Hjelpe meg…direkte frå# trollpikken#

Trollpikken gjenreisast minutt for minutt…
Kan ikkje vere mykje som skjer uti verda når dette sendas direkte på nrk…
Får jo mykje gratis mediaomtale og turistane strøymer til…

Kanskje vi og har noko vi kan ødelegge for å få oppmerksomheit…

Mulig eg vert ekstra grinete av smertene ..men alvorleg talt

Time til MR

Og det i slutten av oktober..
Får no håpe kneet kjem seg lenge før den tid…
Alvorleg talt…

Har vore flink å halde det i ro…
Aldri verkt så mykje…sprer seg frå hofta til under fotsåla….
Så no har gamla rusla ein tur…
Veit ikkje kva som er verst og best eg…
Kanskje eg burde ringt til fysioterapeuten….
Sikkert like mykje peiling ho som legen….
Hadde vore litt greit å vite kva det var og korleis eg skal verte bra att…….
Kjenner at eg har ikkje tolmodigheit til å ikkje få grei beskjed….

Akk ja…
Går seg vel til.Får gi det ei veke til før eg tek neste framstøyt😥

Har no i det minste laga mat til både meg og naboen🙄Den vart stekt og altsså…Lasagne er ganske godt og eg var svolten;.)

Terasseliv😀

Nyt terasselivet hos naboen😀
Finare terasse her og ser at her må det nytast mens det fortsatt er sol…
Drog føre vindskjermen.
Vips vart det nesten stille😉
Skyene truar og regnet  berre ventar på å sleppe laus…
Sommar i vest vil vårherre ikkje ha noko av😀
Her skal elendigheita spylast vekk..
Tatt med meg den ekle krimboka…
Må liksom lese den….
Kanskje eg kan lage middag til familien sida så har eg no gjordt noko fornuftig…
Kneet er verre og ikkje bedre så får skjerpe meg…
Skal no på mr ein gang…
Ting tek jo tid i velferdsnorge😉
Jaja…er no berre eit kne..

Har pest i meg ein sjokolade..
Visst de lurer så har den like mykje kaloriar som ein god frukost😆

Om det var vert det er meir usikkert men var aldeles fortreffeleg😆

Rent koseleg her hos naboen..
Bør kanskje satse på å få det heime og..

No ser no eg litt meir av sjøen men har og meir vind…
Får nyte sola mens dg har den

Ha ein fin dag😙

Gamla og kneet..

Trudde eg skulle trene oppatt kneet eg men den gang ei
Skal halde det mest mulig iro…
Hadde det no endå vore sommartemperatur…

Steike kald nordsvind som bles uansett kor eg sit…
Har liksom ikkje nokon lun krok..
Har trykt meg opp i eit hjørne..

Starta på ny bok…litt sånn småekkel syns eg…vert nok ikkje bedre..
Men har eg først starta så må eg fortsette…
Nett lese Varg Veeum…😊
Dette her er litt anna kan ein sei..

Kjøpt meg ny solkrem og forventar sommar

Ein gang må den vel komme…
No er eg lei

Misunnelsen lenge leve😎

Eg er misunneleg…
Ingen god følelse igrunnen.
Hadde planer om å kunne få gå fjellturar og skikkeleg kose meg no i ferien…
Istaden forbanner eg eiga uforsiktigheit og fall, og irriterer meg over kne som verker og ikkje vil gi seg…
Her fartar venner og familie på fjellet og gamla må vere heime…..
Søren til greier..
Ikkje for det..unner jo andre å gå på fjellet…berre at eg skulle så gjerne ha vore med….

Men har no kosa meg i vind og sol eg og då

Nytt dagen med god bok og tid med familien.
Besøkt naboane og hatt det kjekt…
Men…er rart kor det ein ikkje kan frestar…
Aldri hatt slik lyst på fjellturar som no…
Er nok og det faktum at etter eit helsikens ver og null turver i juni ,så er det no kjempefin temperatur til akkuratt det..
Liksom litt kaldt for badeliv..
Nordavinden er kald kor den kjem frå😙Hengekøya var ikkje noko for meg ,men dattera syns den er super:-)Eg har prøvd og vart nesten sjøsjuk:-)

Må nok ha meg eit legebesøk til med kneet..ting tek tid og eg kan ikkje gjere stort anna enn ta det med ro ei stund til…
Så får eg heller sjå bilde frå andre sine turar og tenkje…gje det var meg…

Misunnelse er ikkje ein god aktivitet for verken hjarte eller hjerne:-)

Fantastisk😀

Heilt utruleg korleis humøret stig med litt godver og sol..
Noko sommarvarme er det igrunnen ikkje visst ein då ikkje finn ein lun krok..
Vi vestlenningar er ikkje så kravstore😆

Er de klar over kor mange kallorier det er i brunost?
Vanvittig..
No har eg faktisk aldri hatt bruk for å telje kalloriar..før no…vekta tok betre av etter røykeslutt…
Har pinksa meg ein tur idag..må no prøve ut dette kneet..
No er det steik ilt
Men vondt skal vondt fordrive…

Flott ute men myggen har fest så eg har trekt i hus…
Har fått min dose stikk idag..
No er det å bekjempe lysta på karameller og sjokolade….
Skal ikkje vere enkelt😉

MyFitnessPal :-)

Hatt besøk av Oslosysta:-)

Kjempekos å kunne pludre om laust og fast og om matlyst og vanvittig søthunger

Det var då vi kom innom appen som reknar om det du et, og gir deg sanninga svart på kvitt:..

Ja ein må jo vere ærlig…

Det er då ein forstår at det ikkje er så lurt å a grytt i seg omtrent ein stor pose med karameller som har 35 kalorier kvar…

Heilt ærlig så har eg ikkje tenkt så mykje på kva alt eg putter i munnen av søtsaker har av kaloria…

Igrunnen så var idag ein av dagane eg trudde eg hadde vore flink:-)

Men det var berre sjølvbedrag:-)

Fått hjelp til å laste ned appen og ikkje minst til korleis eg skal bruke den…

Kor dette skal gå når eg knapt kan bevege meg, er meg eit under,,,men noko må eg gjere…

3 kilo i pluss på knapt ei veke uten dei vante turane lover ikkje godt,,,

Kanskje appen kan få opp augene mine for kva eg stapper inn…og at eg kan stoppe før eg har grytt i meg posjonar som normalt held til to:-)

Så bør eg nok kanskje ta litt mentaltrening på meg sjølv så eg tenkjer på anna enn mat og søtt:-)

Er svolten og har lyst på noko godt….

Men har ete ikveld og er forlengst komme over det som kallast eit normalt inntak;-)

No gjeld det berre å verte bra att i dette hersens kneet så eg får bevege meg litt og….

Visst ikkje er eg redd dette går den vegen høna sparkar

 

Søndagsaktivitet😉

Pissver ute for å sei det pent.
Sidan eg kjenner at eg brukte dette hersens kneet formykje igår så får eg ta straffa idag

Rart kor ein regnverstur frestar når ein ikkje kan gå…
Koser meg med lotta på tv og krimboka. Litt wordfeud må til..Fins ikkje flink men syns det er kos😁

Kanskje eg kunne rydde litt i blad og div sidan eg alikavel er inne….
Frestar ikkje.Lat😁

Feriever…Ikkje hjelp i å reise etter godveret heller når eg må sitte i ro.
Ja ikkje heilt då…
Må nok aktivisere meg litt.
Å sitte å putte i seg godsaker er ikkje det store i lengda…
Nei her må nok gamla ta seg kraftig i nakken…
Dette her nytter ikkje

#ironi#humor

Helvetes mygg😣

Jau då…
Gamla for til naboen for å spa…
Naboen dukka ikkje opp men det gjorde myggen…
Med eine kneet defekt tok det tid…
Rømde derifrå etter halve arbeidet…
Dei får til sørens berre ryke…
Ikkje nok med det…
Måtte få dei i jorda og….
Her har myggen eller knotten slektsstemne…og trur alle var oppmøtte…

Er fullstendig oppeten…
Klør som berre pokker.
Hoven i ansiktet…
Hissig som eit lemen og gått i hus.  Ingen verken ser eller høyrer meg…

Tatt meg ein zyrtec .håper den lindrar og angrar på at eg ikkje spadde dei opp i gårkveld..
Vel var det knott då og men på langt ner som idag…Etterpåklokskap er og ein klokskap.
No trur eg berre eg skal finne meg litt kaffi og ei bok..og kløpinne😎

Skal ikkje vere enkelt

Akk ja😐

Sommardagane er over..
Ute er det atter ein grå dag.
Lite ein kan gjere med det men vi fortjener litt meir sommarvarme😀

Tidleg oppe var eg og..
Kneet murra og det same gjer gamla..
Har nokre blomster eg må redde hos naboen..
No lova no han og spa berre eg hadde redskap..
Håpar eg finn skikkeleg spade i garasjen…veit aldri kor eg gjer av ting😁
Ikkje kose meg ute ver idag så  får kose meg inne.
Bobler over av arbeidslyst på ting ikkje kneet vil…andre ting frestar mindre😉
Får vel snart tusle inn til naboen …ellers vert vel blomstene berre innebygde…
Er jo eg som ser meg mon i det meste..
Har jo berre hagejevel eg😀