Pasientplager

Ligg no her i senga og føler på korleis det er å vere pasient.
Har eg sikkert berre godt av.
Fått meg ein sm.stillande . så rusler å går

Med all denne med. så kjem mageproblema😉
Det er ikkje enkelt…
Og det vil eg ha sagt.Pisselunka dulphalac er ikkje godt…trur den hadde vore mykje bedre kald…
Einaste eg får av den drammen,er luft i magen 😙

Lurer på om eg kanskje skulle prøve å bevege meg litt😉
Hjelp nok det…men ikkje dagen…
Tru om eg vert eit bedre menneske etter dette

Vondt skal vondt fordrive

Ligg no her å venter på at smertene skal sleppe taket

Vasa no meg bort for å hente meg ekstra sm.stillande..
Kjære deg…du måtte ha ringt…du har jo eit stygt brudd…
Vi hadde komme…
No veit eg det…ringer i morra tidleg…
Greit med nokon som seier kor gale det er😉
Håper det gir seg litt så eg orker frukost…dvs ned i kantina…
Neste måltid er middag…eit måltid mindre i helgane…
Men natta har no vore så nokolunde….
Må finne det positive

Ha ein fin lørdag❤

Sjukehotell

Neste kapittel

Flytta på sykehotell.
Trur ikkje dei heilt veit kva dei skal gjere med meg eller overarmsbrota .
Skal på ct mandag visstnok.
Så idag er eg  flytta på hotellet.dvs..rett over gangen

Tomannsrom så kan risikere der flyttar nokon inn..
Akk o ve.

Får no trene med ein arm.utruleg kva ein klarer.
Kveldsmaten må hentast borti gangen..
Ellers er det no kantine i 2 etg.
Der er det frukost og middag

Snakk om service.😁
Bar maten på rommet til meg

Blomster har eg og fått idag

Og hatt besøk.
Eldstemann har handla meir klær til mamma og besøket hadde med seg lørdagsgodt og natronkaker😉
Berre velstand

Armen gjer sitt beste for å gjere livet litt surt…
Vanskelig type..
Godt med TV på rommet.
Funne meg lesestoff og håper det går så nokolunde…
Ser for meg ei fredeleg helg😙
Om armen er einig er eg usikker på

Drittdag..

Kanskje alle som jobbar i helsesektoren har godt av å ha ilt så ein skjønner korleis andre har det

I dag har det rett og slett vore ein drittdag…
Verka

i heile dag…og håper det gir seg snart..
Vert litt ilter av heile greia…
Men matlyst har eg og god mat får vi og😉
Pleiarane er kvite engler med stor tolmodigheit…

Eldstemann har kjøpt meg joggebukse og tøfler..
Nydeleg dag ute.
Hadde meg ein luftetur på altanen..
Men tutla meg innatt ganske fort…

Var ikkje nokon stas liksom…ikkje rette dagen.
Ny lege idag og skal vere til imorra iallefall..
Må nok smertelindre meg😊

Føler meg torsken og ubrukelig🤡
Funne ut at eg har det best i senga

Sørens liv

Pokkers greie dette å ikkje toler sterke sm.stillande

Skal ikkje operere men skal gro av seg sjølv.
Får tru på legane..Er visst fleire litt rufsete brot..

Ut idag er greit ,sa legen…
Gamla har nekta..
Så lenge eg ikkje har funne ut av kva eg toler og kan ete uten å spy å få hovudverk så niks…
Helsikes smerte med denne sjølvpåførde tyleskapen…
I morra eller fredag sikkert..då er det greit.
Alt er ei treningssak..
Går å klare seg med venstrearmen…
Her er det berre å ta på seg maska for godt humør😊

Fantastiske folk som jobba her i 7 etg.på
Førde sjukehus. Bedre kan ein ikkje då det

Fått blomst av veslesysta.
Jammen er eg heldig som vert godt ivaretatt.
Slett Inga sjølvfølgje

Overarmsbrudd

Det er så gale skulle vore på film
Stupte over oksygenslangen til faren min
Landa på golvet med eit salig brak
Men gjekk nok ikkje utover berre bak

Vart køyrd til lege og takk Tonje for da
Ros skal alle på Eiklund ha
Men smerter så gale som berre armen kan
Bar det på sykehus så fort som ambulanse  vann

I dag har eg stort sett kasta opp
Tablettane passer ikkje heilt til min kropp
Kvalm og uvel og dårleg til beins
Skuldra mi er nok like eins

Men søster Linda og resten dei passer godt på og er veldig grei
Har skifta tabletter så det vert nok ei råd
Til dess så ligg no gamla heilt iro
Ute er det no sommar..for seint for meg no

Kor e gale Lise

Latskapen min vil ingen ende ta..
Einaste eg orkar uten noko knussel  er å ete😎
Det kunne eg gjerne hatt mindre lyst til..
Har planlagd i timevis å gå tur..
Ser på Facebook at her har dei entra  både den eine og andre toppen…

No har regnet overtatt så no har eg ikkje lyst…
Kor er gale Lise…mitt litt sprekare og opplagte alterego?
Ikkje høyrt snurten av ho på lenge..
Mulig det er eit sunnhetstegn men syns det er vel tidleg med høstdepresjonar…

Har no vore nede med sjøen om ikkje anna..
Der var det magisk😙

Jaja…får prøve å motivere meg til ein tur på vegen…
På fjellet skal eg iallefall ikkje i denne bløyta.
Må berre slappe av litt til først😊

#humor#ironi

Hjelpe meg😊

Vanvittig kor det høljer ned
At vi aldri helt kan få vere i fred
Har vore ganske så flott idag
Men skulle ikkje få føle velbehag

Er vått i graset og knotten den bit
Har ikkje fått meg felle og det er eit helsikes slit
Er full i stikk ,så har stengt meg inne
Prøver lagre minner over på ein pinne

Skal ikkje vere enkelt og no letter  det opp
Tek vel berre litt pause for er nok ikkje stopp.

Har funne fram hekletøy og mi gode bok
Er nok til å aktivisere ein gammal krok

No håpar eg på litt godver i haust
Men føler at regnet det sit litt for laust.
Skulle nemlig ha slått plenen min
Uten å få varige skader på sinn😎

Hurra for frivilligheita😉

Vore på besøk hos pappa idag
Tilbake på sjukeheimen heldigvis.
Kols er ikkje det kjekkaste ein har.

Der var det eldrekafe i regi Helselaget
Steike for flotte kaker .
Nydelege bløtkaker.natronkake og eplekake…trur eg.
20 kr.pr person….billig..
Stort oppmøte var det og..
Kjempekos😙
Slike damer vil gamle Norge ha..

Vert varm om hjerterota.

Ser på TV.. .Er så gale..
Sykkelløp stoppa grunna ei bru som opnast.. .
Kjem innunder dårleg planlegging og dårleg reklame…Nesten litt molbutilstander😲akk o ve…
Kva gjer ein ikkje for å få publisitet..

 

At det går an…
Fekk no fram smilet mitt.
Dagens😍Gamla har ikkje gjordet ein skit idag.
Rusla meg ein tur etter vegen…
Ja har jo vasa rundt på sjukeheimen nokre timar og til dels vore til plage😙

No skal eg nyte kvelden i sofakroken..
God lørdsgskveld

carpe diem:-)

Sol idag❤
Rett og slett nydeleg.
Gått meg ein tur langs fjorden.
Pusta inn frisk luft og nytt fin natur

Lyngen er så vakker no.
Drukke kaffi med mamma på altanen hennar og er no havna på min eigen
Bok og kaffi.
God bok og syns eg☺

Gjeld å gripe øyeblikka

Terroren i Spania igår viste oss igjenn kor skjørt livet er.
Verden er skummel og vi har liten kontroll på det som skjer rundt oss.
Vi kan ikkje slutte å eksistere av den grunn.
Viktig at vi Grip dagen.
At vi tek vare på oss sjølv og dei rundt oss.
Skapar gode minner og fine øyeblikk.
Treng ikkje koste ei krone..
Vi er alle verd noko.
Skal ikkje alltid så mykje til..