Kasta fatle

Nesten iallefall
No er oppatttreninga starta såvidt..
Ikkje rare greiene eg klarer…
Fysioterapeut er tingen.
Greit å få enkle øvelse ein kan gjere i trygg forvissning om at det einaste som skjer er at musklene verker…
Kjennes ut som eg har satt i gang alle krisesenter

Men går seg vel til…håper eg

Tok med meg armen på ein spasertur igår..
Nett som med små ungar…må berast sånn innimellom…det tek litt tid…men ein kjem fram..😁
Var iallefall supert for resten av meg i gårsdagens sommervær .
Dopa meg litt ekstra og sove til 06
Gjorde godt for kroppen men no er armen heilt idiot…
Mulig det er at eg beveger den meir…får håpe det er eit bra tegn…
Kjennes liksom ikkje så bra no🤡

Skyer ute..
Håper på ein flott dag idag og…
Skal nok gjere øvelsene mine…
Men…..ikkje dei første timane…

Håper å kunne nyte kaffi i sommertemperatur i dag og..
Nydelige september

Er ikkje synsk

Fekk du Firda 23 oktober?
Kjære meldingstjeneste..
Hos meg er det fortsatt september…
Om eg fekk den i fjor i oktober det huksar eg ikkje…
Om eg får den er oktober…det gjenstår å sjå…
Men takk for omtanken..
Er oftast i veka dei hopper over meg med Firda…

Har lese den idag😉
Med kaffi attåt i sommertemp.

Morgonsukk og soloppgang

Nydelig ute når sola står opp
Fantastisk fint for sjel og kropp
Det er fordelen med å vere tidleg oppe
Sjølv om eg helst hadde sloppe

Men har sine fordeler sjølv om eg er trøtt
Gleder meg til at eg kan sove søtt
For eg må innrømme at eg vert drita lei
Og ikkje er eg heller særlig grei 

I grunnen er eg altfor lei
Eg trøste et og vert tjukk og brei
Men sånn er livet om eg vil eller ei
Hadde helst sett at månadane gjekk i ein fei

Mangel på søvn tek på psyken min
I lag med smertene vert eg litt svart i sinn
Depresjoner har eg om høsten frå før
Men solskinn er med å jage tankane på dør😙

Ha ein nydelig dag

Tanker i natta

Når armen ikkje vil  spele på lag med meg så får ein berre gjere det beste av det..
Er liksom begrensa kor lenge ein kan ligge å vri seg..
Så gamla har benka seg i stolen framfor TV.. ..heldigvis er der program om natta og…
Sove får eg gjere når armen vil..

Fysio idag…litt greit å få litt fornuftige køyrereglar..

Får god tid til å tenke når ein sit slik i natta..
Både på godt og vondt..
Er kommen i ein alder der eg har eit langt liv bak meg ..
Mange erfaringar…Nokre kunne eg sikkert med fordel vore uten men det har gjordt meg til den eg er idag
Ikkje hjelp i å dvele forlenge med det negative men gripe fatt i det positive😉

Akk kjære arm

Kven skulle tru at b menneske meg frivillig tørner ut før fem

Skjønt frivillig er drygt…
Når smertestillende ikkje hjelper er det berre å komme seg på beina

Nyhetskanalen har for seg kampen mellom Nord Korea  og USA.. .
Skumle saker og dei sparer ikkje på uttalelsen dei to sjefane der..

I det heile er det ei betent verd vi lever i

Godt å ha TV å glo på om ikkje anna..

Ute er det mørkt og stille.
Håper verken roar seg litt så eg får litt meir søvn..
Men får ta det som det er..
Lite eg kan gjere uansett.

Ynskjer alle ein flott dag😗

Med hovudet under armen og armen i bind

Fekk koseleg føremiddagsbesøk idag😊
Skal ikkje meir til før å få humøret opp eit hakk
Og det nydelige veret då
Fantastisk
Tok med meg armen ut på tur…
Og han er ikkje enkel

Nydelig nede med sjøen.
Vakkert rett og slett

Stor flo…smerter eller ei
Gjer godt med frisk luft

Fann ikkje heilt roa med boka…armen fann ikkje stillinga så bar han med meg  på tur

Hadde meg ein tur på utsikten…
Kor lurt all den bevegelsen var for armen veit eg ikkje…
No er den iallefall puss sur…
Jaja…gjordt er gjordt og resten av meg hadde godt av det…
No har eg slengt meg ned i stolen sånn delvis liggande…
Mangel på piloter…
Nord Korea og USA
Vm i Bergen er jo ein fryd å sjå på..det er nyheiter på TV.. .
No venter eg på skal vi danse..
Litt må ein jo drive med om dagane😂

Mormora mi hadde hatt bursdag idag❤
Tid for litt ettertanke.
Ha ein fin lørdagskveld😚

F…..heller

Trur eg vert sprø og det som verre er
Av all den verken som herjer her
Trur ikkje heilt at alt var så bra
Av det som legen på torsdag sa

Der slenge eg rundt på armen min
Skulle berre fortsette og slenge den i sving
Uten fatle skulle alt gå bra
Jau takk det skal du f..meg ha

Verker gjer eg som aldri før
I tillegg så er det noko som på ryggen klør
No trur eg at eg roar armen ned
Skal få vere nokre dagar heilt i fred
Bedre å lytte til fysioterapeuten min
Kanskje eg så slepp gå heilt i soinn

På tvers av kommunegrensene

No kjenner eg at eg vert varm rundt hjarterøtene og stolt av politikarar og administrasjon i Hyllestad kommune😙
Det er ikkje enkelt å bu i utkanten og vi har i haust hatt ein barnefamilie som flytta.
Glad det no er åpna opp for kryssing av kommunegrensene og håpar nabokommunene gjer det same…
Vil ikkje gjelde mange men gir håp om at fleire vil busette seg i grenseland😙

No vært eg stolt av å bu i kommunen😉
Med eit bilde frå Lammetun i nabokommunen

Flott i bunkersane og godt vedlikehald..
Kjekt å besøke naboane og innimellom.
Her heier vi på folk med initiativ og pågangsmot🤓

Mygg og knottfestival😙

I fortet på Lammetun.
Allsang med Marit😆
Intimkonsert..vi var ikkje mange men det var kos.
Fekk myggspray til bekjempelse av knotten og gode puter og sitte på
No kan de angre de som ikkje kom😉

Kjekt at nokon lager ting noko utenom det vanlege..
Har hatt ein drittdag med smerte..
Så då både mor og sønn spurde om eg ville vere med så eg først nei…
Men så tenkte eg…
Kan ikkje verte verre …
Angrer ikkje..

Magisk

Nydelig på Lammetun og på fortet😙
Tusen takk for opplevelsen.
Kjem att eg altso

Nei og nei

Enkelte dagar kunne ein med fordel hoppa over.
Trur det vært for mykje bevegelse av det gode …for idag er det ikkje dagen for å sei det mildt….
Får håpe det vert bedre dag i morra…