Epikrise overarmsbrudd

Jammen bra ein får med epikrise
Står at eg har fått informasjon om fatlebruk og bevegelsesmønster

No lurer eg på korttid eg fekk det…
Hadde eg no endå forstått latin

Comminutt proximal  humusfraktur med avløysing av tuberculum majus
Minimal lateral og dosal avvikling og ca 1 cm lateral dislokasjon av tuberculum majus  osv….

Kan verte skuggeredd av  mindre..
Står og at eg skal ha fatlen på om natta…kontinuerlig….
Har ikkje hatt den på om natta eg…i det heile…
Jaja…ikkje tenkt å starte med det no…
Brukar den når eg går…
Må antagelig ikkje fått med med noko…
Har forstått at eg har litt mindre pent brudd i overarmen…
Held for meg .så  prøver eg å halde armen slik at det gjer minst mulig ilt…

Skal i grunnen på kontroll neste veke står det…
Ikkje fått time endå😉

Står  no heldigvis på norsk.
Må innrøm at sjølv om eg jobber i helsevesenet har latin  aldri vore mi greie…
Ser jo ofre  ganske så skremme de ut😉
Så trur det er best å gjere det eg har gjort…sitte i godstolen og sjå TV..

Trur eg må lese ferdig boka om Veeum…Litt krim gjer susen😉😉

Kanskje eg først må ta litt smertestillende…

Trur eg må gløyme denne epikrisen…
Vart berre deppa av heile greia🤡

Grusomt

Ser på all elendigheita etter flomkatastrofa i Texsas.
Naturen sine krefter er sterke og tek ingen hensyn
Skremmande og eg syns det vert meir av dei…

I det heile syns eg verden vert tøffare på alle måtar..

Sjølv har eg det no greit her eg sit med kaffekoppen og ser Godmorgen Norge😉
Vel banner gamla ganske heftig innimellom 😉
Verste smertene skulle gi seg etter 10 dager 
Jau….kan no hende…er no bedre om natta visst eg klarer ligge pinn iro😊

Sånn går no dagane😙

Sjølopptatt

Merkeleg kor sjølvopptatt eg blir av denne armen

Det einaste eg tenkjer på er korleis eg skal halde armen så smertene er minst mulige..
For det verker heile tida…
Av og til er det så nokolunde…
Verden rundt meg går meg  nesten hus forbi

No er det no stort sett valgsendingene det dreier seg om
Kan no verte metta av det og…
Så her  sit eg.. .full av meg sjølv og fullt klar over at mange har det  mykje verre ..
Humøret står i stil med veret. 😉
Ser ut som gallupresultatet gjer det same..
Vert
Mykje TV om dagane og døsing
Og slik går no dagane…..

Feil side

Merkelig dette korleis ein liksom har ei fast side i senga…
No har eg litt for mange ting inne på soverommet og senga er stor…
God plass på sida mi…

Men må nok skifte side…for når høgrearmen er ute av drift og smertene hindrar ein å strekke venstre over, så må ein ta grep

I natt klarde eg å slå vatnet utover pute og golv istedenfor inn i munnen😁
Akk ja..
Må få litt hjelp til å ommøblere litt..
Nesten som eg gruar meg for å ligge på den andre sida…
Vanedyr..alltid vore mi side

Brukar alltid ta ut datakontakter og TV om kvelden…
Skriv brukar for  igår gjorde eg det ikkje
Selvfølgelig kom torever!!!
Gamla tumla seg or senga …
Berre det at eg i ørska heilt hadde glømt at armen var broten

Merka det iallefall då…
Vondare i dag men går seg nok til.
Kvardagen er starta

Håper resultatet vert bra og det gror som det skal

Heime😚

Fekk drosje på tunet.
Heime venta nytrekt kaffi.varme skillingdbollar og natronkaker❤
Verdens beste mamma.

Veslesysta som har bakt bollane😁
Kjempegode..

Har stabla meg og alle putene  opp i godstolen.
Godt å komme heim men sakner  englane på ortopedisk i Førde.
Dei er kjempeflinke…
Imponerte meg😘
No får eg klare meg på eiga hand.
Går no greit så lenge eg klarer halde armen i ro.
Rigga meg  til med det eg treng rundt meg😊
Har det så bra som eg kan ha det.
Ting tek tid…og tolmodigheit er ikkje mi sterke side.

Godt ein har tv

Lettare skjelven

Ikkje berre berre å ta seg ein strekk

Lettare skjelven..sov antagelig tungt for liksom heilt utav intet sto legen ved fotenden å snakka til meg..
Ser visst ut som dei helst ikkje vil operere..skulle konferere med Lærdal…men antagelig  heim imorra.
Trur det var det ho så for skjelv endå…
Ikkje berre berre dette her😉

Ikkje berre berre å vere skvetten..
Ligg no for det meste uansett.
Er det som er minst vondt..
Går seg nok til etter kvart…

Trur eg må hente meg litt kaffi for å roe ned pulsen😁

Får lese litt meir om Veeum😊
Passer til sinnstemninga

Dosetten er på plass så treng ikkje bevege meg stort meir idag..
Kjenner at eg har fått dagsdosa når det gjeld bevegelse..
Ein vil ofte meir enn ein får til..

Litt lærer ein i rolla som pasient og sjølv om eg gjerne skulle vore forruten denne opplevelsen☺

Ct

Har krope oppatt i senga.

Ynskjer både det eine  og andre mindre pene ting og glad eg er åleine.. .
Vore på ct og det gjorde ikkje verken noko bedre…
Fått  ekstra sm.stillande..
Prøver å unngå det..vert så sløv og er no ikkje så sikker på kor mykje det virkar på smertene.

Går no bedre med denne typen.
Å kaste opp i fleire dager var ikkje det store..
Verker ein god del men nesten bedre det enn å vere heilt susen

No lurer eg berre på kva som skal skje vidare..
Skal eg opererast eller skal eg heim?
Berre å smørje seg med tolmodigheit…

Inntil vidare ligg eg her..
Sitte oppe er litt anstrengande🤡

Helsikes smerter

Har trumfa meg sjølv ut or senga og på altanen
Trist at eg ikkje har fått nyte godveret denne veka…men sånn er livet..
Er no i trygge omgivelsar

Nydeleg ute.vore hos dei hyggelege damene på ortopeden og fått kaffi.
Smertene gjer det beste dei kan for å gjere livet surt…
Ser no i morgon kva som skjer  …
Har det best i senga men kan ikkje vere der heile tida…
Liggesår neste😊
Sånn går no dagane😂
Barnebarna skal på miniputt turnering i Askvoll.
Kjekt

Får no nyte livet så godt eg kan
Slik kan det gå når ein ikkje ser seg for
Å det er andre som har det langt verre

Ha ein flott søndag

Service på topp😁

Heilt fantastiske her på sykehuset
Dama på sykehotellet kom og så frå at no var det mat😊
Tok oppå til meg og bar den på rommet.
Vert heilt rørt eg av all omsorga

Herlige karbonadesmørbrød.
Var svoten kjende eg😉

God mat her på sjukehuset😙
Påfyll av kaffi😉
Trur kanskje ho er veldig snill.

Petter og Vendela på TV.. .
Akk ja..
Kan bli vel mykje privatliv..
Har heldigvis fleire kanaler

Har gått glipp av sommaren…
Den har jo vore denne veka…
Får krype oppatt i senga med alle putene mine..
Der har eg det  best..
Hatt besøk av nr2 og fått litt fleire klær.
Var godt å skifte😊
Hadde liksom ikkje pakka koffert for anledninga…
Sånn kan det gå

Sånn går no dagane
Ta vare på øyeblikks.Ein veit aldri kva som skjer