Har det roa seg?

God lørdag😁

Sola skin.Tru det eller ei.
Er gjennom eit tjukt skylag då.
Men den gjer sitt beste for å gjere opp for uværet

Regner og bles..
Mykje ver.

Her ligg eit kadaver og i sofaen sit  eit..
Ikkje utever.
Håper det kan lette litt så eg får ein tur i frisk luft..det trur eg hadde hjelpt..
Men kanskje eg får prøve å støvsuge litt med venstre..
Høgre trur eg treng litt ro😊

Gleder meg til meir normale tilstander.

Fredag den 13

Fått sprøyta med Aleea på auget mitt idag.
Fekk bekreftelse på allergi og fekk sagt at sist vedkommande ga sprøyte så var det vondt…

Så gamla fekk godt med bedøvelse..
Sprøyta gjekk greit..

Men så kom den vanlege etterskyllen..utført av legen..

Det svei noko som var noko og auka på…så eg sa..
Det var då voldsomt som det svei idag…
Obs….du tolde ikkje jod nei..
Var rask med å etterskylle men eg svir endå eg…
Lurer på om nokon har kasta forbannelse over meg..
Syns det tek litt av
Men er jo fredag den 13…
Skal prøve halde med roleg resten av kvelden…

#ruskever og skulderverk

Rett og slett ufyselig ute…
Berre å halde seg innandørs.
Klesstativet mitt ute som har halde stand i 30 år kollapsa..

Skuldra og armen min held på å gjere meg helsprø.
Verker døgnet rundt..
Beinsmerter og muskelsmerter…visstnok normalt men ikkje mindre smertefullt og Paracet hjelper lite..
Då er det greit å vere for seg sjølv…

Kvardagen har gjordt sitt inntog..

Den siste veka har vore både trist og god..
No er familien reist kvar til sitt.
Livet går vidare men minna har vi med oss.

God fredagskveld

Adjø pappa❤

No kom dagen eg følgde pappa til grava
Fullsatt kyrkje og ei minnerik minnestund heilt i di ånd

Sjølv om du har vore dårleg ei stund og eg sånn sett var forberedt er ein det allikevel ikkje
Du vart 80
Ingen alder i dagens samfunn men kolsen spurde ikkje om det.
Var godt å vere samla etter gravferd  og minnast ilag med slekt og venner
Og det var mange.
Kjem til å sakne den nesten daglege kontakta.
Telefonen der du lurte på kor det gjekk..
Har vore heldig å hatt deg i livet mitt lenge
Du var kun 22 då eg kom inn i livet ditt.
Saknet kjem nok endå meir når kvardagen no trår inn.
Men slik er livet.

Glad i deg pappa❤
Kvil i fred

Nattevåk og tankeståk

Livet det inneber både godt og vondt
Har mange faser.
Ikkje alle er like gode

Mykje som skjer frå vi kjem til verda og til ein når ein voksen alder…

Kor tid vert vi gamle…
Kva er å verte gammal..
Til eldre ein sjølv blir til høgre er grensa for å verte gammal

Når nokon  som står oss nær er sjuk kjenner ein virkelig på kor skjørt livet er
Ein veit aldri kva morgondagen bringer.
Ikkje alt vi kan planlegge eller ha kontroll på.

Viktig å ta vare på kvarandre og vise følelsar

Ha ein fin søndag