Høststorm og regn

I grunnen er det litt fasinerande å sitte inne og sjå på kor naturkreftene rusker i naturen
Roa seg litt mot i natt men ruskut å leggja utpå 😁
Litt meir skremmande om natta når mørket hindrar meg i å sjå kva som skjer..

Lite søvn i natt men det er armen sin feil og ikkje vinden…
Skikkeleg innever😙
Kose meg inne med levande lys og rikeleg ved i tilfelle lyset går…
For dette er nok berre starten på nokre heftige  haustdager

Til å med vore heldig å fått blomster😙

God laurdag

Søren klype og resten av gjengen😎

No ligg eg her som ei gammal madrone
Klarer ikkje tjene ei einaste krone
Skuldra den kjennes som bruddet har gått opp
Ikkje så enkelt og eg gir nesten opp

Ikkje veit eg kvifor det gradvis vert verre
Einaste eg kan sei at sånn er det desverre

Hadde håpa det gjekk fram og ikkje tilbake
Hadde håpa på søvn og ikkje måtte vake
Får tru det går over men kjennes ikkje slik ut
På røntgen om ei veke  den tid den sut..

Jeg klager og syt og banner og svær
Det hjelpe ikkje ein døyt og eg vert til besvær
Men eg får no gørra ut og tenkjer kun på
Ramla ikkje på trynet når de skal ut å gå😙

Slutt på septembersommaren

Ligg strekk ut på sofaen..
Godt sliten
Vinden rusker godt men er fortsatt flott og mildt

Vore på sjukeheimen..
Besøkt pappa og arbeidsplassen
Litt greit å vere innom av og til..
Hatt meg ein luftetur og i godværet..
Ikkje så bra meldinger framover…

Kjenner at eg ikkje har all verdens overskudd..
Armen er ikkje heilt god i likhet med resten av kjerringa.

No har eg lagt meg på sofaen..
Her har eg tenkt å bli resten av kvelden😙
Ha ein strålande fredagskveld

Sommerfølelse

Fantastisk med sommer i september
Tatt med meg kaffi og lesestoff ut i den lune kroken
Bles godt rundt hushjørnet men kleda er tørre…😙

Putta i meg litt ekstra dop…
Er litt bedre og   nyt  sol etter å vore inne før idag
Fekk kort men kjekt besøk av arbeidskollega😚
Har det slett ikkje verst

Må gripe dei gode øyeblikks og…
Ikkje berre klage😉

Pokker skulder🤓

Har regna litt og skuldra verke
Slik ein dag når alt går på tverke
Føler meg nesten tilbake til start
Då alt var galt og ingenting var fast

Håper det kun er ein overgang
At eg sida er bra nok til å ta meg ein sang
Men kjennes nesten litt skummelt ut
Så håper det ender bra til slutt

Har no ringt å sjekka opp timen min
Eg var nok gløymt og vekke frå sjel og sinn
Men mannen han ville gjerne hjelpe meg
Skal opp den 6 så det ordnar seg
Her må ein faktisk passe på litt sjølv.
Ikkje alt som kjem rekande på ei fjøl

Håper at det er bedre enn det kjennes ut
At skaden ender bra til slutt
Håper eg kun har lagt litt feil i natt
For no får eg verkeleg snart fnatt
😉

Kvardagslivets utfordringar

Har ikkje tørketrommel..
Derfor syns eg det er godt å tørke sengklær og handdukar ute på klesnora…

Litt høg den snora mi…
Det var søren meg ikkje lett å få dei opp å få kleklyper på med venstre…
Iallefall ikkje for meg som er veldig høgrehendt….trener

Vert meir og meir imponert av alle som klarer tilsynelatande alt med ei hand uten problem…
Søren ikkje enkelt

I dag har eg og armen funne ut at vi skal halde oss heilt iro..
Kjennes ut som det langt frå er grodd..
Best å ta ein tvdag😉
 

Ikkje noko pent opphengt men…
Vert no tørt og eg klapper meg sjølv på skuldra…
Gjeld å møte utfordringane😂

Gammalt kadaver

Eg ligg no her som eit gammalt kadaver
Føler meg litt som ein utsikten traver
I kveld er det overarmen som ikkje er god
Trur den gir beskjed om å ta det med ro.

I grunnen så vert eg både trist og lei
Men ikkje hjelp i å sutre
Håper det snart går riktig veg
Prøver ha humøret og gjere det som trengst
Helst vil eg berre ligge heile dagen min til sengs.

Sånn går no dagane men veret det er pent
Har klesvask i maskina men no er det for seint
Å spørre nokon pent om dei kan henge dei litt ut
For no er det heilt mørkt og ein trenge lommelykt.

Har festa på meg fatle
Trur jammen at det trengst
Visst ikkje eg no skal ligge fleire dager sånn til sengs

Litt nyheiter så farmen og kanskje litt meir krim
Så eg får andre tankar både i hovud og i sinn
Skjønt nyheitene kan irritere og sjokkere meir enn godt av her eg ligg
Og krangling på Farmen er heller ikkje digg…

Gammalt kadaver

Eg ligg no her som eit gammalt kadaver
Føler meg litt som ein utsleten traver
I kveld er det overarmen som ikkje er god
Trur den gir beskjed om å ta det med ro.

I grunnen så vert eg både trist og lei
Men ikkje hjelp i å sutre
Håper det snart går riktig veg
Prøver ha humøret og gjere det som trengst
Helst vil eg berre ligge heile dagen min til sengs.

Sånn går no dagane men veret det er pent
Har klesvask i maskina men no er det for seint
Å spørre nokon pent om dei kan henge dei litt ut
For no er det heilt mørkt og ein trenge lommelykt.

Har festa på meg fatle
Trur jammen at det trengst
Visst ikkje eg no skal ligge fleire dager sånn til sengs

Litt nyheiter så farmen og kanskje litt meir krim
Så eg får andre tankar både i hovud og i sinn
Skjønt nyheitene kan irritere og sjokkere meir enn godt av her eg ligg
Og krangling på Farmen er heller ikkje digg…

Musklar i kriseberedskap

Ein ting er i allefall sikkert
Musklene mine i armen dei er der…i dvale og det kjennes det ut som dei hadde tenkt å vere ei stund…
Dei har satt i gang omtrent all kriseberedskapen dei har…
Lager eit helsikes spetakkel og gjer alt dei kan for at eg skal ha det felast mulig….
Og det er ikkje hjelp i med dop…
Einaste gode med desse smertene er at dei tek vekk fokuset på bruddet😂

Sovna no til slutt på morgenkvisten og sov eit par timar…
Trur eg skal prøve å ikkje trene idag…

Men musklene må jo arkiverast att.
Sikkert normalt at det er ilt men alt med måte.. ..
Eg er ikkje heilt slik eg skal ellers så  er vel slik her og..
Men er nok meir vanleg med smerter etter slike brudd enn vi trur..
Stor forskjell på teori og praksis som regel.. .

Venter på at eg skal få ny innkalling til sjekk…
Normalt etter 6 veker og det er mandag…
Sikkert havna i drit i bunken😊
Skal gi dei nokre dager til…

Får stelle pent med armen idag..er jo ingen ungdom lenger😙

Får håpe den gror så nokolunde ihop
Såg ikkje så veldig fint ut syns eg…

Kan no gjere litt meir enn med det same og det går på fram…men seint..
I det minste flott ver ute…
Nyte det no før regnet når oss😉

Går seg nok til

Ha ein strålande dag😊

Pokker ta…

Skuldra og overarmen er spinn idiot og kjenner eg er på veg til å verte det same…
Muleg det er trening den ikkje liker…
Har isa ned sulamitten…Litt bedre mens kulden var på men no er det likedan…måtte slutte for å unngå frostskade😉
Jaja….går seg vel til…
No trur eg den skal få ta det med ro…

Rusla meg ein tur på utsikten idag..
No er skyene tilbake på himmelen og det rusker godt i vinden…
Gamla får rulle seg inn i pleddet og slappe av

Ikkje grodd og lurer på korleis det gror…
No skal skuldra få roe ned å få fred

Trur eg må ta litt ekstra sm.stillande
Skal ikkje vere enkelt 

men vondt skal vondt fordrive