Mot nye høgder😑

Veit eg har ete litt vel mykje knask i det siste
Lett for når ein går rundt sin eigen akse døgnet rundt
Svolten støtt med eit kraftig matinntak…
I gårkveld gjekk eg på vekta….
Måtte sjå opptil fleire ganger.
Kan vere kjekt å sette rekordar men ikkje slike…
Kjære vene..
Korleis eg har klart å ete på meg så mykje på kun ein månad….det er nesten umulig
Og eg var nok…
Jaja…
No må eg altså prøve å ta meg ihop før det er for seint
Slutt med alt det usunne snopet som eg stapper inn i haugevis..
Iallefall må eg prøve..
Ikkje rart eg ikkje har bukser som passer😎

Har ei vanvittig matlyst og slthunger fortida.
Skulle tru smertene tok knekken på den ,men den gang ei…

Har ein app eg får bruke
Skrive ned alt eg et..
Få det servert sånn mitt i trynet..

Påan igjenn🤓

Tett i pappen

Ikkje veit eg kva som skjedde men plutseleg er eg potte tett og renn frå auge og nase

Mulig eg er allergisk eller rett og slett vorte stappa forkjøla.
Gjekk litt tungt på trimturen istad så godt mulig.

Fått raspeballa hos supermammaen😉
Ute plaskregnar det og eg sit no her som eit gammalt kadaver og ser på nyheitene.
Noko skal ein no ha

Du skal få ein dag imorra….

Akk o ve

Krølla meg opp i sofaen
Trøtt som vanleg.
God morgon Norge på TV..

Jau..god og god
Pissever ute for å sei det pent.
Armen krangler og eg treng ein spasertur.
Har gode regnklær men grensa går ein plass..
Får sjå når det lir litt…

Treng frisk luft og bevegelse…
Er meldt torever så mulig eg berre burde hoppe i det😊
Vert nok ikkje bedre..

Ha ein flott dag

Supermamma❤

Verdens beste mamma…
Idag kjører ho si aldrende datter slik at eg fekk henta Larris og kom meg på mr. for eit kne..
Innover hadde vi no sjåfør..
Måtte jo ha med ein som fekk utsatt gokarten😉

..
Kjenner at eg er heldig som har snille folk rundt meg.
Her er ikkje kollektivtilbud og iallefall ikkje når ein har time 17..
Litt langt å gå..
Trur dei syns eg var litt småhissig og sær..
Sikkert heilt sant..

Men…stiller opp for meg gjer dei no uansett…

Gokart

Kommentaren kom jo på kjøpet til gamla

Er av dei nærmaste ein skal få det..
Jau då..
Dei mente bilen var meir enn grei nok til meg…
Er jo åleine og kjøyrer jo lite.
Ladda best i liten fart og det hadde jo eg…
Mens dei drog på smilet…
Råd kan jo alle gi når kjøpet alt er gjord
Godt å ha venner som køyrer gokarten heim…
Hadde nok med 500 meter eg…
Prøvde jo å gire ned…
Ikkje lurt når ein har kjøpt automatgir…
Skal ikkje vere enkelt…
No har eg ein bil formykje..
Og Pengesluket er lei seg. .

Trur du er galen

Alvorleg talt sa Pengesluket
Trudde du spøkte
So mykje du veit det…set ikkje den rotta attmed meg..

Kva du skal med desse greiene er meir enn eg forstår…

Larris er kommen heim..
Einig med Pengesluket..
Den er liten…og overgangen vert stor..
Har eg gjort noko dumt…

Lurt banken ned meg i elendigheita?
Er nok ein vane..
Går seg nok til…

Syns den var mindre idag enn då eg kjøpte den..
Ikkje bilen sin feil😊
Må nok venne meg til den…

Sjølvgjordt er ikkje alltid velgjordt

Vert drittlei av å gå på denne måten..
Spikkande galen.Gjer det jo ikkje bedre at pokkerskapet verker

I dag starta eg på prosjekt:
Rydde alt ut av kjøkkenet.I håp om at eg endeleg snart får fiksa litt der..
No er ikkje dette berre enkelt med ei hand som kan og ei som prøver det ho ikkje skal..
Litt har eg no fått or skapa..
Heldigvis bossdag imorra. For sjekka datoar sånn undervegs..
Jaja…
Noko var vel gammalt.

Så når det I grunnen vart vel mykje for høgre.fann gamla  på  å rusle på tur.

Vakkert ute.Flott temperatur og balsam for sjela og resten av kroppen.

Rett og slett det lureste eg kunne finne på..
Men der stoppa vetet.

Var så glup at eg kom på eg ville ta meg eit bad.
Riktig slappe av..i badekaret altså
Supert det ,heilt til eg skulle oppatt.
Einaste kanten eg kan ta i er på høgre.. .
Gamla klarer til slutt å snu seg og komme opp…
Idioti..
Dusj heretter😊
Men vart no rein.
No får eg prøve få flokene ut or hesteragget

Ha ein fin kveld.

Søndagsmorning.

Catalonia kan mista retten til sjølvstyre…
Er vel for å markere at dei vil verte sjølvstendige…
Skjønner lite av det for å vere ærlig..

Cecilia vann boksekampen..
Supert det men i grunnen aldri forstått den sporten..
Slå laus på kvarandre…

Armen har verker som p..i heile natt så kjenner at agresjonsnivået mitt aukar…
Tviler det hjelper å banke rundt på noko

Slitsomt..
Men får no gjere det beste utav det..
Lite eg kan gjere..

Litt smågrått ute på morgenkvisten.
Skal snart ta på meg joggeskoa og rusle meg ein tur..
Kjenner det trengst♥

Ynskjer alle ein super søndag

Sang og dans og lørdagskveld❤

Skal noko til å få med seg alt
Skal vi danse og stjernekamp
Utruleg flinke aktører både her og der

Og i sofaen sit gamla..
Grem seg over aukande vekt og puttet i meg chips for harde livet..
Er det løye det går den vegen høna sparka..
Rett og slett småkvalm

Vore ein nydeleg varm og fin oktoberdag.
Når ein då får lov å tilbringe den med familien vert den jo magisk
Godt det er noko som kan få tankane vekk frå denne kaosarmen..

No har eg krølla meg godt til rette i sofaen..
Ute ruskar vinden.
Inne er det levande lys på bordet og TV som underhaldning.
Livet er ikkje så verst❤

Vi rydder og koser oss

I dag skal eg sei vi har nydeleg ver
Men det ruskar godt i busker og trer
Sola ho skin og vinden han bles
Men held vi ting fast går det utan pes

Må sjekke litt om ting er på plass
I tillegg får vi rydda og laga litt plass
Er rart med alt vi samlar på
Stuar ting vekk langt bort i ei krå

Litt kjekt å rydde når ein gjer det ilag
Gamle ting skaper minner og mangt kjem for ein dag
Ein samler på mykje ein aldri får brukt
Det meste er gammalt men noko er nytt

Og mange har lagra
litt her og litt der
Er ikkje mitt aldri hatt dette her
Gamle bøker frå skulen og ein sko frå 69
Kor den andre tok vegen …blei att på den tid

No har besta og frøkna tatt seg 50 minutt
TV og lørdag  til snopet tek slutt
For besta har krukke med karameller i
Et nok så mange at tennene får svi

Men litt kos må vi ha før vi går litt meir ut
Kan ikkje berre vere stress og sut
Heldig  som er bestemor .Det beste som er
Kjenner hjarte bankar heilt i fingre og tær