Gull og Jantelova

Til ståande applaus og med tårer på kinnet.

Heile  det sportsinteriserte Norge jubla og det med rette.
For ein prestasjon😚

Det skal vi ha.Vi er i det humøret når Norge tek medaljer. Eller vi…
Vi får plutseleg ein del i æra..
Vi tok medalje…høyres flott ut..

Er denne gleden på vegne av andre sin prestasjon slik i andre høve..
Er den nok ikkje
Når nokon ellers gjer det bra t.di jobb eller i næringslivet er vi ikkje så på…

Det er vel då den berømte jantelov slår til..
Kva trur no ho at ho er..
Det kunne eg gjort like bra.. .
Kanskje det er her eg og mange med med på skjerpe oss.
Glede oss over andre sin framgang.
Heie på dei som får til noko.

Sjølv om andre får rosande omtaler så meiner ein ikkje at vi andre ikkje og fortjener det.

Vi er vel ofte for hårsåre og litt småegoistiske når alt kjem til alt😊

Ligg mykje og hardt arbeid bak det å bygge opp ei bedrift.
Lykkast ein er det supert.

Vi må heie😙

Fortsatt god dag😆

Livet er ikkje alltid enkelt

Nydelig ver idag.Sit på altanen med bok og kaffi og funderer over livet

Ikkje alle har det like lett med seg sjølv.Mange ulike menneskesjebne.
Ofte legg vi ikkje merke til det

Korleis har naboen det i grunnen?
Går det bra?
Ser vi etter eller går på besøk visst vi lurer på om ting er greit eller er vi redd for å blande oss.

Veldig vanskelig dette.
Bak alle tragedier ligg det ei menneskesjebne
No les vi om bønder som ikkje har tatt vare på dyra sine

Dette seier meg at det er nokon som ikkje har det så bra.
At det har vorte for mykje og ein ikkje heilt skjønner kva som skjer
Ingen gjer dette med vilje…

Trist..
Er vi gode nok venner og naboar når slike ting skjer.
Både før og etter.
Ikkje minst etter tenkjer eg.
Det som var kan vi ikkje gjere noko med.

Eg er ikkje flink nok til å bry meg.
Syns det er vanskelig å blande meg opp i andre sine liv..
Korttid skal eg og er det ok.?

Er ikkje enkelt å tråkke inn i andre sitt privatliv.

Når er det ok?
Problema kan vere mange og ulike
Av og til får dei tragiske følger

Håper nokon ser meg visst eg vippar over.Kven veit

Pårøranderolla

Rollebyte.
Jobbar på sjukeheim og er godt vand med rollar som pleiar og sjå alt utifrå pleiaren sin ståstad.

Når eg no går over til rolla som pårørande på min eigen arbeidsplass, er det litt rart.
Godt eg har ferie så eg slepp rollebyte heile dagen🙄

Ser jo ingen og dei kjem jo aldri..
Kjende utsagn og ser jo det at ofte er det slik. Ein ser jo ingen og ein må vente.
No veit eg jo det at det er ikkje fordi dei gjøymer seg vekk, eller ikkje vil, men fordi pleiarane har alt for få hender.
Alt for mange som treng hjelp på same tid og ein må desverre vente.
Slik er kvardagen på sjukeheimane.
Ventetida følest mykje lenger enn den er ,og visst ein i tillegg ikkje heilt har dreisen på korleis ein trykkjer på alarmar, så veit jo ingen at ein vil ha hjelp.Sjølv ligg ein der og venter på nokon som ein trur ein har tilkalla.
Ikkje enkelt.Og ein vert jo utrygg. Kjenner og at det ikkje er så greit å vere pårørande alltid ,når samvittigheita gneg.
Er liksom enklare når ein reiser på sjukeheim fordi ein syns det er greit og ikkje fordi ein må.
Veit at ein har det godt på sjukeheimen
Alle gjer sitt beste og får ofte ufortjent kjeft😉
Sånn er det berre og er vant med det som pleiar. Hender nok at eg fortjener litt tilsnakk. Skjer at tolmodigheita vert satt på prøve.
Så får eg berre håpe eg klarer skilje rollene og ikkje vert ei surmaga datter som er til pest og plage.(godt mulig)

Snart nådd ein bra alder sjølv
Den dagen kjem at eg surrar formykje og ikkje veit mitt eige beste ,eller vert for stor belastning,då får eg håpe ungane mine kan plassere meg på sjukeheim uten det snev av dårleg samvit

Men ein ting skal dei vite…
Eg vil ha besøk.og ikkje berre til jul❤

Livets gang

Har krølla meg godt opp i sofaen
Ute er det høst og regnet høljer ned

Prinsen er på nok ei ferie veke hos besta❤kos syns eg og håper han held ut😶

Har vore på besøk til oldefaren.
Han er på sjukeheimen.
Nett kommen der og syns vel igrunnen ikkje det er så stas..
Er ikkje så enkelt dette å verte så dårleg at ein ikkje kan vere heime heile tida…
Vanskelig for alle men livet er ikkje alltid slik ein kunne tenkt seg.
Må berre prøve å gjere det beste utav det.
Slik er det for mange.
Nokon er spreke til dei er 100.
Men langt frå alle.

Ein veit ikkje kva som venter bak neste dør .Gjeld å gripe dagen og ta vare på kvarandre mens ein kan😊

Gi ein blomst mens ein fortsatt kan nyte den.
Ikkje ta sorgene på forskudd for dei berre slit oss ut.

Livet kan av og til verke urettferdig.
Men er lite ein kan gjere anna enn å prøve ta vare på seg sjølv så godt ein kan.
Ja altså gjerne dei rundt oss og😀

For ein flott dugnadsgjeng❤❤

I natt har gamla sove ❤
Skifjordagen vart super.
Ikkje farleg å vere med når ein har den flotte dugnadsgjengen med seg.
Vert reint varm om hjarterøtene💓

Og det veret då.
Sommar sol og varme

Flyet kom det og i følge prinsessa på 6 år var det fantastisk oppi lufta altså😁
Besta hadde aldri tort.
Mest imponerte no denne båten til desse unge gutane❤
Rett og slett fantastisk.
Kjent å sjå kreativiteten blomstre

Traktoane var på plass🙄Og brannbilen:-)

Lapper og kaffiteltet😶
Var her eg held til
Hadde ei enkel oppgåve..
Fylle kaffikopper…må seiast at eg av og til datt ut..
Då fekk eg ein forsiktig dult av Turid🙄så kobla hjernen seg påatt ei stund iallefal l.Litt dårlege signal av og til.

Hadde megalykke med veret.
Starta regne då vi held på å rigge ned

Fantastisk med folk og eg trur dei kosa seg.Såg slik ut igrunnen.

Teltet.før innrykket😊
Tusen takk til alle som kom.
Gjorde dagen til ein flott opplevelse verd ei natt uten søvn.

Dugnad er supert og går som smurt når alle gjer det dei skal og i tillegg bakker opp kvarandre ved behov😁
Stolt av dugnadsgjengen.❤

Rakk akkuratt heim å dusje før ein super åpningskveld på Skifjorden bryggeri.
Kjekt😐
Må innrømme at eg kobla ut avogtil der og..ikkje så nøye.
Ikkje kvar dag det slik begivenheit i bygda..

Best å ta bilde før folket gjorde sitt inntog:-)

Mareritt om Skifjordagen😣

Klokka er 6 og eg har ikkje sove
Alt for mykje som svirrar rundt i mitt hove
Vert veret bra? og kjem det folk for å smake
all gode maten som vi i dag skal lage?
Vi står tidleg opp for er mykje å gjere
På kaia det skjer og det er der vi skal vere

Der serverer vi Haldis sin nydelege graut
Grilla karbonade med heimelaga potetsalat
Ja sånn vanleg råkost har vi og såklart
Og Nikki steiker vårrullar.
Så gode har de knapt nok smakt

Lapper og kaffi vert det og å få kjøpt
Sjørøverane kjem etter det eg har hørt
Her går det både med kort og kontant
Vippsen den roter og vi vil ikkje gjere nokon til fant
Visst nokon har lyst å kaste hestesko
Grip fat i Dag Ove for på det er han god
Om flyyet går er vi usikker på
Men vi såg att det med kaia låg

Kom gjerne ned på kaia til oss.
Vi har sol der nede ,som skal skine på oss
Visst ikkje så er det telt så vi kan sitte tørt å ete
Ellers så toler vi no jammen lite grann vete
Det vert salg av Fred sine fine produkter
Så er buksa for vid så kjøp deg  mat og eit nytt belte

Så får gamla stille der uten søvn
Men auga på stilk og i fjeset lys grønn
Det vert nok kos og vi får det kjekt
Det er berre denne søvnen som går så trekt
n

Så klokka 12 er det berre å komme på kaia
Kan parkere ved skulen så slepp ein  kø og greia
Litt trim er bra og på vegen er bryggeriet
Vandrerute med innlagde pause er inga flause
Er du dårleg til beins kan du køyre heilt ned.
Kanskje ikkje
nok å berre ha litt ilt i ett kne

Velkommen til oss og kom gjerne svolten

på kaia
Vi står alle klar og på dåke heia❤

Velkommen til Skifjordagen på Bjørnestadkaia

Velkommen på Skifjordagen❤

I morgon er det den årlege skifjordagen og åpning av bryggeriet😊
Snart klar for innspurten med forbereding.
Trur vi har mat nok til heile kommunen så berre å komme.😀

Rømmegraut.Lappar Grilla hamburger og pølser.
Så er det vårrullar av Nikki.

Sjørøvarskute og fly.
Berre velstand.
Visst nokon kan ordne med sol så vert vi superglad.
Har nokon lyst å møte på kaia ikveld for å hjelpe til med rigging av telt og køyring av bord er vi evig taknemlig.

Fleire gjer at det går fortare:-)

Ser ut som vi får rikeleg hjelp av ;
Myggen😀
Alltid hjelpsom
Mulig ikkje veret er det beste, men folket er kjempetrivelige og vi lover mykje  latter ,div.utrykk og utalelser som ikkje egner seg på trykk😊

Kos med dugnad og saman er vi sterke.
Ingen er sterkaste enn det svakaste ledd 😶
Samhald er viktig for å få samfunnet og bygdene til å leve og blomstre

I morgon kl.12 er vi klar om det regnar og blæs
Vi står han av.

Hjarteleg velkommen💓💓

Kongelaget og nye sandaler

Benka meg ned for å sjå på kven som vinn landskyttarstemnet

Har vore i Førde idag og følt på stemninga..
Ja var det her i veka og.
Ikkje at eg har vire i Kråkenesmarka..
Alt for lang kø.
Men fått med meg folkelivet i Førde..

No har eg klart å kaste vekk mine høghæla sandaler..
Uten var det litt sånn bob bob så idag kjøpte eg nye.
Kjøpte likegodt to par for sikkerheitsskuld❤
Her har ting det med å forsvinne

Lever litt på storfot..😚syns føtene  vert større for kvart år

Ganske like men passa no.
Kjennes no bra ut😀
Så får eg prøve å la vere å rote dei vekk.
Dei som igrunnen ikkje er brukande dei misser eg aldri.
Merkelege greier❤

Skal ikkje vere enkelt

Våkna med dundrane hovudverk som  vistnok syns det var idiotisk med paracet.
Sto tilslutt opp..
Alle treng vi ein stakkars meg dag iblant.
Er nok berre stram musklatur.
Lediggang er rota til alt vondt seiast det.
Mulig det er torever i vente eller at eg er litt småforkjøla🙄
Har krølla meg opp i sofaen.
Ete god frukost og snart ei kanne kaffi😐
Er igrunnen kose meg inne ver.
Ein dag på sofaen gjer seg.

Har igrunnen planer om å rydde litt i noko av alt eg samler på..
Dårleg på kasting men ser det an til at eg i det minste bør få litt orden i rotet..
Er når eg har kasta ting nokon får bruk for det😐
Har vorte mykje flinkare.Det skal eg ha..
Nesten så eg gruar meg til å begynne..
Får vente litt til kroppen kjem igang..
Den kjem no i siget utpå dagen 😑
Ting tek tid.
Beundrer folk med ordenssans og system på alt.
På jobb har eg det og men heime….
Akk o ve…jaja..
Vi er alle ulike og er no eg som må leve med og i det ☺

Våt og grå dag men trur eg må starte med litt frisk luft.
Løyse litt opp i musklaturen..
Og idag er regnklær rett antrekk❤

Ha ein fin onsdag

Frisøren har fjelga meg litt❤

Vore hos Laila og fått litt orden på hårtustane.
På høg tid…såg ikkje ut🙄
Tok likegodt augebryna og for dei voks villt
Av og til så tenkjer eg at…hjelpe meg.
Eg kan jo i det minste gjere det beste utav det.

Vart ikkje så verst🙄
Under kan sjølv ikkje Laila utrette🤗

Men ho gjorde no det beste ho vann

Vel heime fann eg ut at kroppen og trengde eit løft og nok hadde godt av litt trim

Vakkert

No har det regna litt kan ein sei
Treng nesten symjeknappen enkelte plassa

Syns skyene verka veldig truande så tok på meg regntøy før eg labba avstad..
Snakk om å bomme med antrekket.
Sola skein og hett var det…
Svett og forkava tok eg regnjakka rundt livet..

Litt usikker på om det var den flotte frisyren eller svettelukta som gjorde susen ,men plutseleg vart eg veldig tiltrekkande.
Kretsa rundt meg på alle kantar klare til å syge seg fast i huda mi…
Vel føler eg meg ikkje så veldig populær sånn til vanleg..
Men dette vart vel mykje for meg og…
Fekk på meg att jakka til eg berga meg ut or faresona😶
Kleggen kan kaste seg over nokon andre😶
Kom meg no heim og fekk kledd meg etter veret🙄
Vind men flott ute..

Landa på altanen med ny bok
Må halde fast, for er litt luftig i vinden
Men ikkje så farleg…sola skin❤

#frisør#tur#foto#humor#ironi