøtt og sliten
Auget verker litt og idag var sprøyta vond rett og slett

Berre elendigheit🤖:-)

Har dekka til auge og blingsa med ett
Fekk dråper på begge augene .Ser ut som eg går på eit og hitt😆

Ser no gal nok ut frå før.Jaja…har sikkert sett forskjellig inni Førde

Fekk no handla det eg skulle:-)

Sinnstemninga står i stil til veret😐Trur eg får finne meg litt kaffi.
Sære meg er ufordragelig

God helg🤗

Mange Ufoar….

Ja ikkje slike på himmelen då sjølv om dei sikkert er flotte å sjå på..

Hadde meg ei lita ryddebye idag..
Mykje halvferdige prosjekt
Trur eg må ta meg skikkeleg ihop

Har no strikka ferdig sokkane..
Ser med store auge på det store gardinprosjektet mitt..
Korleis eg kom på det er ei gåte…
Fekk jo ein glup ide..
Starta bra men så gjekk eg lei..
Gale Lise er det ikkje hjelp i for ho drit i handarbeid..

Men fekk no rydda litt i noko av rotet.
Ikkje gale berre det

Funne fram prosjektet…
Er eg heldig så kan det jo vere eg får lyst å hekle litt…
Litt synd med alle desse halvferdige prosjekta mine…tanken bak har jo vore god.
Er litt slik bortkasta arbeid å peng☺