Sliten av ingenting😶

Går det og.
Ikkje gjordt nokonting idag men det kjennes ut som eg er overkøyrd av eit tog

Kanskje litt overdreve men alikavel..
Er nok ein blanding av lite søvn,tungt ver og mykje mat…

Besøkt pappa på sjukehuset..
Køyrde ikkje sjølv så ingen grunn til å verte sliten..
Ikkje greit å vere sjuk og lite vi andre kan gjere anna enn å vere der.
Livet er opp og ned.
Kjennes ut som det mest fornuftige er å legge seg.
Søvn gjer godt for kropp og sjel

Tjo hei og nydeleg sommerver

Fantastisk å vakne opp til sol og varme

Roleg start på søndagen

Slike dager er her godt å vere❤
Har rusla meg ein tur

Mange av desse etter vegane og desverre så er det mange som vert flate.
Bilar er ein ukjend men farleg fiende😑
Sånn er livet.
Turen var hærleg
Skyene gjer sitt inntog og meldt torever.
Men fortsatt nyt eg sommardagen

Livet er slett ikkje så verst:-)

Gamla og heklegardina

Evigheitsprosjektet mitt…
No har eg bestemt meg…
Her skal det heklast..
Iallefall eitpar omganger om dagen:-)

Må ærlig innrømme..
Drita lei for lenge sida…
Men sidan eg alt har kasta vekk så lang tid på desse greiene så skal det no verte ferdig.
Dyrt med trå🙄
Kanskje eg burde lære av han som sjølv sa han var ei gnialus…
Slik ein kjem til pengane🙄
Ei krone her og ei krone der..

Mine dei kjem i sirkulasjon ganske fort😁

Åt for seint og formykje middag…
Trur eg er for makeleg anlagt😀
Vart så stille i huset og rundt meg etter at oslofrøkena reiste  østover og prinsen til foreldra..
Vart plutselig god tid🙄

Burde nok ha rydda ute men har liksom ikkje ork…
Ledigang er rota til det meste..
Gamla vert latare for kvar dag som går🙄
Men imorgon då…..❤

Posten skal fram🙄

Og då helst i rett postkasse..
Har vore bra i det siste ,igrunnen inntil dei siste dagane…
Då har eg virka som reine magneten på posten til dei som er etter meg på ruta😐
Har bruka å putte det nedatt i postkassa og neste dag er det vekke..
Men i dag er det fredag.
Fekk to tjukke bøker i posten idag…
Var då volsomt tenkte eg, å la dei på kjøkkenbordet..
Tok på meg joggeskoa og tok trimrunda mi…flate vegen😊
Vel heime flekte eg no opp bokpakken.

Vel fornøgd med den eg hadde fått tok eg neste pakke..
Sånn heilt tilfeldig fall augene til ro på navnelappen…ka er det det står?
Fram med brillene…
Ikkje mi bok…ville og vore rart med to like og heldigvis hadde eg åpna rett…

Ingen post før mandag og gamla tok påatt joggeskoa .1.5 km er jo ingen avstand i grisgrente strøk og posten skal fram…
Dama hadde visst venta på boka..nesten som eg fekk følelsen av at ho trudde eg hadde helde ho att nokre dagar…
😉
Har ikkje det..og no har eg no funne ut at vi begge likar lese…og det same type bøker😊
Ikkje så nøye med personvernet😶
Ikkje direkte smussliteratur😶 Mykje ein får vite sånn heilt tilfeldig

Eg surra meg dei 1500 meterane heimatt.
Frisk luft er sundt og naboen kan kose seg med bok i helga:-)

Rips hadde dei og i hagen 🙄

Sliten etter Førdetur😎 Så gjorde berre godt med ekstraturen
Prinsen vart levert og er reist på nye eventyr og besta fekk sjekka auget

No er det sofa og fredagsro

God helg❤

Båttur er stas❤

Og for oss uten eigen båt får ekspressbåten duge😅
I går var det flott ver .
Vi gjekk ytre leia og fekk fortalt om Herdla og Fedje.
Turistrutene er litt greie slik. Ikkje gått der når eg har vore med før.

Blått hav så langt ein ser😚
Slike dager skjønner eg båtfolket og ferielivet på sjøen

 

Vi må vinke til onkel❤
Han er på Utkantfestival.
I dag er det grått og vått …ikkje festivalver sånn sett.
Glad vi kosa oss igår

Kjekt å få vind i kroppen og gå i motvind visstnok…
No syns no ikkje eg det akkuratt
.😶

Passe med folk og romsleg båt..
Då er det kos å ta ekspressen..
Lenge sida eg har fått den følelsen på Sognebåten🙄

Med barnebarn på tur får ein eit litt anna perspektiv på verda rundt seg.
Må svare på spørsmål om ting eg aldri funderer over og får utfordre meg sjølv.
Hærlig🙄

Gamla og prinsen på bytur😊

Grytidleg oppe😊før 6.prinsen var alt vaken.
God morgen besta….God og god..tenkte eg:-)
Her smiler ein pent og later som.

Vart bila til Lavik.
1 time tek den turen.
Bussen var der han

Turen gjekk som ein røyk den
Prinsen hadde ikkje tatt bussen til Bergen før men syns det var greit.

Starta jo med ferjetur på batteriferja.

Inne etter vel 3 timar på farten.
Ikkje så gale må eg sei.

Ikkje reist med Nettbuss før, så hadde ikkje dattera vore med så hadde eg nok ikkje komme på bussen.
For på busstoppet kom han ikkje.
No glømde han no dei fleste busstoppa som var før.. det skal seiast
Dei som han måtte svinge av vegen for. Nokon var heldige og han såg dei, venta på at dei kryssa veg og klatra ,men andre sto nok att.
Ikkje rart vi var før ruta🤗

Mulig dei har innført andre stopp.😊
No kom no denne bussen frå indre Sogn.Mulig han hadde første dag på ruta:-)?
Alltid vore frå Førde før.
Neste gang får eg sjekke nr.på bussen og det på billetten. Det gjorde jo dattera. Reisevandt:-)
Hadde kjøpt billett på førehand
Tek ingen sjangse ,for nettbuss har ingen plassgaranti.

Skal ikkje vere enkelt  å reise  når ein bur i grisgrente strøk på vestlandet.

Men vi kom no fram:-)

Ut på tur og ikkje sur :-)

Einingsfjellet😁men uten prinsen…
Er litt slakk idag besta🙄
Litt sein med å legge seg til å sove..det er nok grunnen:-)

Men besta….vi kan ta den der bana opp på Fløyen imorra🙄Det var jo litt av ei trøst:-)
Jau…vi får stille oss i kø.Er nok rikeleg med turistar.
Vi skal på kosetur til Bergen

Men dattera vart med og i etterkant angra prinsen litt🙄
Han hadde jo tenkt han skulle i ferien😶…

Legg mykje arbeid i stien og den vert bedre å bedre.
Nydeleg å gå opp og ha utsikt heile turen.

Rekreasjon for kropp og sjel med minus for kleggbit.
Trur dei er ekstra glad i meg.

Er jo mykje kontorarbeid på toppen😎
Ikkje for det..er jo frivillig

Vore ein nydeleg dag
Men no samlar skyene seg…
Gamla har trekt inn.
Lager sein middag.
Reknar med at prinsen snart dukkar opp.
Vi får prøve å sovne litt før ikveld..
Tidleg opp imorra

#fjelltur#ferie#humor

Gamla på villspor :-)

Nei idag hadde ikkje prinsen lyst på fjelltur🙄
Kjekkare med tanta og besten…
Skjønner han godt.
Badedam og ludospel og mykje kvalitetstid…

Kom an sa gale Lise…
Du kan vel ta å komme deg avstad åleine vel…Er du 2 eller snart 60…

Så gamla satte seg i bilen..
No måtte eg ha bensin til Pengesluket og litt mat til oss andre…
Litt planlegging er bra.Først til Fure for bensin..
Javel sa gale Lise…Då tek vi Bygdeheia frå Furset…
Likar bedre å gå frå Skår eg men…

Bommen var att…
Hadde ei formeining om at skiltet der eg tek av til Bygdeheia sto kloss i skogsveien..
Sikker å det då, sa gale Lise…

Såg jo benken…
Her sa gale Lise…
Ser ikkje skilt sa eg, og med skylappa traska eg etter skogsvegen…sstrake vegen framover
Kurs for kva? veit eg ikkje…
Hallo…gale Lise greip inn..
Til å med du må vel sjå at dette er feil…

Jau…her hadde eg jo ikkje vore før…
Det var då eg kom på at sist eg var her sto jo biler ved benken…
Nokon var late.og tok raskaste vegen:-).
Og ved benken var jo og skiltet om litt gjømt..
Skulle jo trimme…

Desse skilta såg eg no

Litt utsikt oppi her og

Men vaser no mest sånn i marka

Litt vått og lenger enn den andre vegen

Oppe😂ikkje så mykje utsikt i skodda🙄Hadde meg ein lengre pust i bakken på benken

 

Vakker har eg no aldri vore men for gale Lise er ikkje det så nøye..

Tid for heimtur.
Kom  meg på beina…..på med mageveska og skylappanne og la iveg….

Düuuuuuu..sa gale Lise etter ei stund..
Kor skal du…
Heim.!.det var då eg tok av meg skylappane drog inn fjellufta og såg at….eg gjekk feil veg…
Gammel vane er vond å vende…
Bør jo helst komme ned der bilen er.

Berre å snu

Ikkje rette dagen å gå aleine i halvørska..Men fekk mykje trim:-)
Vel å merke har eg nesten ikkje sove inatt.Fekk handla på Grytøyra uten dei store problema 😁var begynnt å lure

Etter å tatt runden til naboane har eg faktisk laga både kjeks å vafler

Til å med pizza med hjelp.😑Det hadde eg jo lova prinsen
Kjekt med kjekke venner og hyggeleg selskap..❤

Gjorde seg etter ein litt forkava start på dagen

Sommer og sol

Ingenting er bedre enn ei tante som har tid til spel og kos

Og alle burde ha ein bestefar med terasse og badedam🙄

Heldig som har god kontakt med den andre besteforeldren sjølv om ein ikkje bur ilag.
For barnebarna er det meir uproblematisk .
Verden beste besta som føl meg til besten seier prinsen…
Veit ikkje om det er eit komplimang😂
Men vel å ta det for det.
Hatt ein deilig sommardag..
Skulle visst endre seg imorra men håper det held ei stund

Prinsen lurte nemlig på om vi skulle gå på Einingsfjellet att.Vi var der ifjor.
Han skulle gå først å sjekke om det var ok å gå…så slapp eg dette att🙄
Gentleman.Besta smelter.

No slapper vi av med Tom og Jerry😐

Du får vente litt med den krimmen besta😶Selvfølgeleg tenkjer eg❤

Sola er fordufta hos meg…litt sur skoddevind..
Det er det dumme med å bu oppunder fjellet på feil side av fjorden…jaja…sånn er no den saken

Kun ei som klarde å hoppe i sjøen med oss idag..Var ikkje den store temperaturen…var ikkje meg.Pysa.

Syns ho var tøff…😍
Kjenner at det har vore godt med sommer og familietid

Sommer og familiekos

Det gode med ferie er tid med familien.❤
Foreldre.tante og onkel og mine små😂vaksne ungar.
Det er då ein skjønnar at ein ikkje er ung lenger❤
Ja no veit eg no det frå før…

I morra kjem barnebarn..
Eg er heldig☺
Kosedager er ikkje å kimse av