Advent imorra😎

Uff får eg sei
Eg er ikkje klar
Har ikkje funne fram nokonting….

Jaja…
Får ta det imorra ..

Men har hatt meg ein spasertur

Aldeles nydeleg med solnedgang i klart og fint ver…
I den andre enden av himmelen lyste månen…

Gjorde godt…

Men…var den adventen…
Har kjøpt lys….men her må det ordna litt først…
Ikkje ikveld😊

Godt å komme heim <3

Litt mildere ut med kysten men bit godt rundt øyrene her og

Nett fått att følelsen i kjeften…Sparde ikkje på kruttet tannpleiaren idag…
Den bedøvelsen sat i

Kaldt i Førde…
Men klarer oss bra både eg og Larris
Godt eg hadde gjort unna det eg skulle før tannlegen..

Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko

Koselig på Olefine syns eg..
Gode kanelboller har dei og..

Vorte mykje for mykje sitting dei siste dagane..
Litt godt å komme heim til den faste runden😉

Gammal og sær vorten

Rart med det ein er vand med:-)

No er det full krig

Nok er nok
Fly forbanne på desse som har flytta inn hos meg og berre er til plage
Betaler ikkje ei krone
Skremmer livet av meg og andre og gneg sundt ett og hitt

Så idag har eg bevæpna meg!!!

No er det slutt med ei felle her og ei der…
Tunge skyts er innkjøpt..
Gløymde berre baconost

Men våpen koster flesk…
Var svindyrt..
Ingen skal beskylde meg for å gå inn halvhjarta.. ..

Om det virker.. ..
Gjenstår å sjå

Batterifella er kommen på høgloftet
Og den elektriske museskremmaren i stikkontakten…oppe og nede

I tillegg har eg nokre vanlege…

Her skal det bli liv..
Eg skal iallefall gjere mitt

Brrrrrrrrr

Minus ni grad ute😉

Men er nydeleg ..
Stakkars Larris..
Heilt ihelfrosen

Håper han slepp meg inn..

Inne er det hett og godt.
Var fyr i ovnen og varmepumpa jobber på😙
Kjekt å verte dulla med

No må eg berre få i meg litt kaffi.
Så får eg prøve komme meg inn i bilen etterpå😉

Roboten Torvald

Dette er bøndenes nye hjelpar…
Kanskje
Var demonstrasjon av det som forhåpentlegvis kan verte framtidas sjølvstyre slåmaskin eller kva det skal vere..

Er nok lenge att spør du meg..
Men til å slå i ulent terreng måtte den nok vere super…
Spent på å sjå Torvald i drift eingang😚

Sjå vi puster☺

Er det ikkje smart når vi kan sjå vi puster?
Kjempesmart

Ingenting er som å vere i kulden med ei sprudlande jente

På veg heim frå bueskyting
Broren er på handball

Kjekt det fins mange typar aktivitetar og gåavstand..
Det hadde ikkje mine😙

Vi har fått klatrepark besta..
Der har ikkje du vore..
Ikkje ikveld…er for glatt og vi skal heim..

Trur kanskje det er for skummelt for deg besta…
Trur eg og..

Hadde meg ein rusletur mens eg venta eg…
Gjorde godt for hjernecella..
Kaldt i Sunnfjord😉
Gjorde underverker med frisk luft

71 grader nord og eit par omganger med strikk…
Best å ikkje overdrive

Gamla og senga😂

No har eg krope  godt under dyna
Masse puter..mjuk seng og farmen på TV.

Berre lekkert😙

Kjenner eg er sliten og kursstart 08.30

Forrett.

Middag ,men desserten sto eg over…
Stappa mett..ei grense sjølv for meg…
Var i grunnen altfor svolten og middag 20 er litt seint😎

Men er skikkeleg trøtt så kjem nok til å sove godt..
Ny dag med skjerpa sanser i morra

Livet er ikkje så verst😊

Kurs er tøff det altso

Laaang dag og eg er svolten.
Oppe 06…
Lunch 12 og middag 20..
Drukke kaffi til den store gullmedaljen..
Lang kursdag…
Ga oss litt før tida…18 er litt lenge.

Var bortom julehuset.. .mykje fint..
Eg kjøpte meg berre eit lite troll😉

Klarde ikkje gå i frå stakkaren.Attgløymd etter turistsesongen

Tok meg ein liten rusletur i nærområdet.
Tildels strødd men kom meg no heil innatt i hus..

Litt bale  med dusjen…
Vatnet renn feil veg…nett som på jobb.
No er det heldigvis dørstokk😉
Fekk no sopt mesteparten rette vegen

Glad det er bra med handdukar😉
Her er det forbedringspotensiale🤡

Har turnuskurs frå før ,men gjer seg med repetisjoner.. .
Berre at eg vart sliten.
Ny start i morra.
Til no har det vore paragraf 10 vi studerer😙
Har fått i meg både sjokolade og nøtter….
Ikkje bra dette her…
Men snart middag😙

Ut på tur

Fordelen eller bakdelen med å ta buss som er skulerute , er at det vert reine opplevelsen

Jaja..
Ventinga ved dei omtalte veglysa langs Jølstravatnet må ein no ta uansett.
Ganske flott langs vatnet i grunnen.
Fjell og vatn.Skjønnar turistane er begeistra.

Men så tok vi av…
På ein smal og isete veg der spora var tildels store..
Langt innover og oppover ein dal før det gjekk nedoveratt til hovedvegen.. .
Det var som eg kjende eg fekk ilt i magen og følte kvifor eg ikkje likar vinteren..
Sånn et det heime og når det frys på..
Endå så idag når det er kaldt…ingen opplevelse på isen når det mildvær.
All ære til bussjåføren 😚

Har benka meg i ein sofa på hotellet..
Lukter litt gammalt..
Satt på TV og funne meg kaffi..

Snart kurs..
Litt usikker kor på bygget men finn eg vel ut av..
Trur ikkje det startar før ti😉

Kanselert

Hjelpe meg ka snø, sa Larris..
Godt det ikkje er slik heime..

No hadde eg pilot opp dit..
Han skulle på tur så gamla og Larris tok  laus på eiga hand.. .
Eit stykke..
Flyet var kansellert.. .
Jaja så Larrisen og tutla  seg oppatt til Bringeland..
Ikkje store flyplassen

Tekniske problem..
Så vi plukka opp eine jr og kjørde til den andre…

Og steike…Middag
Raspeballer…

Steike gode og hipp hurra for svigerdatter..
Eg er mett….altfor mett…

No står eg og Larris over neste tur til flyplassen..

Vi har alt vore der to ganger😂
Reknar med at det går i rute.