Det som skjer det skjer😙

Sit og kjenner kroppen vakne til liv mens eg skuer utover fjorden
Stllle og berre ein lett bris
Høyrer naboane tvers over fjorden
Sol😘litt skyer er det men dei fordufter nok.

Kor heldig eg er som kan nyte slike .morningar😙
På denne årstida er her fint å bu

Kjenner at høgrefoten ikkje har lyst på fjelltur…men får sjå
Måsen skrik…fisk verdt det ikkje…

Trur eg må ta meg ein gåtur før sola vert for varm😙litt bevegelse har skrotten godt av😙

Ha ein fin sommardag

Påan igjenn😁

Gamla er igjenn klar for fjelltur.
Endelig😉
No er kondis ferskvare og må innrømme at særleg sprek av turane mine etter vegen det vert eg ikkje 😙

Einingsfjellet😉
Kort, fint og nydeleg utsikt😣
Vurderte Bygdeheia men…..ser for meg svalestupet og ventar litt…litt sånne dårleg smak i munnen:-)

Litt vått er det, men dei har gjordt ein kjempefin jobb med stien..
Er jo på fjelltur, så på våte vestlandet er det no eingang vått i marka😚

Alden hadde fått skoddehua på.
Offameg.. eg syns det var tungt å gå..
Veldig forsiktig…men det var eg då eg datt og..
Er nok ei stund til eg kjem meg opp uten pusteproblem…om nokongang😚
Fått to postkasser og ikkje mindre enn tre bøker…på toppen…
Kan verte forvirra av mindre.

Men no veit eg at Fjaler har 10 fjelltopper som var på lista…sånn 10fjellstur😙
No held no eg meg til dei i ytre😙

Rett og slett vakkert😙
No er eg igang men kjenner at både kne og musklatur knurrer..litt uvant😙
Men vondt skal vondt fordrive..

Vart ialiefall svolten .
Så no har eg rulla meg opp i sofaen..
Tv og avslapping

God fredagskveld😑

 

#fjelltur#humor#naturfoto

Gamla på fisketur😁

Nydeleg på terassen hos mamma og pappa.Kjekt med sommar og sol sjølv om ikkje alle er like glad i varme..

For vi har nemlig fått ein sommardag med varme😉
Gamla fekk akutt lyst på fisketur…
Ikkje glad i bølger…
Og under over alle under…fekk meg ein tur på sjøen

Mykje båttrafikk…i motsetning til dei fleste andre så har eg ikkje stor hurtigåande båt…
Mange av dei..og dei køyrer fort og dei lager bølget…stooooore bølger.
Så klamra meg fast…

Hadde eg skulle ha overlevd på sjølvfanga fisk hadde eg svolte ihel..

Null fisk på meg…men båtføraren fekk no 3 ørret og 4 makrell pluss småfisk han kasta uti att….

Trur eg fekk feil fiskeutstyr😑Kan umulig ha vore meg…la jo mi sjel i det..
Men nydeleg på sjøen

Fyrlykta ved innløpet

Nydelige Ivershavna

Petra😙var med heile vegen

Snart ferdig demontert den der

Nydelig knallblå sjø
Rekreasjon for kropp og sjel mellom kvar båt som fresa forbi…
Pysa på tur😙småbåt er småbåt

Følelsen av å sjå ut i det uendelege

Kjenner eg snart må utatt på
.😆
Håper iallefall at det ikkje vert så lence til..
Men det må vere stille altså.

Helst ikkje så mykje båtar ☺

Fått litt fleire fregner..
Har ete opp makrellen og har ilt i magen…
Slik er det når ein har liten sjølkontroll
Men har hatt ein fantastisk sommardag

Til og med godt igang med ny krimbok

På den andre sida av fjorden skin sola fortsatt..
To timar sidan den forsvant her😙
Men kva gjer vel det…
Eg er godt plassert i sofaen..
Tv og avslapping

 

#fiske##sjø#humor#ironi

Fantastisk😁

Hærlig med ein dag med sommarfølelse.
Det har vi verkeleg fortjent

Så idag har eg rett og slett hatt ferie på altanen…
Litt vind.er her nesten alltid.
Har lyst til å teste ut om kneet mitt held i litt oppoverbakker eller rettare sagt nedover…
Men torde ikkje i dag
Kanskje i morra…får sjå.l.
Rusla mi vanlege runde etter vegen…
Redd eg skal gjere gale verre…
Har iallefall gjordt godt med sol på kroppen…
Snart ferdig med krimboka eg har hatt på vent

Spennande så skal ta resten no..
Mister dessverre sola tidleg om kvelden..
Myggen tek over og eg trekkjer i hus.
I morgon kjem ein ny dag☺

Sommardag nr 2 kanskje?:-)

Mareritt😣Heia Skifjorden☺

Ein gang i året har vi Skifjordagen😙
Første helga i August
Før var det siste helga i juli men då er det jo Utkantfestivalen på Skjerjehavn😙
Vi vil jo helst ha med oss dei få ungdommane vi har..
Ikkje for det…kvar helg føregår det jo eit eller anna..

No har vi og fått vårt eige bryggeri i bygda.#skifjordenbryggeri 😙
Tøft at nokon vil satse😑
åpning 5 august

No likar ikkje eg øl men andre gjer.
Positivt at nokon tør satse😙

Men…tilbake til Skifjordagen..
Har liksom fått innkjøpsansvaret…
Til maten…
Mat og beregning er ikkje mi sterke side…
Har hatt mareritt om manglande bestillingar og sinte svoltne folk i fleire veker…
I dag har eg fått litt hjelp..
Jadå…har gamle innkjøpslister…
Men ikkje alltid så lette å skjønne og menyen er litt forandra..
Vi må jo lage det vi kan komme ifrå…
Forandring fryder heiter det…
Handlelista er levert på butikken og eg kjem nok fortsatt til å drøyme om sinte folk og mangel på eit og hitt..

Har bestillt strålande sol den 5 august og dagen vert nok super.
Kjekt når folk samlast😑
Åpning av bryggeri og samling på kaia på Bjørnestad..Kan det verte bedre😍

Her har vore eit helsikens ver inatt.og idag…
Vår herre er gått heil av skaftet..
Kjøpt seg ny kraftig høgtrykkspylar med turbo..
Prøver vaske heile ytre strøk på sjøen…
Men vi klamrer oss fast..

Har vore meg ein tur i mi supre regnjakke😙jaja…fullt regnutstyr…
Feilen er at dei puster ikkje så vert svett og forkava..Som de ser så er eg ikkje god:-)
No er eg nydusja vel plassert i sofaen

God kveld 🙂

Trøtt i trynet og pisslei

Sit er i sofaen trøtt og lei av følelsen av at sommaren er slutta å komme til vestlandet

Andre året på rad no…

Trist tenkjer eg.Selvfølgeleg kan ein reise på østlandet eller til syden:-)Kor det no er:-)

Men det er liksom ikkje det same

Men kanskje neste år?Håper no at det ikkje er over for godt

Klimaet er i stadig endring og her er meir vind enn før.

Er berre det at skulle ønska meg litt meir stabilt varmt ver i ein periode…

Ikkje alle som kan reise på tur:-)Og eg syns det er kjekt å vere her  i sommarmånadane med lyse sommarkveldar.

No er no kanskje ikkje myggen det store,men så lenge det er varmt kan det jo blåse litt:-)

12 grader og kuling..Kva meir kan vi forlange:-)Hetebølge i Europa…stakkars….Dei kan jo berre komme til vestlandet på ferie

Sånn omvendt klimaflyktning..Vi har plass må vite og behagelige temperaturar

 

I dag har eg fyrt i ovnen…Må nok ha meg ein regnverstur,men trur eg sit i sofaen ei stund til

Er jo søndag:-)

Kneet verker og eg skuldar på veret…Men men…det kan eg no ikkje gjere noko med ,,,

Gamla får bite i det sure eplet og tenkje positivt….Vert no ikkje sollbrendt og slepp å svette:-)

God søndag:-)

 

 

 

 

Storm og regn😁

Vinden ruskar godt rundt hushjørnet og det er begynnt å regne..
Sånn skikkeleg ruskete…
Men gamla sit trygt i sofaen, og her har eg det godt.

Vore ein fin laurdag sjølv om sola har glimta med sitt fråver..
Men no vart det plutseleg haust

Fint turver om ikkje anna..før idag
Sidan kneet mitt fortsatt er i streik så held eg meg i låglandet🙄

Følte meg litt utrygg der eg gjekk.
Høyrde skot i ett sett..Skjønnte jo nokre trena men kor…Inga skytebane heromkring:-)
Nesten så det var ekkelt..
Men er jo veldig ekko, forsto no endeleg det kom frå den andre sida av fjorden😉
Ikkje meg dei ville ta idag😙(eller kven veit)

Plukka meg ein flott bukett😉
Det meste villblomster pluss eitpar frå hagen til naboen😚

Godt fornøgd🤗
No har eg tatt fram bok og hekletøy og krølla meg godt inn i teppet.

God laurdagskveld❤

Kaffibesøk og maurkverk😎

Sola kom den.Seint med godt så gamla rusla over til veslesysta på hytta på kaffibesøk.
Hærlig med sommar..
Men midt nedi kaffikoppen gjekk mauralarm frå ho mor som hadde starta med å slå skråningen med sjøen med ljå…
Reknar med ho har sett på det lenge…
Såg ikkje ut ,og ingen gjer noko…
Slakke etterkommar..

Men ho fekk no hjelp med både maur og gras😊Slå gjorde ho sjølv
Reine dugnadstunda på naboen sitt område…
Han er på contryfestival😙

Vart retteleg pent…
Når vi først var i sving rydda vi tang i fjæra…

Det var då veslesysta fekk det på seg at ho skulle ta eit kveldsbad😎
18 grader påsto ho…

Vakkert ved sjøen men eg syns bading er oppskrytt😉kjende berre myggen og var kledd deretter

Er pysete😙men vi fekk unna litt jobb og i tillegg hadde vi det kos…

Gamla har dusja og landa i sofaen med slaurebuksa😆
Skulle nok hatt #Slaur frå #skifjordenbryggeri…hadde eg likt øl…men det gjer eg ikkje…
Så tek meg litt kaffi sjølv om det er seint..Det er jo sommar

Lettare forvirra

Ei stor sol….
Er det eg ser på yr.no over heimplassen idag…
Har sett den…men er no stort sett gjømt bak skyene…Men temperaturen er bra
Det var den sommaren kan ein sei☺
Ikkje særlig til sommar…
Men fint i øst….så er lite avisene skriv om veret…
Hadde det vore styggever der hadde det sikkert vorte innført krisetilstander og landesorg…
Mulig eg er litt stygg men er faktisk sånn det er…😎

Jaja…skal ikkje nokon plass så innretter meg deretter.😁
Har pledd og mange bøker😑
Slepp no å verte solbrent…
Når no kneet friskemelder seg vert det berre velstand😉

Har ete alt for mykje..
Røkt Blåkveite til middag.og masse poteter…var nydeleg og alt for mykje…
Ikkje bra for vekta og ikkje bra for gamla heller kjenner eg.
Hadde vore mon i mindre😙
Så no ligg eg og vrir meg på sofaen og forbanner min manglande evne til å stoppe etinga før eg vert kvalm…

Har nokre sure jordbær som eg trur eg frys ned…
Kan jo ha dei i suppe😙

God fredag😙