GaleLise

Ikkje fred å få
Var ikkje lange tida på sofaen før telefonen ringde
Ville slenge meg nedattpå då galeLise formeleg tok heilt av..

Ta å få på deg joggeskoa og kom deg ut litt mens det fortsatt er opplett.
Drita lei å høyre gremjing om kilo og dårleg kondis frå ei som helst sit i sofaen….🤖

 

Gamla så gjorde…
Alt for sant…Eg er drita lat😊
Må ta meg sammen

No er eg tilbake i sofaen.
Trøtt og håper på litt søvn før nattevakta

Gale Lise får ta seg ein pause😙

Kor vanskelig kan det vere

Nesten litt skremd av min eigen latskap..
Utruleg kor mange unnskyldningar eg kan komme på for å unngå å bevege meg..

Endeleg fått slått den hersens plenen…
Er nett ikkje store greiene…var fort gjordt..Det er planlegginga som har tatt tid
Er no for det meste mose og hagejevel…
Er supert å bruke kroppen litt..så kvifor eg ikkje gjer det meir er ei gåte.
Latskapen er rota til alt vondt😀
Fjorden er blikkstille no.
Vakkert❤
Heldigvis litt vind då eg slo for her kryr av innsekt som vil stikke😐

Toppa det heile med fersk stekt torsk.❤
Fantastisk…nyfiska fisk er best

Men no hadde eg nok trengt litt fysisk aktivitet.
Trur heller eg tek meg ein lur på sofaen

Våkn opp!!

Kom sliten heimatt eindag sånn litt lei det meste
Utafor døra låg det eit blad..
Våkn opp…
Jaja tenkte eg.Bra våken eg då..
Våkne opp til kva..?

Sjølv slit eg når eg må gå med ei loddbok..Og det er no i nærmiljøet
Lurer på kva dei igrunnen tenkjer dei som reiser rundt med desse blada i alt slags ver…

For eksempel idag…ekte drittver..
Då er det heller bedre å ikkje vere så våken☺
Godt vi har ulike syn på ting.
Kva skulle vi ellers snakka om 😉
Respekt for andre sine meiningar er og greit å ha sjølv om det held hardt til tider.
Enkelte ting skal ein heller ikkje akseptere.
Så lenge meiningar og tru ikkje skader andre går det greit.

Ha ein fin tirsdag☺

 

#Humor#ironi

Alt til si tid

Imorgon er det tilbake til arbeid
Trur det er berre bra
Vert formykje stillesitting og eting

Er alt for glad i søtsaker
Skal berre ta ein liten bit og før eg veit ordet av det er det tomt

Trist verd vi lever i
Ny terror i London..
Er oftare og overalt.
Skremmer meg.Kva vert det neste og kven rammer det neste gang..

Godt eg ikkje forstår slik tankegang.
Verda er vorten tøff

Men vi kan ikkje stoppe livet av den grunn.Kvardagen går vidare og det er viktig å ta med seg dei fine augeblikka..
Kvaletetstid med familie og barnebarn  er ein av dei tinga som gjev meg energi.

Same er det å rusle eintur i naturen eller på fjellet.
Var litt surt ute no..sakna pannebandet😁
Men gjorde no gått.
Litt sånn småsnufsen vorten…
Venter på litt temperaturstigning☺

Har funne plassen min i sofaen med pledd og bok
Nyheitene på tv og varmt drikke i koppen
Litt greit å slappe av og fundere over livet

Nokre tek eit glas vin…

Eg tek meg ei appelsin😙
Likar ikkje vin og apelsinene er gode for tida
Nett kommen heim etter koseleg 80 års feiring.
Sliten i beina..ikkje nokon ungdom lenger❤

Mykje folk.Masse blomster og gaver.
Mat til like mange til
Knallgodt koldtbord frå Sognefjord hotell.Kan anbefalast😑😊😉
Gode kaker baka av alle andre enn meg…Eg er best på å vere i rydde og oppvaskkommiteen😆

Til og med fint ver..
Litt vel kaldt..Men er jo bålpanne❤
Til og med myggen held seg vekke er det kaldt nok

Jubelanten og søskena☺

Er mett😑
Er trøtt☺
Er sliten☺
Er fornøgd☺

Håper alle andre og hadde det fint for det hadde jubelanten og komiteen:-)

Ikkje rart eg føler eg nesten sprikk.
No ligg eg som eit slakt i sofaen
Livet er ikkje så verst😙

Heilt å null:-)

I dag er eg heilt tappa for krefter

Og ikkje som vanleg ho som kjefter

Orkar liksom ikkje bevege meg stort

sjølv om eg har mykje eg burde ha gjordt

 

Har ilt overalt og føler meg lat

Det einaste eg har, er lysta på mat

Den kunne eg jo fint ha klart meg uten

Så hadde eg sloppe å ha den suten

 

Det går nok over eg er nok berre sliten

Er lov å av og til føle seg veldig  liten

Å berre surre og gjere lite

ikkje berre føle ein må for livet slite

 

Er pinsehelg og eg har fri

I morra kjem nok livet meir på glid

Så trur eg berre sit  og depper litt

Går fort over for er kjedeleg på sikt:-)

 

I morgon er det igjen tid for pappa å feire

Kose meg mykje med familie og fleire 

Veit jo at eg har det så inderleg godt

Berre eg ikkje vert biten av ein flott

 

Har funne fram litt chips i ei skål

Gidd ikkje tenkje på midja og mål

Det kan eg gjere ein annan dag

I kveld skal eg ikkje gjere det slag

 

No er det krim i fjernsynsruta

Eg hører vekkerklokka er begynt å tuta

Den trur visst at eg skal på nattevakt i dag

Men det får vente til eg er i slag:-)

Her var eg liten men no er eg stor

Gammal og sliten og bestemor

Alt eg har opplevd av glede og sorg

hadde fått plass til alt i ei borg

 

God pinse:-)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Langfri og bursdagsfeiring😗

Godt med langfri
Heile 3 dager😍
Kanskje ikkje så mykje men det gjer seg

Pappa fyller 80 idag så vi har feira
Gode døtre bakar.Så det tok datter nr 2 seg av😗

Steike flink.Den var berre lekker:-)Ho har bakt fleire:-)
Eg er eldst og totalt blotta for husmorgen…
Får halde meg til å ta av og på bordet😗
Datter nr 3 tek seg av maten lørdag…
Her feirer vi skikkeleg må vite
Dagen idag var kjempekoseleg
Håper gjestane og syns det.
Såg ut som jubelanten kosa seg😊

No glømde eg heilt å servere eine gjesten…
Passa på at han fekk kopp og fat…Starta bra
I det eg skulle hente kake vart eg heft…
Og der sat stakkaren…Ikkje sa han noko heller og han venta veldig lenge…..Tolmodig kar
Oppdaga det no til slutt…før han måtte starte på blomsteroppsatsen😑 eller gå att uten å få smakt noko i det heile:-)😑jaja…sånn kan det gå når eg har ansvaret for serveringa

Litt småsurren på slutten😊…
Godt eg har ein dag å kvile meg på😁

No gledar eg meg til lørdag og resten av feiringa:-)